Forskingskonsernet Norce overtar truleg nok eit UiO-selskap

Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress vert truleg selt frå UiO-selskapet UniRand AS til forskingselskapet Norce for 100 000 kroner. Det er klart etter vedtak i universitetsstyret.

FÅR GJENNOMSLAG: Direktør Inger Elise Birkeland og dei tilsette i Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress har fått gjennomslag for ynsket om å bli selt til forskingskonsernet Norce. No går også regjeringa inn for det. Universitetsstyret vedtok også å gi rektor og styreleiar for Unirand fullmakt til å sluttføra alle detaljar før salet er endeleg i boks. 

Foto: Ola Sæther

Det store forskingskonsernet for universiteta og forskingsinstitusjonane på Vestlandet og Sørlandet, Norce, blir no endå større. Det er klart etter at universitetsstyret har gitt UiOs randsoneselskap UniRand AS klarsignal til å selja Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) til Norce for 100 000 kroner. Det svarar til den samla aksjekapitalen i selskapet. Helse- og omsorgsdepartementet har på vegner av regjeringa i eit brev frå 19. februar rådd UniRand til å setja i gang prosessen som kan føra til eit sal til forskingskonsernet Norce.

Fakta om Unirand AS:

Unirand AS er eit statleg aksjeselskap heileigd av Universitetet i Oslo (UiO). Det blei etablert i 2002 av UiO.

Unirand kan ha eigarposisjonar i selskap i universitetets randsone

Direktør: Erik Gulbrandsen

Styreleiar: Ragnhild Hennum

Unirand AS hadde fyljgande dotterselskap fram til 1. januar 2019:

NIOM Nordisk institutt for odontologiske materialer AS

NUBU Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge

Desse selskapa blei overtekne av Norce 1. januar 2019.

Det aller siste dotterselskapet:

NKVTS Nasjonalt kompetansesenter om vold og traumatisk stress

Det blir truleg overtatt av forskingskonsernet Norce 1. juli 2019.

Tidlegare var DigForsk AS også eit dotterselskap av Unirand AS: Det blei selt til Universitetet i Tromsø 1. januar 2017

 

 

Fakta om Norce:

NORCE Norwegian Research Centre AS blei stifta 3. juli 2017.

Universitetet I Bergen har 51 prosent av aksjane, resten er fordelte på forskingsselskapa til Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder.

Selskapet eig i dag fem forskingssenter på Sør- og Vestlandet, som i løpet av 2018 blei integrerte i selskapet. Desse er Agderforskning AS, Christian Michelsen Research AS, International Research Institute of Stavanger AS, Teknova AS og Uni Research AS. Frå nyttår er også NUBU og Nordisk institutt for odontologiske materialer AS blitt ein del av selskapet. Før nyttår kjøpte selskapet også opp NORUT, som er forskingsselskapet til Universitetet I Tromsø.

Frå 1. juli 2019 overtar selskapet truleg også Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress ved UiO.

(Kjelder: Norce, UiO og Uniforum)

Gjekk imot innlemming i Folkehelseinstituttet

I fjor var det derimot stor usemje mellom embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet og leiinga, tilsette og styret for kompetansesenteret om vegen vidare. Det var nemleg embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet som føreslo at NKVTS skulle leggjast under Folkehelseinstituttet. Det er ei løysing både dei tilsette, leiinga og styret hadde uttalt seg sterkt imot.

 – Me vil gjerne halda fram med å vera ein del av universitetets- og høgskulesektoren, understreka direktør Inger Elise Birkeland overfor Uniforum i november i fjor

.– Om me blir med i Norce, kan me halda fram som den samla eininga me fungerer som i dag, og me kan halda fram med den spissa, viktige forskinga me held på med om vald og traumatisk stress, sa Inger Elise Birkeland til Uniforum.

Med vedtaket i universitetsstyret ser det ut som om både leiinga, dei tilsette og styret for NKVTS har fått gjennomslag for argumenta sine for å bli ein del av Norce.

 • Les i Uniforum:

Valdforskarar vil heller til Norce enn til Folkehelsa

Omsetning på 84,4 mill. kr

Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress har 87 tilsette, og 71 av dei er tilsette i stillingar som har å gjera med forsking og utvikling. I 2017 hadde kompetansesenteret ei omsetning på 84,4 millionar kroner. Selskapet driv med oppdragsforsking om traume, mellom anna etter terroraksjonane i Noreg 22. juli 2011 og etter tsunamien i Sør-Asia i 2004. Dessutan forskar selskapet også på traume hos flyktningar og asylsøkjarar. Rett før jul fekk selskapet i oppdrag å forska på 10 000 syriske flyktingar som har kome til Noreg. Selskapet held i dag til i leigde lokale i Nydalen i Oslo.

Er sikra lønns- og tilsetjingsavtalar

NKVTS ber om å få halda på dagens medlemskap i Statens pensjonskasse. Dei tilsette er også sikra lønns- og tilsetjingsavtalar i samsvar med Arbeidsmiljølova sitt kapittel 16. Både dei tilsette og leiinga i kompetansesenteret har i Uniforum tidlegare gått ut og støtta eit sal til Norce, framfor at selskapet skulle bli ein del av Folkehelseinstituttet

- Må ha tillit til at dette er behandla ordentleg

I møtet i universitetsstyret 12. mars blei det full tilslutnad til eit slikt sal til Norce, sjølv om nokre av styremedlemane etterlyste endå meir bakgrunnsinformasjon. Representant for dei melllombels vitskaplege tilsette, Ingrid Lossius Falkum var litt i tvil. – Det er litt vanskeleg å forstå saksdokumenta. Derfor er eg ikkje viss på kva me vil vedta, sa ho.  

Ekstern representant Idar Kreutzer meinte at  det var viktig å tenkja på kva relasjon dei skal ha til NKVTS i framtida.  – Me må ha tillit til at dette er behandla ordentleg, sa han.  

Eit samrøystes styre vedtok altså forslaget om å gi rektor Svein Stølen og styreleiar Ragnhild Hennum i Unirand AS  fullmakt til å føra i hamn dei siste detaljane i samband med salet.   

Om alt går etter planen, vil Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress bli ein del av Norce frå 1. juli 2019. 

Fakta om NKVTS:

Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress

Senteret utviklar og spreier kunnskap og kompetanse om vald og traumatisk stress. Formålet er å bidra til å førebyggja og redusera de helsemessige og sosiale konsekvensane som vald og traumatisk stress kan føra til.

Hovudoppgåver:

Forsking og utviklingsarbeid, formidling; undervisning, rettleiing og rådgjeving

Hovudtema:

Vald og overgrep i nære relasjonarkatastrofar, terror og stressmeistring og tvungen migrasjon og flyktninghelse

Blei oppretta i januar 2004 og er eit dotterselskap av UNIRAND AS, som igjen er heileigd av Universitetet i Oslo.

87 tilsette (2019)

(Kjelder: NKVTS og Wikipedia)

 

I fjor haust vedtok universitetsstyret at UniRand AS kunne selja Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS (NUBU AS) og Nordisk institutt for odontologiske materialar (NIOM AS) til forskingsselskapet Norce. Den formelle innlemminga i Norce, skjedde 1. januar i år. Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress er dermed det aller siste dotterselskapet som er igjen i UniRands portefølje. I løpet av året er det også planen at det selskapet skal oppløysast formelt. Men det vil ikkje skje før etter sommarferien..

 • Les også i Uniforum: 

Folkehelsedirektør skryter over kompetansesenter

Opplever større fridom i Unirand

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningssamarbeid, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere