Han utfordra og vann over den sitjande HF-dekanen. No har Frode Helland overtatt dekanstolen

Frode Helland overtok dekanvervet på HF etter Arne Bugge Amundsen denne månaden. Han har fått ei heilt ny erfaring.– No styrer eg ikkje lenger mi eiga tid, vedgår Frode Helland.

BYGGJER EIT LAG: Det er viktig for oss å jobba tett saman og byggja kvarandre opp som eit team, seier forskingsdekan Mathilde Skoie, studiedekan Gunn Enli og dekan Frode Helland på Det humanistiske fakultetet ved UiO. 

Foto: Ola Sæther

Frode Helland blei vald til dekan på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i oktober etter ein overlegen siger over sitjande dekan Arne Bugge Amundsen.

  • Les i Uniforum: Frode Helland vald til ny dekan på HF

Tidlegare var han mest kjend som ein ivrig forkjempar for at Ibsen-senteret skulle ha ein best mogleg økonomi. Då fakultetsstyret i staden for fleire alternative budsjett for Ibsen-senteret, berre fekk eitt budsjettforslag på bordet i junimøtet, raste Frode Helland ut i Uniforum: - Det er mangel på respekt for universitetsdemokratiet, sa han.

  • Les i Uniforum: Drastisk kuttforslag for Ibsen-senteret

No har kvardagen som dekan starta, og det første han har gjort er å ha flytta inn og ha ommøblert dekankontoret i P.A. Munchs hus på Blindern. Der tar han imot Uniforum saman med studiedekan Gunn Enli, og etter kvart også med forskingsdekan Mathilde Skoie. Alle er opptekne av at dei er eit dekanlag som arbeider nært saman.

– Vaksenopplæring

– Akkurat no går masse tid med til vaksenopplæring. Universitetet i Oslo er i ferd med å spikra saman ein strategi fram til 2030. Det passar godt å starta med strategiarbeid, og etter kvart skal me også laga ein lokal strategi for HF, seier Frode Helland.

– Og så vil me også ha ein eigen strategi for digital humaniora, legg studiedekan Gunn Enli til.

Lovar openheit og demokrati

I valkampen lova dei at det skulle bli meir ope og gjennomsynleg kva dekanatet og fakultetsstyret dreiv med. Det er ein vallovnad som dei er opptekne av å halda. – Me skal leggja meir vekt på openheit og demokrati. Dessutan vil me at sakene skal ha fagleg forankring og at det er gode og opne prosessar gjennom heile organisasjonen. Og før kvart fakultetsstyremøte ynskjer me å ha ei ordning med formøte, lovar dekan Frode Helland.

Studiedekan Gunn Enli håpar at det også blir masse debatt på Det humanistiske fakultetet.

– Me vil utforska nye debattarenaer, både digitale og fysiske. Og me vil utvikla ein HF-podkast som vil ta opp aktuelle saker innanfor humaniora, både på utdannings- og forskingssida, seier Gunn Enli.

– Forskinga skal blomstra

Forskingsdekan Mathilde Skoie har også ambisjonar på området ho har fått eit særleg ansvar for.

– Eg skal sørgja for at ph.d.-utdanninga blir best mogleg slik at forskinga på HF kan blomstra endå meir, seier ho til Uniforum.

Ingen av dei tre dekankameratane er redde for at Det humanistiske fakultetet på UiO skal bli gløymt i debatten rundt kunstig intelligens, nanoteknologi og livsvitskap.

– Nei, på ingen måte. HF er sentralt plassert på kartet i aktuelle samfunnsspørsmål, og forskarane og undervisarane våre jobbar med temaområde som er tett knytte til aktuelle samfunnsendringar, som kunstig intelligens, understrekar Gunn Enli.

Sjølv held ho kontakt med den faste arbeidsplassen sin ved Institutt for media og kommunikasjon .Men Frode Helland har ikkje lenger noka stilling ved Ibsen-senteret, som han var ein markant leiar for fram til han overtok stafettpinnen som dekan etter Arne Bugge Amundsen. Der er det no Arne Bugge Amundsens tidlegare forskingsdekan, Ellen Rees som førebels fungerer som senterleiar.

– HF står støtt

Heller ikkje Frode Helland fryktar at HF ikkje skal vera synleg nok.

– HF står støtt der fakultetet skal stå. Forskingsrådet har også opna nye store tematiske forskingssatsingar for humanistar. No er det opp til kvar forskargruppe å gripa denne sjansen, konstaterer han.

Gunn Enli er opptatt av at forskarane på HF er svært etterspurde samtalepartnarar over alt i samfunnet.

– Me deltar i ulike media og i debattar der humanistar kan vera med på å endra ting.Derfor er det viktig at me kjem inn i dei rette fora, meiner ho.

For Frode Helland er det viktig å poengtera at fakultetet han leier også driv svært utoverretta aktivitetar.

 – Dette er landets største og viktigaste humanistiske fakultet. Me har gode undervisningstilbod og gode studentar med god kompetanse. Studentane våre er etterspurde og får seg jobb etter at dei er ferdige, slår han fast.

Gunn Enli synest også det er på sin plass å trekkja fram ein viktig kvalitet ved HF på UiO.

– Det humanistiske fakultetet ved UiO har høg legitimitet, spesielt samanlikna med Danmark. Dessutan har me ei stor breidde, noko det faktum at me nettopp har opna vårt tredje senter for framifrå forsking, viser. Nyleg fekk ein av forskarane våre også prestisjestipendet ERC Consolidator Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).Det er stort og det fylgjer det også mykje pengar med, poengterer ho.

Får IFIKK-rapport på bordet i mars

Nettopp suksessen med å vera vertskap for eit senter for framifrå forsking skapte store problem for Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK)då senteret skulle fasast ut. Mange forskarar frå senteret sat i faste vitskaplege stillingar, og det førte til eit meirforbruk for instituttet. Etter at tidlegare HF-dekan Arne Bugge Amundsen hadde føreslått at fakultetet skulle gi instittutet ei ekstra løyving på 12,5 millionar kroner for å dekkja meirforbruket, enda det me at det skulle dekkjast med eit lån på 10 millionar kroner frå fakultetet sentralt. No er ei arbeidsgruppe sett ned av fakultetsstyret i ferd med å sy saman ein eigenrapport om økonomien til IFIKK.

– Rapporten om ein mogleg modell for å behandla økonomien til IFIKK vil koma på vårt bord i midten av mars. Då skal me sjå meir på utforminga av sentra for framifrå forsking ved HF. Hos oss vil eit senter bli fasa ut etter at levetida på ti år er over. Me har ikkje nok eksterne inntekter til at sentra kan halda fram etter denne tiårsperioden, understrekar han.

Dekan Frode Helland, forskingsdekan Mathilde Skoie og studiedekan Gunn Enli starta semesteret med ei felles samling på Lysebu.

– Det er viktig for oss å jobba tett saman og byggja kvarandre opp som eit team. No er me entusiastiske og ser fram til kvar dag, er dei einige om.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2019 03:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere