Krigen i Syria har påverka både Midtausten og folk i Norden

I Kirkenes blei innvandrarmotstandarar forvandla til dei syriske flyktningane sine reddande englar i 2015, medan  krigen i Syria i Midtausten har  overskygga konflikten mellom palestinarar og Israel. Ekstremismeforskar Cathrine Thorleifson (biletet) har kome med gode råd i flyktningdebatten for å hindra at ytre høgre tar den.

GODE RÅD I FLYKTNINGDEBATTEN: – Kjeldekritikk, å gjenkjenna desinformasjon og konspirasjonsteoriar, og utdanning i demokratiske verdiar og  mangfald. Det er viktige punkt for at ikkje ytre høgre skal ta den diskusjonen, meinte Cathrine Thorleifsson frå Senter for ekstremismeforsking ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Det var nokre av dei brennaktuelle sakene som blei tatt opp på Humanioradagane på UiO i førre veke.

Fram til år 2005 var det Humanioradagar 23 år på rad ved Universitetet i Oslo. I år har dei gjenoppstått. I to dagar til ende organiserte dei humanistiske fagmiljøa ved Universitetet i Oslo tema- og debattmøte.   

Opningstalen blei halden av UiO-rektor Svein Stølen  tysdag i førre veke. Han la vekt på at behovet for humaniora er større enn på lenge. – «Uten de humanistiske fagene kan vi ikke forstå verken oss selv eller våre omgivelser godt nok. Dette krever tid og rom for grunnleggende humanistisk forskning,» understreka Svein Stølen.

Krigen i Syria skapte flyktningstraum til Norden

Onsdag formiddag handla debatten om Norden som Janus i flyktningpolitikken.  På den eine sida folk som syner gjestfridom og omsorg for medmenneske i naud, medan den andre sida handlar om politiske parti som skaffar seg popularitet ved å vera flyktning- og innvandrarmotstandarar.  I Gamle festsal handla debatten først om flyktningar frå Syria under flyktningkrisa i 2015 og korleis dei blei tatt imot i Norden.  Deretter blei det diskusjon om korleis krigen i Syria har endra Midtausten. 

Dei gode hjelparane i grenseland

Postdoktor Kaia Rønsdal ved Det teologiske fakultetet hadde studert korleis dei 5000 flyktningane som kryssa grensa mellom Russland og Noreg på Storskog i 2015 hadde blitt tatt imot av dei lokale innbyggjarane i Sør-Varanger, ein kommune med rundt 7000 innbyggjarar.  Ho viste til dei to privatpersonane Lars og Maria som fekk livet sitt snudd på hovudet då flyktningane kom.

– Då Lars oppdaga dårleg kledde syriske flyktningar i Russland på vandring mot norskegrensa ved Storskog, tok den tidlegare innvandrarmotstandaren grep og begynte å hjelpa dei. Saman med Maria og mange andre frivillige i Sør-Varanger ser dei menneske i fare på sin eigen dørstokk og begynner å hjelpa dei.  Både Lars og Maria blir arresterte og truga med fengsel for å ha hjelpt flyktningar til å søkja kyrkjeasyl.  Lars anka dommen han fekk vidare opp i rettssystemet og blei frifunnen. Det fortalde postdoktor Kaia Rønsdal ved Det teologiske fakultetet om erfaringane frå Kirkenes då 5000 syriske flyktningar kom over grensa frå Russland. 

 – Då eg spurde dei om dette hadde noko med nordnorsk gjestfridom å gjera, svara desse hjelparane uavhengig av kvarandre  at tvert imot var det dei som hadde fått noko igjen for det gjennom å kunna hjelpa flyktningane med barnepass, norskkurs og kurs  i korleis dei måtte kle seg. Dei hadde aldri opplevd så mykje personleg fred som då. Det vil seia at me må definera om kva gjestfridom er for noko, kven som er gjest og kven som er vert, meinte Kaia Rønsdal. 

 – Kyrkjelyd utvikla eit ansvar for universell rettferd

Teologiprofessor Trygve Wyller fortalde om korleis Bergsjøen kyrkjelyd i Göteborg kvar onsdag opnar kyrkjelokalet sitt for juristar og helsepersonell frå  den ikkje-kristne Rosengrenska-stiftelsen som brukar lokalet for å gi juridisk hjelp og medisinsk hjelp til illegale flyktningar. 

 UNIVERSELLE KRITERIUM: – Dei peikar på at me må halda fast på at den skandinaviske velferdsmodellen er bygd på universelle og ikkje etniske kriterium, fortalde teologirprofessor Trygve Wyller. (Foto: Ola Sæther)

– I staden for omgrepet «streng og rettferdig flyktningpolitikk» som blir brukt av både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre i Noreg, har denne kyrkjelyden utvikla eit ansvar for universell rettferd. Dei peikar på at me må halda fast på at den skandinaviske velferdsmodellen er bygd på universelle og ikkje etniske kriterium, fortalde Trygve Wyller..

Sverige som skrekkdøme i USA

Forskar Cathrine Thorleifsson frå Senter for ekstremismeforsking ved UiO hadde studert høgrepopulistiske rørsler i Storbritannia, Ungarn, Sverige og  Noreg.

– Det er to tesar av kva som driv veljarar til populistiske parti. Den eine tesen handlar om økonomisk ulikskap, medan den andre peikar på at det er ein kulturell motreaksjon mot innvandring og auka etnisk mangfald. Dette er tilbodssida av populistisk nasjonalisme,  peika ho på.  Også ho viste til flyktningkrisa i 2015: – Den krisa fekk dei populistiske partia til å driva propaganda om nasjonar i krise, forklarte ho. Cathrine Thorleifsson viste også korleis Sverige i USA blei vist fram som eit skrekkdøme om korleis det kan gå med for høg innvandring.

 

 – Kritisk tilnærming til informasjon

Forskaren frå Senter for ekstremismeforsking ved UiO kom også med ein plan for korleis det skal vera mogleg å få formidla uro knytt til konsekvensar av immigrasjon og mangfald på nasjonal identitet, levemåte og velferd og tryggleik utan å mobilisera skremmebilete av migrantar og minoritetar. 

– Det handlar om kritisk tilnærming til informasjon. Kjeldekritikk, å gjenkjenna desinformasjon og konspirasjonsteoriar, og utdanning i demokratiske verdiar og  mangfald. Det er viktige punkt for at ikkje ytre høgre skal ta den diskusjonen, meinte Cathrine Thorleifsson.

Palestina-konflikten mindre viktig

Den siste debatten handla om korleis krigen i Syria har endra Midtausten.   Alle deltakarane kom frå Institutt for kulturstudiar og orientalske språk (IKOS) . Førstelektor Dag Tuastad peika på korleis konflikten mellom palestinarane og Israel har kome heilt i skuggen av krigen i Syria. ­

– Det er klart at når det er ein storkonflikt i Syria, kjem ein mindre konflikt mellom Palestina og Israel ikkje høgt opp på prioriteringslista til FN, trekte han fram. Han trudde at det ville skje endringar i forholdet mellom dei stridande partane i Palestina; Fatah på Vestbreidda og Hamas i Gaza straks ein ny generasjon leiarar overtar Fatah.

 – Leiarskapen i Fatah er ikkje blitt fornya på mange tiår. I dag er alle i 80-åra. Ein ny generasjon vil tilnærma seg Hamas, slik at dei kan stå saman som PLO, meinte Dag Tuastad.

– På kanten av eit gjennombrot for demokratiet i Irak

Doktorstipendiat Mathilde Becker Aarseth har forska på forholdet mellom Irak og Den islamske staten (IS).  Etter hennar meining er folk i Irak no blitt leie av sekteriske parti og regjeringar prega av korrupsjon. – Irak har store utfordringar.  I dei kurdiske områda i Nord-Irak er kvar tredje innbyggjar irakisk eller syrisk flyktning.  No er me likevel på kanten av eit gjennombrot for demokratiet i Irak med dagens regjering, meinte ho.

Tyrkia har skifta alliansepartnarar i Syria

Tyrkia er eitt av dei landa som har endra politiken sin overfor Syria frå krigen starta og til i dag.  Det kom førsteamanuensis Joakim Parslow inn på:

– Tyrkia var både bestevenn med USA og hadde god kontakt med president Assad i Syria. Seinast i 2012 var dåverande statsminister Rezip Erdogan på besøk i Syria.  Seinare meinte Tyrkia at krigen ikkje ville ta slutt før Assad hadde gått av.  Samtidig støtta Tyrkia fleire av opprørsgruppene. Seinare bevega Tyrkia seg nærmare både Russland og Iran, medan forholdet til USA blei dårlegare.  Men me skal også hugsa på at Tyrkia har tatt imot nærare 3 millionar flyktningar frå Syria, trekte han fram.

– Egypt og Israel saman mot IS-støttespelarar i Sinai

Professor Brynjar Lia peika på at Israel og Egypt har funne saman i jakta på Den islamske staten sine støttespelarar på Sinai-halvøya. – Der tar Egypt imot støtte frå Israel i kampen mot desse gruppene. Palestina-konflikten er i dag ikkje lenger så viktig som det som har skjedd rundt krigen i Syria. Ideologi spelar inga rolle. Geopolitikken har vunne fram, meinte han.  

Saudi-Arabias kronprins Salman driv med maktkonsolidering

Blant publikum i salen blei det etterlyst kva rolle Saudi-Arabia hadde i krigen i Syria og kva politikk det landet ville koma til å føra. Joakim Parslow kom inn på rolla til kronprins Salman i Saudi-Arabia.

 – Mykje handlar om behovet han har for maktkonsolidering. USAs president Donald Trump vil alliera seg med Saudi-Arabia mot Iran. I Syria er situasjonen ugjennomsiktig. Det er umogleg å sjå kva grupper Saudi-Arabia har støtta, USA har støtta og Tyrkia har støtta. Men Tyrkia har som regel støtta grupper som har bakrgrunn frå Den islamske brorskapen, sa Parslow.  Brynjar Lia var inne på det same.

– Det er få prosaudiske grupper som kjempar i Syria. Saudi-Arabia vil ikkje støtta gruppene som er knytte til Den islamske brorskapen slik som Tyrkia gjer.  Landet støttar heller ikkje Syrias president Assad og jihadistgruppene i Syria. Det som skjer i Saudi-Arabia i dag er ein del av kampen kronprins Salman driv for å konsolidera makta internt. Det som skjer no  blir dermed brukt i eit spel, meinte Brynjar Lia.

DISKUTERTE SYRIAKRIGEN: Korleis har krigen i Syria påverka Midtausten?  Det var temaet desse Midtaustenekspertane diskuterte på Humanioradagane. F. v. Brynjar Lia, Mathilde Becker Aarseth, Dag Tuastad og Joakim Parslow, alle frå Institutt for kulturstudiar og orientalske språk (IKOS) ved UiO. (Foto: Ola Sæther)

 

 

 

 

 

 

Emneord: Syria, Midtausten, Humanioradagene, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2018 20:04 - Sist endret 5. nov. 2018 20:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere