Arne Benjaminsen: – Lukta av sagmugg fekk meg tilbake til UiO

– Det var lukta av sagmugg – av at det er der det skjer – som fekk meg til å venda tilbake til Universitetet i Oslo. Det seier Arne Benjaminsen som på fredag begynner i jobben som ny universitetsdirektør.

FØREBUDD: – Eg er førebudd på at fagforeiningane og andre grupper vil retta kritikk mot meg. Slik vil det alltid bli når me skal fordela ressursar til mange gode formål. Sjølv legg eg vekt på godt samarbeid både med fagforeiningane og andre på UiO, seier Arne Benjaminsen. Fredag 15. februar begynner han som ny universitetsdirektør.

Foto: Ola Sæther

24 år etter at siviløkonomen slutta i Økonomiavdelinga ved Universitetet i Oslo, vender Arne Benjaminsen (53) tilbake som universitetsdirektør.

– Det er ikkje ofte det blir lyst ut ei ledig stilling som universitetsdirektør, så då høvet var der, måtte eg senda inn ein søknad, fortel han i eit intervju med Uniforum i Professorboligen i sentrum.

– Det var lukta av sagmugg, seier han med eit smil.

– UiO er eit leiande europeisk universitet og set standard for universitets- og høgskulesektoren i Noreg, samtidig som det strekkjer seg seg endå lenger. Det er spennande å vera med på å utvikla det, synest han.

Den 4. desember i fjor blei det klart at jobben som universitetsdirektør var hans. Sidan han sist var tilsett ved UiO i 1997, har han vore avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, universitetsdirektør ved Universitetet i Tromsø, og ekspedisjonssjef, først i Fiskeri- og kystdepartementet, og seinare i Nærings- og fiskeridepartementet, der han etter kvart også blei assisterande departementsråd.

To favorittbyar i Noreg

Truleg er det likevel dei fire åra som universitetsdirektør i Tromsø som har sett mest spor hos Arne Benjaminsen, som opphavleg kjem frå Risøyhamn på Andøya.

 – Eigentleg var det Bodø som var min by, men etter å ha budd i Tromsø, er den byen og Oslo blitt dei to favorittbyane mine i Noreg.

– Så du er ikkje lei deg for at du ikkje kunne vera lenger i Tromsø?

– Det er langt mellom dei dagane eg ikkje angrar på at eg flytta frå Tromsø. Men eg fekk ei melding om ein jobb i Fiskeri- og kystdepartementet, som eg gjerne ville takka ja til. Samtidig var det også familiære grunnar som gjorde at me flytta derifrå før åremålet mitt hadde gått ut, seier han.  

Nord-Noreg drar han uansett til.

– Allereie denne helga skal eg på ein tur til Vesterålen, avslører han.

Arne Benjaminsen ser fram til å arbeida for Universitetet i Oslo.

– No skal eg arbeida for at det blir eit universitet som får eit endå betre forskings-, studie- og arbeidsmiljø. Me er opptatt av at fleire studentar ved UiO fullfører studia, og me må også jobba med utfordringa med alle dei som arbeider i mellombelse stillingar.

Førebudd på kritikk

– Er du ikkje redd for at du no skal bli ein hoggestabbe for alt som er gale på UiO, spesielt frå fagforeiningane?

– Eg er førebudd på at fagforeiningane og andre grupper vil retta kritikk mot meg. Slik vil det alltid bli når me skal fordela ressursar til mange gode formål. Sjølv legg eg vekt på godt samarbeid både med fagforeiningane og andre på UiO.  Før har eg samarbeidd godt med fagforeiningane. Opplevinga mi frå Universitetet i Tromsø var at fagforeiningane var både dyktige og konstruktive og hadde ei viktig rolle der. Det felles målet vårt er å gjera Universitetet i Oslo endå betre. Både rektor og resten av universitetsleiinga har ambisjonar om å gjera UiO til eit leiande, europeisk forskingsuniversitet. Det målet skal eg vera med på å nå, lovar han.

Arne Benjaminsen er svært nøgd med at store prosjekt nyleg har landa.

– Då tenkjer eg både på klarsignalet til å setja i gang arbeidet med nytt vikingtidsmuseum og at det første spadetaket for Livsvitskapsbygget no er tatt. Begge dei bygningane blir viktige.

– Om du ser tilbake til det året du slutta på Universitetet i Oslo og samanliknar det med dagens utgåve av UiO, kva er den største endringa?

– No har jo dette universitetet eksistert heilt sidan 1811, og det har heile tida hatt ei fabelaktig evne til å endra seg. Etter at eg slutta, blei Kvalitetsreforma innført, og samtidig har studenttala gått ein god del ned. Universitetet har også festa grepet som det leiande norske forskingsuniversitetet gjennom tildelinga av dei siste sentra for framifrå forsking, der UiO fekk flest senter, konstaterer han.

Ein ekte statens tenar

Arne Benjaminsen har vore ein ekte statens tenar gjennom ei lang karriere i stats- og universitetsbyråkratiet. Derfor er det kanskje ikkje så rart at han ser fram til å samarbeida med universitetsstyret.  

– For meg er det eit privilegium å leggja fram saker for universitetsstyret. Og det vert viktig å fylgja opp vedtaka frå universitetsstyret, tykkjer han.

Dei som fryktar at Arne Benjaminsen går rundt og planlegg nye store endringar på UiO, kan ta det med ro, førebels:

– Eg skal først gjera meg kjent med UiO og strategiarbeidet. Seinare kan eg koma inn med ei oppfylging av den nye strategien til universitetet, seier han.

BEST MOGLEG KUNNSKAP: – Dei vedtaka me gjer, skal vera grunnlagde på best mogleg kunnskap. Det er ein praksis som departementa utøver også, seier Arne Benjaminsen som fredag 15. februar overtar som universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

– Opptatt av kunnskapsbasert forvaltning

Forsking- og forskingsadministrasjon har han god røynsle med frå stillingane som avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet og som ekspedisjonssjef og assisterande departementetsråd i Nærings- og fiskeridepartementet. – Der arbeidde me med finansiering av norske forskingsinstitutt som til dømes Havforskingsinstituttet i Bergen, Institutt for energiteknikk på Kjeller og matforskingsinstituttet Nofima i Tromsø. Då handla det naturleg nok mykje om næringsretta forsking. Eg har i desse stillingane også vore opptatt av innovasjon og forholdet mellom universiteta og næringslivet, trekkjer han fram. – Nettopp derfor er eg også opptatt av kunnskapsbasert forvaltning. Dei vedtaka me gjer, skal vera grunnlagde på best mogleg kunnskap. Det er ein praksis som departementa utøver også, legg han til.

– Universitetet i Tromsø meir synleg lokalt enn UiO

Og så vender me tilbake til Nord-Noregs hovudstad og Universitetet i Tromsø.

– Det er klart at Universitetet i Tromsø og dei store institusjonane der får mykje meir plass i Nordlys, i Tromsø og i andre lokale media enn det UiO får i hovudstaden. Ja, i Nordlys hender det jo at dei skriv om saker som er oppe i styret for Universitetet i Tromsø. I Oslo er det stort sett berre Uniforum og Khrono som er opptatt av UiO. Så sjølv om Universitetet i Tromsø er mindre enn UiO, så er det meir synleg i byen og i landsdelen, har han registrert.

– Begynte å likna meir på dei andre universiteta

Samtidig peikar Arne Benjaminsen på korleis det nye universitetet i nord litt etter litt begynte å likna meir på dei andre universiteta.

– Det begynte jo med at dei ikkje skulle ha fakultet, men berre institutt, og det hadde ein eigen gradsstruktur med mellom anna storfag. Seinare blei den modellen skrinlagd, og Universitetet i Tromsø såg til Oslo og brukte Universitetet i Oslo som modell då det universitetet også blei organisert i fakultet og institutt, fortel han.

Korleis Universitetet i Oslo skal sjå ut i hans bilete, vil han ikkje gå inn på enno:

– Eg vil først bruka tid på bli kjent med universitetet før eg kjem med ei programerklæring, understrekar han.

Må vera med på UiO-laget i Holmenkollstafetten

Arne Benjaminsen har ei kone som arbeider på UiO og trillingar på 20 år.

 – Ein av dei tar ex.phil på UiO. Eg håpar og trur at eg også i denne jobben får tid til å gå på ski i marka. Og så spring eg, og det må eg gjera endå meir, for rektor har fortalt at alle skal vera med på laget i Holmenkollstafetten. Dessutan likar eg å å gå tur og er medlem i Turistforeininga, les bøker og går i teater og på konsertar, sist med Maria Boine på Samefolkets dag.

Du var tilsett i Økonomiavdelinga på UiO fram  til på midten av 1990-talet. Drøymde du om å bli universitetsdirektør då?

– Nei, det var ikkje akkurat det eg var var mest opptatt av då. Men eg opplevde både Toril Railo og Tor Saglie som universitetsdirektørar.

Og korleis er forventingane til jobben du begynner i på fredag?

 – Eg trur dette skal bli både spennande og interessant. Det skal verta veldig fint å bli universitetsdirektør ved UiO.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2019 13:29 - Sist endret 14. feb. 2019 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere