UiO ber om 40 millionar til rehabilitering av Svein Rosselands hus

Det er naudsynt å bruka 80 millionar kroner for å rusta opp Svein Rosselands hus på Blindern.  UiO vil at Kunnskapsdepartementet dekkjer halvparten av summen.

80 MILLIONAR: Rehabilieringa av Svein Rosselands hus skal kosta 80 millionar kroner. No ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen og eigedomsdirektør John Skogen om at Kunnskapsdepartementet bidrar med halvparten av summen.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo vil ha Kunnskapsdepartementet med på eit spleiselag for å få fullfinansiert rehabiliteringa av Svein Rosselands hus på Nedre Blindern.  Teglsteinar har fleire gonger losna og falle ned, samtidig som  både vindauga og fasadane  er i dårleg stand. Det går fram av eit brev universitetsdirektør Arne Benjaminsen ved Universitetet i Oslo har sendt til Kunnskapsdepartementet. 

I dag er huset i bruk av Institutt for teoretisk astrofysikk, og det blei opphavleg bygd i 1934 med pengar som Universitetet i Oslo fekk i gåve frå Rockefeller Foundation i USA. I bygningen blir det forska på alt mogleg som skjer i verdsrommet, både i vårt solsystem og i solsystem fleire lysår borte.   

Svært nedslite

No er ein av dei eldste bygningane på Nedre Blindern i dårleg forfatning.  Ifylgje brevet er Svein Rosselands hus svært nedslite, har låg utnytting av arealet og er lagt dårleg til rette for dagens moderne undervisnings- og forskingsformer. Det er ein føresetnad for å nå dei faglege og internasjonale ambisjonane på eit fagområde som i stor grad brukar tunge datasystem (IKT) og andre digitale løysingar.

Tungreknemaskiner

Eigedomsdirektør John Skogen viser til at arbeidet med rehabilitering  av bygningen allereie er godt i gang.

– Me må ha heilt nye lokale for tungreknemaskiner. Dei kan ikkje vera for langt unna PC-ane, og derfor må me grava oss ned i bakken for å leggja kablar over til nabobygningen Helga Engs hus der tungreknemaskine vil vera plasserte i kjellaren der. Det er derfor eit todelt prosjekt med rehabilitering av Svein Rosselands hus og etablering av lokale i Helga Engs hus. Det har direkte samband med arbeidet med lokaliseringa av tungreknemaskinene, seier John Skogen til Uniforum. 

Søkjer frå pott på 161 millionar kroner

Universitetet  i Oslo søkjer på ein pott på 161 millionar kroner som Kunnskapsdepartementet allereie har øyremerkt til vedlikehald av bygningar både hos dei sjølvforvaltande universiteta og dei andre universiteta og høgskulane.

– Men 161 millionar kroner fordelte på vedlikehaldsbehovet til alle universiteta og høgskulane. Det er ein heller liten pott, universitetsdirektør Arne Benjaminsen?

– Me er veldig nøgde med at Iselin Nybø har laga ei eiga utlysing for dette. For me tar uansett imot det me får. Rehabiliteringa av Kristian Ottosens hus har kosta nærare 100 millionar og 15 millionar kroner, av dei pengane fekk me frå Kunnskapsdepartementet,  og me har fått mykje igjen for dei pengane, svarar han.  

Samla kostnader på 80 millionar

Arbeidet er allereie i gang og planen er at det skal utførast ei innvendig oppgradering som legg til rette for moderne undervisnings- og forskingsarbeid og gir ei effektivisering av arealet.  Fasadane skal også oppgraderast, og vindauga skal først takast ut og setjast i stand. Dessutan er planen også å gå over heile teglsteinfasaden og festa alle lause steinar. Delar av taket skal også leggjast om. 

Heile byggjeprosjektet vil kosta 80 millionar kroner og vil ha ei byggjetid på eitt år, står det i søknaden UiO sende til Kunnskapsdepartementet i god tid før fristen 1. april. Svaret på søknaden vil truleg vera klart i mai, opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen til Uniforum.

Svein Rosselands hus er på 2400 kvadratmeter og då det stod ferdig i 1934 var det for å husa Institutt for teoretisk astrofysikk. Instituttet er vertskap for eit senter for framifrå forsking, Rosseland Centre for Solar Physics. Dessutan har instituttet fått seks av dei totalt 53 ERC-tildelingane som UiO har fått.

 – Dette er forsking på høgt nivå som det skal satsast på, slik det går fram av langtidsmeldinga for forsking og høgare utdanning, understrekar Arne Benjaminsen.

John Skogen håpar og trur at pengane UiO har søkt om, vert lagde på bordet.

–Tidlegare år har me fått ei løyving på 40 millionar  til rehabilitering av Niels Treschows hus, 25 millionar til Nils Henrik Abels hus og altså 15 millionar til Kristian Ottosens hus.  I SFF-tildelingar er det også normalt sett av midlar til naudsynt vitskapleg utstyr. No har me allereie tømt Svein Rosselands hus, og dei tilsette sit no i dei lokala me leiger ved Ullevål stadion. 

Måtte ha ekstra plass til sentra for framifrå forsking

Målet var at bygningane på Øvre Blindern skulle rehabiliterast før arbeidet med bygningane på Nedre Blindern skulle ta til. 

– Grunnen til at arbeida på Nedre Blindern blei framskunda, var at alle sentra for framifrå forsking  ved Mat.Nat-fakultetet hadde behov for ekstra plass. Men når me er ferdige med dette, står Eilert Sundts hus igjen for tur. Den planen vil me gå vidare med, sjølv om også vedlikehaldet av Historisk Museum blei mykje meir omfattande enn det me hadde tenkt på førehand, seier John Skogen. 

Og i 2024 opnar Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen. 

– Då blir det ein ny flytteprosess på Nedre Blindern, for då skal dei som i dag arbeider i Kjemibygningen og Farmasibygningen dit, fortel John Skogen. 

• Les meir i Uniforum:

150 millionar ekstra til vedlikehald av Historisk Museum

SiO Helse returnerer til Blindern neste år

Millionoverskridelser på Sophus Bugge, stanser oppussing av Niels Treschow

 

 

Emneord: Bygninger, byggeprosjekter, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2019 13:57 - Sist endra 8. apr. 2019 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere