UiO opnar saksdokumenta om masterplan for IT

UiO-leiiinga har bestemt seg for å opna saksdokumenta om masterplan for IT på Universitetet i Oslo.  Diskusjonen om saka blir likevel halden bak stengde dører på møtet i universitetsstyret 5. februar.

OPNAR SAKSDOKUMENT: UiO-leiinga har bestemt at saksdokumenta i diskusjonssaka om masterplan for IT skal vera opne.  Men diskusjonen om problemstillingane i dokumenta skal skje bak stengde dører.

Foto: Ola Sæther

Det var onsdag denne veka Uniforum kunne melda at diskusjonssaka om masterplan for IT på Universitetet i Oslo skulle gå bak stengde dører i møtet i universitetsstyret 5. februar.  Sakspapira blei også unnateke frå offentleg innsyn med Offentleglovas paragraf 23 som grunngjeving.  

• Les i Uniforum: Skal diskutera masterplan for IT bak stengde dører

Saksdokumenta er opna

No har UiO-leiinga bestemt seg for å opna saksdokumenta i denne diskusjonssaka som offisielt heiter masterplan for universitetets IT. Det får Uniforum opplyst frå UiO sentralt. Sjølve diskusjonen vil gå føre seg bak stengde dører. Det skjer med grunngjeving  i universitets- og høgskulelovas 9-6. Der heiter det:  «(6) Styrets møter skal holdes for åpne dører. Styret kan vedta at møtene skal holdes for lukkede dører, eller at bestemte saker skal behandles for lukkede dører. Behandling av sak etter andre punktum skjer for lukkede dører.»

Føreslår samling av IT-tenestene i ein organisasjon

Dermed kan Uniforum i dag visa til hovudinnhaldet i sakspapira om masterplan for universitetets IT.  

I hovudsak byggjer det som står i saksdokumenta på vurderingar og innhentingar av informasjon som er blitt gjort av ei arbeidsgruppe leidd av UV-dekan Sten R. Ludvigsen. Arbeidsgruppa er identisk med tankesmia som ser på Digitalisering i samband med arbeidet med UiOs Strategi 2030. Den har sett på korleis IT-tenestene ved UiO er organiserte i dag, og kjem med innspel til korleis dei kan bli organiserte i framtida for å møta nye behov hos dei tilsette.  Derfor er det ikkje minst forholdet mellom lokal IT og sentral IT som arbeidsgruppe har sett på.  Arbeidsgruppa kjem med eit råd om kva UiO bør sjå nærare på når det gjeld dette spørsmålet.  Eit av dei er at heile IT-organisasjonen på UiO må samlast, går det fram av rapporten som skal opp til diskusjon i iniversitetsstyret tysdag 5. februar:

«Det store behovet for fag- og domenenær IT-støtte som arbeidsgruppa har registrert tilsier at både organisering, innretting og prioritering av IT-organisasjonens virksomhet må revurderes og at samling i en IT-organisasjon for Universitetet i Oslo vil være er et aktuelt tiltak. En eventuell samling må sikre mer lokalt nærvær av IT gjennom organisering av fagnær IT-støtte og sikre at velfungerende lokale IT-miljøer lever videre.»

Ikkje berekraftig finansiering

Når det gjeld finansiering peikar arbeidsgruppa på at dagens finansieringsmodell for IT ikkje lenger er berekraftig.  Lokal IT blir i dag finansiert over einingane sine eige budsjett, medan IT sentralt får dekt kostnadene sine dels av rammetildeling og satsingar over budjettet til UiO og dels av inntekter frå sal av tenester. Ifylgje arbeidsgruppa gir dette ei lita fleksibel og uklar finansiering. Det er grunnen til at arbeidsgruppa føreslår at dei kartlagde behova innan IT må sikrast finansiering gjennom ein investeringsplan som inneber ei opptrapping av ressursbruken på IT-området dei næraste fem åra, går det fram av saksdokumenta til diskusjonssaka masterplan for universitetets IT. 

Medlemane i universitetsstyret blir bedne om koma med tilbakemeldingar på fylgjande problemstillingar under diskusjonen:

Gir rapporten frå arbeidsgruppa eit godt bilete på dei moglegheitene og utfordringane  IT gir for Universitetet i Oslo?

Er det særlege område som styret ynskjer utdjupt til neste møte?

Les saksdokumenta i masterplan for universitetets IT

 

Føreslår ekstern styreleiar for UiO: Livsvitskap

I diskusjonen om eksternfinansierte senter handlar det om UiOs politikk overfor sentra for framifrå forsking, når det gjeld administrative, organisatoriske og økonomiske retningslinjer.

For opne dører skal universitetsstyret ta stilling til eit forslag om å ha ekstern styreleiar for styret for UiO: Livsvitskap. Samtidig skal styret også bestemma om UiO: Livsvitskap skal få eit eige rådgjevande organ, eit såkalla "Scientific Advisory Board" (SAB).  

Ny pris for yngre forskarar

På bordet får også styret eit forslag om å oppretta ein ny UiO-pris. Det blir ein pris som skal gå til yngre forskarar som har utmerka seg med framifrå forsking.  Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ber også styret vedta eit forslag om å redusera talet på medlemar i priskomiteen frå sju til fire. Grunngjevinga er at dette skal forenkla og kvalitetssikra arbeidet frå nominasjon og fram mot innstilling av vinnarar. I dag er kvar av dei fire prisane på 250 000 kroner kvar. Dersom styret vedtar forslaget om å oppretta ein ny pris, er vilkåret at det må finnast pengar til ei slik tildeling.

Nytt medlem i Skikkethetsnemda

Styret skal også bestemma om medisinprofessor Kjetil Retterstøl kan gå inn som ny medlem i «Skikkethetsnemnda». Han vil då erstatta medisinprofessor Helga Refsum, som har trekt seg frå nemnda på grunn av personlege forhold, går det fram av sakspapira.  Om forslaget vert vedtatt, vil han sitja fram til ei ny nemnd blir oppnemnd i løpet av sommaren.  

Orienterer om ressurssituasjonen for exphil

Ressurssituasjonen for Examen philosophicum (exphil) kjem opp som ei orienteringssak. Det som er klart, er at rektor Svein Stølen har sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå UiO sentralt, HF-fakultetet og frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Gruppa skal kartleggja status og sjå på korleis exphil-utdanninga har utvikla seg gjennom åra. I styremøtet 7.-8. mai vil rektor koma med eit kunnskapsgrunnlag om ressurssituasjonen for exphil, står det i styrepapira. 

Administrativ forbetring og digitalisering

Universitetsstyret får dessutan ei orientering om status i program for administrativ forbetring og digitalisering. Det handlar mellom anna om UiO/økonomi og lønn, UiO/sakshandsaming og arkiv, fellesløysingar og IT-drift.

UiO og miljøhovudstaden Oslo

Den siste orienteringssaka handlar om Universitetet i Oslos bidrag til Oslos status som europeisk miljøhovudstad i 2019. Der blir det mellom anna trekt fram at studentane ved UiO skal ha ein miljøfestival i september med feiring av kunnskap og forsking som våpen i kampen for eit betre miljø og klima. Det blir også ein førpremiere på opninga av Klimahuset i Naturhistorisk museum, før det opnar offisielt i første del av 2020.

Dette er heile saklista til møtet i universitetsstyret 5. februar:

Møte nr. 2/2019 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 2/2019 i universitetsstyret 5. feb. 2019 10:00 - 16:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47
 

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 8/2018 og 1/2019

Saksdokumenter:

  • Protokoll fra møte 8/2018
  • Protokoll fra møte 1/2019 er unntatt offentlighet etter offl.§ 23

Saker til behandling åpent møte

Orienteringssaker


O-SAK 1 Orientering om arbeidet med UH-loven

Ved Helga Aune, utvalgsleder

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Presentasjon av Det samfunnsvitenskapelige fakultets arbeid med utdanning

Ved dekan Nils-Henrik von der Fehr


Seminar for styrets medlemmer (lukket)

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Årsrapport 2018 - Styrets beretning

Saksnr. 2019/1191

Saksdokumenter:


D-SAK 2 Masterplan IT

Saksnr.

Saksdokumenter:


D-SAK 3 Politikk for eksternfinansierte sentre ved UiO

Saksnr.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte (fra ca klokken 13.30)

Ordinære saker


V-SAK 3 Universitetets priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon - endring sammensetning priskomité og innføring av ny pris for yngre forskere

Saksnr. 2014/9174

Forslag til vedtak:

  1. Universitetsstyret slutter seg til vedlagte forslag om endring i sammensetning av priskomiteen.
  2. Universitetsstyret slutter seg til innføring av en ny pris for yngre forskere.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 UiO:Livsvitenskap - endring i organisering og styresammensetning

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  • Universitetsstyret slutter seg til forslaget om at styret ved UiO:Livsvitenskap kan opprette et internasjonalt "scientific advisory board" (SAB) som et rådgivende organ, i samarbeid med rektoratet.
  • Universitetsstyret slutter seg til forslaget om at sammensetningen for styret ved UiO:Livsvitenskap endres i tråd med styrets prinsipale forslag med en ekstern styreleder.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Oppnevning av medlem til Skikkethetsnemda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret oppnevner professor Kjetil Retterstøl som medlem av Skikkethetsnemda, herunder representant for faglærerne, for perioden 6. februar til 30. juni 2019.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 3 Tildelingsbrev 2019 fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2018/593

Forslag til vedtak:

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Ressursituasjonen for Examen philosophicum (exphil)

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Orientering om status i program for administrativ forbedring og digitalisering

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 6 UiOs bidrag til Oslos rolle som europeisk miljøhovedstad 2019

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 7 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 8 Årshjul for styresaker våren 2019

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 9 Eventuelt

Emneord: Universitetspolitikk, IT, Livsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2019 15:58 - Sist endra 1. feb. 2019 16:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere