Skal greia ut konsekvensane open publisering vil ha for europeisk forsking

No skal det setjast i gang ei internasjonal konsekvensutgreiing av ei mogleg innføring av open publisering av all offentleg finansiert forsking. Initiativet kjem frå Den europeiske universitetsorganisasjonen (EUA).  Iselin Nybø lovar at regjeringa vil gi pengar til undersøkinga.  

SEIER JA: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø seier ja til ei europeisk konsekvensutgreiing av Plan S og andre nye publiseringsmodellar.  På tysdag  slutta stortingsfleirtalet seg til regjeringa sitt nei til ei utgreiing av konsevensane av Plan S i Noreg. 

Foto: Ola Sæther

Det var onsdag 20. februar det blei klart at Den europeiske universitetsorganisasjonen EUA ynskjer å kartleggja og greia ut konsekvensane av innføringa av  open publisering av all offentleg finansiert forsking.  Dei som får ansvaret for undersøkinga må sjå både på konsekvensane av Plan S og fylgjene av at nokre forlagshus, som til dømes Springer Nature inngår les- og publiseravtalar med enkeltinstitusjonar og konsortium av universitet. 

Glidande overgang til Plan S?

Dei vil også sjå på om det er mogleg at slike les-og publiseravtalar, etter kvart kan gi ein glidande overgang til Plan S, der det endelege målet altså er at all offentleg finansiert forsking skal vera ope tilgjengeleg. Initiativet til EUA  (European University Association)  får støtte både frå EU-kommisjonen og EU-rådet.

– Plan S er eit felleseuropeisk initiativ

Tysdag 19. februar røysta stortingsfleirtalet ned eit forslag frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet om å setja i gang ei konsekvensutgreiing av innføringa av Plan S i Noreg.

 • Les meir i Uniforum: Stortinget sa nei til konsekvensutgreiing av Plan S

No helsar derimot forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø nyhendet om denne internasjonale konsekvensutgreiinga velkomen.  

– Dette har vore poenget vårt heile tida. Plan S er eit felleseuropeisk initiativ. Så denne undersøkinga ynskjer me å kanalisera pengane våre til, opplyser ho til Uniforum.  

– Men du sa nyleg nei til eit forslag om ei nasjonal konsekvensutgreiing av tilslutninga til Plan S. Kvifor gjorde du det?

– I Noreg tok mange til orde for ei nasjonal utgreiing av konsekvensane av Plan S. Planen er jo eit resultat av at regjeringar og forskingsråd i fleire europeiske land har gått saman om dette. Det er klart at det vil vera naudsynt med ein nasjonal dialog når det gjeld spesielle norske spørsmål som  inndeling av publikasjonar i nivå 1 og nivå 2, peikar ho på.

Iselin Nybø visste at Den europeiske  universitetsorganisasjonen (EUA) var i gang med å planleggja ei slik utgreiing.

 –Eg kjende til det overordna området, men detaljane når det gjeld problemomtaler og akkura kva tema den skulle ta opp, fekk heller ikkje eg vita før kunngjeringa kom på onsdag, seier ho.

– Kostnadsfordelinga mellom land

 For henne er det viktig at undersøkinga også skal sjå på forholda mellom ulike land.

– Me ynskjer å sjå på mange ting, mellom anna kostnadsfordelinga mellom land. Det må ikkje bli slik at det berre er nokre delar av verda som har råd til å publisera forskingsfunn i vitskaplege tidsskrift, understrekar ho.

– UNIT skal halda kontakten

Iselin Nybø ser positivt på at undersøkinga også fokuserer  på  innovasjon.

– No ser me også fram til at det blir lagt stor vekt på innovasjon. Heile undersøkinga er det viktig å gjera saman med EUA heller enn å gjera det åleine, for all forsking er internasjonal. Me skal halda kontakten via det nye direktoratet vårt UNIT.

–Vil regjeringa koma med eigne innspel  før undersøkinga blir sett i gang?

– Det får me koma tilbake til, men UNIT har allereie spela inn til undersøkinga frå Noreg.

– Vil den norske regjeringa ta omsyn til dei funna og dei konklusjonane som vil koma fram i denne utgreiinga? 

– No ser me resultata først om eit halvt år. Alle vil sjå på dette saman, både styresmaktene, institusjonane og forskarane, seier Iselin Nybø til Uniforum. 

Ber om innspel

Konsekvensutgreiinga som no blir sett i gang av Den europeiske universitetsorganisasjonen skal altså både sjå på fylgjene av open tilgang av forskingsartiklar og dei omfattande les-og publiseravtalane som store forlagshus er i ferd med å inngå med ulike institusjonar.  

EUA ber no alle institusjonar, forskarar og andre om å koma med innspel til undersøkinga før fristen går ut den 15. mars.  Planen er at resultata av utgreiinga skal vera klare i oktober. Førebels har EUA sett av rundt 1,35 millionar kroner (135 000 euro) til undersøkinga. Kostnadene skal finansierast over budsjettet til EUA, som også skal  setja saman eit prosjektstyre for undersøkinga. 

Eitt av måla  med undersøkinga er altså å finna ut korleis les- og publiseravtalane verkar inn på overgangen til open publisering av all offentleg finansiert forsking.  Vil det føra til at institusjonane set opp farten for å gjera all offentleg finansiert forsking ope tilgjengleg for alle? Svaret på dette og andre spørsmål, får me når utgreiinga er klar til hausten. 

 • Les meir om Plan S i Uniforum:

Forskningsrådet forlenger støtteordning for åpen publisering

– Eg synest Plan S er for moderat og ikkje går langt nok

Plan S og forvaltningsloven

John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

Åpner opp for overgangsløsninger om Plan S

Ny underskriftsaksjon krever konsekvensutredning av Plan S

Iselin Nybø forsvarte kampen for Plan S

Les meir om den planlagde konsekvensutgreiinga på EUA sine nettsider.

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere