Den 11. mars markerte Universitetet i Oslo oppstarten av masterstudiet i etikk og leiarskap for leiarar i trus- og livsynssamfunn. Til stades var både kronprins Haakon, fleire biskopar, rektor Svein Stølen og teologidekan Aud Tønnessen. Tidlegare teologidekan Trygve Wyller var også der, og han tykkjer det har vore interessant å fylgja historia frå tanken om å oppretta eit studium for religiøse leiarar først blei sådd for elleve år sidan til eit breiare og meir ope masterstudium for leiarar for trus–og livssynssamfunn no er på plass.
Benestad-utvalet
Han peikar først på arbeidet som blei leidd av tidlegare prorektor Håkon Breien Benestad.
– Det starta med Benestad-utvalet frå 2007, som skulle greia ut det var mogleg å få til ei imam-utdanning ved UiO. Konklusjonen var at det var rimeleg at UiO gjorde det. Dette blei likevel ikkje gjort på den tida. Grunnen var usemje mellom ulike fagmiljø ved UiO. I tillegg var Islamsk råd skeptiske til at UiO som eit sekulært universitet skulle ha ei leiande rolle ved eit slikt studium, hugsar han. Trygve Wyller viser til at Det teologiske fakultetet heldt fram med å meina at det var viktig med islamstudiar som kunne vera relevante for ei imam-utdanning.
Venstre ynskte eit imamstudium
Det som begynte som ein diskusjon i akademia, tok brått ei politisk vending. Eit politisk parti kom på bana.
– Så var det då at partiet Venstre sjølv for eigen propell kom opp med eit forslag i 2010 om at det måtte vera ei akademisk forankra imamutdanning. Etter kvart såg dei på UiO som den staden der det kunne skje. På bakgrunn av det kom Venstre med eit forslag om å oppretta eit imamstudium på akademiske prinsipp, på same premiss som Det teologiske fakultetet, seier han og peikar på fylgjande prinsipp.
- Det skulle altså ikkje vera styrt av trussamfunna. TF gjorde det tidleg klart at me ikkje kunne tilby noka full imamutdanning, nettopp av alle desse grunnane, ikkje er me trussamfunn og me ville heller ikkje underleggja oss Islamsk Råd. Dermed var det lagt fram to forslag: Imamrelevant kulturemne på den eine sida og eit fullstendig akademisk imamstudium i Noreg på den andre sida, føreslått av Venstre, fortel den tidlegare teologidekanen.
No blei det så mykje debatt rundt det at også politikarar frå andre parti begynte å interessera seg for forslaget.
– Dermed blei eg som dekan for TF og prodekan Aud Tønnessen kalla inn til møte i Stortingets utdannings– og forskingskomité. Arbeidarpartiets Marianne Aasen, som leidde komiteen hadde nemleg kalla inn til høyring i denne saka. Der kom Venstres forslag opp. Då kunne me fortelja om korleis me kunne imøtekoma noko av dette. Det var ein positiv og vennleg samtale, minnest han.
– Fekk berre Venstres to stemmer
Høyringa førte til ein eigen stortingsdebatt om saka.
– Forslaget til Venstre blei stemt over i Stortinget, og det fekk berre Venstres to stemmer, og blei dermed nedstemt. Det var ei positiv stemning til forslaget, men det blei heilt korrekt understreka at det ikkje var Stortingets oppgåve å oppretta nye studium ved UiO, det måtte UiO gjera sjølv. Me hadde lagt inn i forslaget vårt ein øyremerkt pengesum for å kunna finansiera dette. Det blei også avvist i stortingsdebatten. Argumentet var at det burde gå over UiOs ordinære budsjett. Så Venstre blei nedstemt. Det skjedde rundt 2011/2012. Så døydde dette forslaget, seier Trygve Wyller til Uniforum.
Det skjedde likevel ting ved Det teologiske fakultetet. For i mellomtida utvikla fakultetet fleire enkeltemne. Men tanken om ei imamutdanning på TF og UiO blei lagt til side. Derimot blei det oppretta kurs for religiøse leiarar som enkeltemne.
– Då kom me i kontakt med Arbeids–og inkluderingsdepartementet. Neste etappe var at dette departementet og regjeringa avsette ein eigen post på statsbudsjettet til utdanning av religiøse leiarar. Det førte til at det blei oppretta årlege kurs på TF som ville gi deltakarane eit diplom. Sidan 2013 har det vore årlege løyvingar på ein bestemt sum frå den posten. Det var det me klarte å få til, opplyser Wyller.
TF skulle laga notat om utdanning av religiøse leiarar
Noverande teologidekan Aud Tønnessen peikar på at dette første kurset kunne starta opp i 2007.
– Hovudsaka er at det begynte allereie i 2007 som ei oppfylging av Stortingsmeldinga om Mangfold gjennom inkludering og deltakelse (2003-2004), fortel ho til Uniforum. Aud Tønnessen peikar på integreringsforliket frå 2015 som ein viktig milestolpe som gjorde at Stortinget vedtok fylgjande oppmoding:: «Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for en offisiell, norsk utdanning av religiøse ledere fra relevante trossamfunn etter mal fra måten dette gjøres ved norske utdanningsinstitusjoner.» Dette fekk også konsekvensar for Det teologiske fakultetet.
– TF blei av KD beden om å konkretisera korleis dette kunne fylgjast opp konkret og om å laga eit notat om «Offisiell, norsk utdanning av religiøse ledere». Dette danna bakgrunnen for Stortingets løyving i 2017 som er grunnlaget for den nye masteren i Leiarskap, etikk og samtalepraksis, seier Aud Tønnessen til Uniforum.
Venstre fekk gjennomslag
I 2018 hende det noko som gjorde at mykje kom i boks på ein gong.
– Så skjedde det ikkje noko før Jeløy-plattforma i 2018. Eit av punkta er å sikra religiøse leiarar naudsynt kunnskap om norske forhold. Sjølv om Venstre opphavleg ville ha ei imamutdanning, blei resultatet det som skjedde måndag 11. mars. Derfor har me framleis inga imamutdanning. Det som er oppretta no er ikkje ei imamutdanning, men ein erfaringsbasert master som vender seg breitt og som utdannar til leiarskap i trus–og livssynsfeltet. Hadde ikkje Venstre fremja det forslaget frå mange år tilbake, stått fast på dette og skove det fram over bordet i nattlege forhandlingar, ville det aldri skjedd, trur eg, seier Wyller.
– Det imamstudiet som Venstre opphavleg ville ha, enda til slutt opp som eit kurs i religiøs leiarskap, konstaterer han.
Når Trygve Wyller ser tilbake, får han auge på ei spennande historie om korleis eit studium blei til.
– Det er interessant at det tok mellom 10 og 12 år frå det kom som ein idé på UiO til det blei realisert politisk. Det skjedde fordi nokre sentrale folk i akademia på UiO stod fast på dette, medan Venstre fremja det, tapte, men hugsa på det igjen då dei kom til makta, og då blei resultatet dette kurset som både rektor og statsråden i talane sine utropar til eit viktig bidrag frå UiO til samfunnet. Det synest eg er morosamt. Eit slikt langvarig arbeid som me ikkje veit kvar vil enda opp, og på grunn av den pussige samanstillinga i regjeringa, skjer det altså.
– Lite kontroversielt
– Og når det blir starta eit masterkurs for leiarar både for trussamfunn og livssyn, er det ingen som protesterer?
– Nei, for meg verkar det som om det er svært lite kontroversielt. Derfor sat også kronprins Haakon der. Tenk at Framstegspartiet som for nokre år sidan absolutt ikkje kunne tenkja seg ei slik utdanning, no kan tenkja seg det. Det har altså endra seg frå å vera eit imamstudium til å bli eit ope, akademisk studium med innsikt i etikk og leiarskap. Det er eit forsøk på å bidra med kompetanse til integrering. Dette viser korleis politikk og akademia møter kvarandre.
Trygve Wyller har stor respekt for at Venstre-leiaren har vore så standhaftig og halde på forslaget, heilt fram til det kom opp i regjeringsforhandlingane.
– Trine Skei Grande har hatt det til tider tøft, men i denne saka skal ho ha all ære for at ho har fått det til, synest Trygve Wyller.
Gir honnør til teologar
Samtidig så gir han også honnør til arbeidet som teologane Oddbjørn Leirvik og Anne Hege Grung har gjort for å få på plass Samarbeidsrådet for trus–og livssynssamfunn.
– Der er alle religiøse grupper med, men også Humanetisk forbund. Det er også ein føresetnad for at det var mogleg å oppretta dette masterstudiet for leiarar i trus–og livsynssamfunn. Det hadde heller ikkje blitt noko av om ikkje partiet Venstre hadde vore der, understrekar han.
– Historia viser at at det norske samfunnet i dag er meir open for at dette skjer enn det det var for 15 år sidan. Det er ei forståing av at mangfald må takast vare på. Det er spesielt viktig etter det som skjedde på Utøya i 2011, er konklusjonen til Trygve Wyller.
Teologidekan Aud Tønnessen er så lang godt nøgd med responsen på studiet:
– Me opplever stor interesse for denne utdanninga frå blant andre helsesektoren, kriminalomsorgen og Forsvaret, seier ho. No viser oppteljinga frå TF at 29 personar har dette masterstudiet som førsteprioritet. Studiet har til saman ti plassar.
• Les meir i Uniforum:
UiO-rektor Svein Stølen opna master for leiarar i trus- og livssynssamfunn
Ser fram til ei utdanning av religiøse leiarar ved UiO
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere