Rektoratet vil ha alle med på Strategiveka ved UiO

– Alle tilsette og studentar som er opptatt av arbeidet med Strategi 2030, må delta under Strategiveka rett etter påske. Oppfordringa kjem frå rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo. Sistnemnde leier arbeidet med UiOs nye strategi.  

Foto: Ola Sæther

Frå 24. til og med den 26. april blir det ei eiga strategiveke på Universitetet i Oslo.

Då er alle studentar og tilsette inviterte til å diskutera korleis framtidas utdanningstilbod skal sjå ut. Men dei skal også få fram korleis dei meiner at eit forskingsintensivt breiddeuniversitet som Universitetet i Oslo skal sjå ut om ti år.

Dei tre dagane veka varer, skal det vera presentasjonar av alle innkomne innspel, og det skal vera arbeidsgrupper for strategi for både forsking, utdanning og kunnskap i bruk. Dessutan skal dei tre tankesmiene: Tunge trendar, UiO sett utanfrå og Kopla forsking og utdanning leggja fram dei ferdige rapportane sine. I tillegg vil det koma inn andre rapportar som rektoratet har tinga, eller som ulike miljø sjølve har tatt initiativ til å utforma, opplyser prorektor Gro Bjørnerud Mo til Uniforum.  

Viktige milestolpar for Strategi 2030:

  • 12. april frist for innspel. 
  • 24.april: Innspelmøte og påfylgjande verkstader  (24,25,26.april).
  • 31.mai 2019: Første utkast til strategi klart.
  • 18-19. juni 2019: Styre- og dekanseminar diskuterer første utkast til strategi.
  • 10-11.september 2019: Justert utkast blir diskutert i styret. 

  • 24.september - 15.oktober (3 veker) 2019: Høyring på fakultet og museum.

  • 3. desember 2019: Strategien skal vedtakast i universitetsstyret  (Kjelde: Universitetet i Oslo

– Hastar

Rektoratet minner igjen om at andre tilsette og studentar på Universitetet i Oslo også har høve til å koma med forslag til kva som bør vera med i den nye strategien til Universitetet i Oslo.

– No hastar det med å få inn første runde av innspel til Strategi 2030. For fredag 12. april er siste sjanse før det blir ein ny runde seinare i vår, seier rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo i eit fellesintervju med Uniforum.

– 35 og 40 innspel

Sistnemnde er nøgd med responsen på oppfordringa om å senda inn gode idear og tankar om det den nye strategien bør ha med.

– Til no har me fått inn mellom 35 og 40 innspel, utanom dei rapportane som me sjølve har tinga frå tankesmiene, og andre undersøkingar me har tinga, fortel ho.

Det største arrangementet etter påske går av stabelen den 24. april klokka 09.00 i auditorium 1 i Georg Sverdrups hus på Blindern. Då skal representantar for dei tre tankesmiene, Aud Tønnessen, Nils Henrik von der Fehr og Berit Karseth leggja fram kvar sin rapport. Prorektor Gro Bjørnerud Mo skal presentera alle dei andre innspela som har kome inn frå tilsette og studentar. Rektor Svein Stølen skal forklara kvifor det er naudsynt med ein ny strategi.

– Alle er inviterte

– Kva skal de gjera for at så mange som mogleg stiller opp på dette møtet, rektor Svein Stølen?

– Alle tilsette og studentar på Universitetet i Oslo er inviterte på dette arrangementet, men også på alle dei andre tilskipingane denne veka, der det blir gruppearbeid både om framtidas utdanning og framtidas forsking. Dette er eit unikt høve til å bli kjent med folk på tvers av fag og fakultet, understrekar han.  

Set i gang eige studentprosjekt

Verken han eller Gro Bjørnerud Mo fryktar at arbeidet med strategien skal gå studentane hus forbi.

– Nei, Studentparlamentet har vore engasjerte og deltatt i dette arbeidet heile tida, og vil også vera med i panelet på innspelmøtet, peikar Bjørnerud Mo på.

Ho viser til at UiO også har sett i gang eigne prosjekt «Studentstemmer» for å kartleggja situasjonen til studentane på Universitetet i Oslo.

– Med inspirasjon frå Berkeley-universitetet i USA har me oppfordra alle fakulteta til å setja ned samtalegrupper mellom studentar på alle trinn og tilsette for å finna ut korleis studentane på alle nivå har det på Universitetet i Oslo. Me trur at me kan finna ut andre ting enn det me får i dei store landsomfattande undersøkingane, seier Gro Bjørnerud Mo.

Får informasjon på nettsidene til Strategi 2030

Dei som ikkje har tid til å gå på arrangementa, kan likevel oppdatera seg på all informasjon som har kome inn om Strategi 2030 så langt.

– Ja, alt grunnlagsmaterialet ligg tilgjengeleg for alle på nettsidene til Strategi 2030, fortel Bjørnerud Mo.

Svein Stølen meiner at alle som er glade i Universitetet i Oslo, må stilla opp.

– Folk vil treffa bra folk som i fellesskap kan tenkja saman om kva den nye strategien til denne flotte institusjonen bør ha med. Sidan dei vil treffa folk på tvers av fag, kan alle få nye perspektiv på tinga, trur han.

– Korleis har du vore nøgd med engasjementet for Strategi 2030 så langt?

– Eg synest det har vore bra. Det er viktig å ha med både fagforeiningar og studentar og tilsette på tvers av faga på MedNat og på HumSam, tykkjer han.

Panelsamtale mellom universitetsleiarar og studentleiar

På det første møtet den 24. april skal det også vera ein panelsamtale etter presentasjonen av rapportane frå tankesmiene og alle dei andre innspela som har kome inn.  Dei som skal delta i panelet,er dekan Sten Ludvigsen ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Elin Olaug Rosvold, som er studiedekan ved Det medisinske fakultetet, Sidsel Roalkvam, direktør for Senter for utvikling og miljø, HF-dekan Frode Helland, leiar for UiO: Energi, Vebjørn Bakken og leiar for Studentparlamentet, Susann A. Biseth-Michelsen.

Prorektor Gro Bjørnerud Mo presiserer at UiO har henta inspirasjon frå Berkeley-universitetet i USA når det gjeld arbeidet med Strategi 2030.

– Me har lova å laga ein kort strategi inspirert av Berkeley, der dei klarte å sy saman ein strategi der hovudpunkta utgjorde rundt seks sider.  

– Har de lært noko av arbeidet som blei gjort med Strategi 2020?

–Ja, der har me nettopp gått gjennom dei første rapportane me har fått frå einingane. I hovudtrekk viser dei at UiO har styrkt posisjonen sin som forskingsuniversitet i den perioden, medan det har kome ein del kortare når det gjeld utdanning, seier Gro Bjørnerud Mo. Ho tar også med at mange melder om ein god del utfordringar med å få til store, tverrfaglege samarbeid. 

Trur på tverrfagleg samarbeid

Det trur Svein Stølen er eit mindre problem i dag.

– No er det større vilje til å få i gang tverrfagleg samarbeid, men korleis gjer me det i den ordinære strukturen utan å laga eigne nye satsingar?, er eit av spørsmåla han stiller seg.  

Det første innspelmøtet er ferdig 24. april rundt klokka 11.00. Seinare på ettermiddagen vil det vera ein strategiverkstad om forsking og ein om utdanning. Dei som ikkje får med seg  strategiverkstaden om utdanning og forsking den første dagen, får ein ny sjanse  både dagen etter, den 25. april og den 26. april. Då blir det også eigne arrangement om kunnskap i bruk.

Etter at Strategiveka er over 26. april, vil det vera mogleg å koma med nye innspel til nettsidene til Strategi 2030 fram til 10. mai. Då skal alt materialet samlast inn før det blir ei første orientering til universitetsstyret. I juni skal også dekanane i dialog med styret koma med sitt syn på kva Strategi 2030 bør ha med.

Forslaget til Strategi 2030 vert sydd saman gjennom sommaren og sendt ut på høyring til alle einigane på UiO i løpet av september. Og om det går bra, vil tidsplanen halda.  – Me håpar å få Strategi 2030 vedtatt i desember, men om det drar litt ut og me kan få ein endå betre strategi, kan me gjera endeleg vedtak i byrjinga av 2020, seier Gro Bjørnerud Mo.

Les meir om Strategi 2030 i Uniforum: 

Einige om å at UiO kan ta grep for å få fram meir mangfald

Tøff kritikk av arbeidet med Strategi 2030 i UiO-styret

Bare seks personer har levert innspill til Strategi 2030

Kristin Braa: UiO kan læra av det globale sør

More collaboration and less competition

Studentar og forskarar vil ha berekraft og klima inn som tung trend

Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas

Les også nettsidene til Strategi 2030

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Undervisning, Utdanning Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2019 12:25 - Sist endra 12. apr. 2019 11:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere