UiO-styret vedtok å oppretta ny pris for yngre forskarar

Universitetet i Oslo opprettar ein ny pris for yngre forskarar. Det vedtok universitetsstyret i går.

NY PRIS: Universitetsstyret har vedtatt å oppretta ein ny pris for yngre forskarar. Dermed skal det tildelast fem UiO-prisar på årsfesten i september.  Biletet viser prisvinnarane i 2018: Alexander Refsum Jensenius og Anne Danielsen som fekk innovasjonsprisen, Benedicte Bull som fekk formidlingsprisen, Anne Helene Kveim  Lie som fekk utdanningsprisen og Harald Stenmark som fekk forskingsprisen. I bakgrunnen står universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og prorektor Gro Bjørnerud Mo. (Arkivfoto)

Foto: Yngve Vogt /Apollon

No skal yngre og framifrå forskarar som ikkje har passert 40 år, få tildelt ein eigen pris frå Universitetet i Oslo. Dermed har dei også sjansen til å vinna ein pris på 250 000 kroner tilliks med vinnnarane av forskingsprisen, innovasjonsprisen, utdanningsprisen og formidlingsprisen. 

Det blir ein pris som skal gå til yngre forskarar som har utmerka seg med framifrå forsking.  

I dag er kvar av dei fire prisane på 250 000 kroner kvar. Vilkåret for å oppretta ein slik pris, er at det må finnast pengar til ei slik tildeling. Det var det tydelegvis for forslaget blei samrøystes vedtatt.

Frykta for prestisjen

Representant for dei vitskaplege tilsette i styret, Olav Gjelsvik uttrykte litt tvil i klokskapen om å oppretta ein ekstra pris for yngre forskar. - Den kan svekkja prestisjen til dei andre prisane, meinte han.

Representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i styret, Ingrid Lossius Falkum var derimot svært positiv.

– Det er flott med ein slik pris, meinte ho.

Færre medlemar i priskomiteen

Styret vedtok også eit forslag om å redusera talet på medlemar i priskomiteen frå sju til fire. Grunngjevinga er at dette skal forenkla og kvalitetssikra arbeidet frå nominasjon og fram mot innstilling av vinnarar. I dag er priskomiteen leidd av prorektor med representasjon frå både medisin og mat.nat.- fakulteta.  Samtidig har det alltid vore to representantar frå MedNat-fakulteta og to frå HumSam i styret. I tillegg har det sete ein studentrepresentant i priskomiteen. I tillegg er det ein ekstern representant for kvar av dei fire prisane som er blitt delte ut til no. Tradisjonen er at forskingsprisen blir delt ut annakvart år til ein person frå MedNat og ein frå HumSam.  

Den føreslegne endringa som altså blei vedtatt av universitetsstyet fører til at fleire av dagens styremedlemar må ut. I framtida skal styret setjast saman av prorektor (leiar). Vara: viserektorar/rektor.  Eitt medlem frå dekanatet ved eitt HUMSAM-fakultet med vara frå dekanatet ved eit anna HUMSAM-fakultet - Eitt medlem frå dekanatet ved eit MEDNAT-fakultet med vara frå eit anna MEDNAT- fakultet.  I tillegg skal det oppnemnast fylgjande medlemar:  For forskingsprisen: professor frå eit anna norsk/nordisk universitet (grunna språk). For utdanningsprisen: studentrepresentant frå UiO (med vara) og for formidlingsprisen: ekstern formidlingsekspert/kommunikasjonsnestor. For innovasjonsprisen: ekstern representant frå innovasjonsmiljø og for pris for yngre forskarar: representant frå Akademiet for yngre forskarar.

Forskingsprisen alternerer mellom HUMSAM og MEDNAT

Forskingsprisen skal  framleis tildelast  HUMSAM/MEDNAT annan kvart  år, men dei faste representantane frå HUMSAM og MEDNAT deltar ved vurdering av alle prisane, også ved vurdering av forskingsprisen når den ikkje går til eige fagområdet, går det fram av saksdokumenta.  

Konsekvensen blir at det kjem til å bli delt ut fem prisar frå UiO til framifrå forskarar frå universitetet under årsfesten i september.  I 2019 kjem både forskingsprisen og prisen for yngre forskarar til å bli delt ut til eit fagmiljø på HUMSAM-området. Neste år er det dermed MEDNAT-fakulteta sin tur.

 

 

Emneord: UiOs priser, Universitetsstyret Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2019 09:11 - Sist endra 6. feb. 2019 09:11

Her har det dessverre blitt feil i framstillinga i Uniforum. Jeg var i universitetsstyremøtet i går bekymra for prisenes framtidige prestisje med bakgrunn i forslaget som forelå for styret om sammensetning av priskomiteen. Dette forslaget medførte at de det kunne være et klart overlapp mellom de som nominerer (som f.eks. fakultetene) og de som bestemmer hvem som får prisene (priskomitéen). Jeg mente det ville styrke prisenes prestisje om man unngikk et slikt overlapp, og i stedet hadde en uavhengig priskomité der medlemmene ikke hadde tatt del i nominering til prisen. Dette poenget ble erkjent av andre i møtet, og ledelsen ville tenke gjennom sammensetningen med dette i tankene. Jeg uttalte meg ikke negativt om pris for yngre forskere.

Olav Gjelsvik - 6. feb. 2019 11:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere