300 Oslo-studentar demonstrerte mot stipendkutt

Fjerninga av ein stipenddel på 256 millionar kroner har vekt sinne blant studentane i Noreg. I ettermiddag demonstrerte 300 av dei i Oslo mot regjeringa i protest mot stipendkuttet.

KLAR BODSKAP: Leiar Håkon Randgaard Mikalsen i Norsk studentorganisasjon bad regjeringa om å styrkja studiestøtta slik at studentane kan studera på heiltid i staden for å jobba deltid, då han heldt appell under demonstrasjonen mot stipendkuttet på Universitetsplassen i ettermiddag. Andre bodskap var meir direkte under demonstrasjonen. 

Foto: Ola Sæther

Me er ikkje perfekte. Derfor treng me ei utdanning og ei studiestøtte som er fleksibel nok til å ta vare på alle. Bevar stipendet. Det var hovudkravet frå Norsk studentorganisasjon då studentar i ni byar torsdag ettermiddag demonstrerte mot forslaget til regjeringa om å kutta i det årlege stipendet. 

Norsk studentorganisasjon meiner kuttet på 256 millionar kroner vil få store konsekvensar.  I dag får studentar omgjort inntil 40 prosent av studielånet til stipend etter kvart som dei skaffar seg studiepoeng. Regjeringa føreslår å kutta dette til 25 prosent, medan dei resterande 15 prosenta berre skal gjevast ved fullført grad og då  berre for studiepoeng som inngår i graden. Resultatet av det vil bli at studentar som byter studium undervegs, tar årsstudium eller enkeltemne i tillegg til graden, vil få høgare gjeld.

Det er dette studentane protesterte mot i dag. På Universitetsplassen i Oslo samla rundt 300 studentar seg å for å høyra appell frå leiaren for Norsk studentorganisasjon, Håkon Randgaard Mikalsen

– Styrk studiestøtta

­– Styrk studiestøtta slik at me kan studera på heiltid i staden for å måtta jobba deltid. Høgare utdanning er for alle, både for dei som heile tida veit kva dei vil og for dei som brukar tid på å finna det ut, sa Håkon Randgaard Mikalsen frå talarstolen framfor Universitets aula.

Han oppfordra også regjeringa til å koma studentane i møte: ­

– Innfør tettare oppfylging av studentane som ei hjelp til oss, føreslo han. Randal Mikalsen likte dårleg at regjeringa har føreslått å kutta i stipendet til studentane. ­

– Det er å ta frå ei gruppe som har lite å gi, meinte han.

RUNDT 300: Rundt 300 studentar demonstrerte i Oslo i protest mot regjeringas forslag om stipendkutt. (Foto: Ola Sæther)

– Forslaget vil få fleirtal i Stortinget

Norsk studentorganisasjon gav også ordet til ein stortingsrepresentant frå regjeringspartia, Kent Gudmundsen (H) som også er nestleiar i Stortingets forskings- og utdanningskomité. ­

– Dette forslaget vil til slutt få fleirtal i Stortinget. Det har også lege inne i budsjettdrøftingane heilt sidan dei begynte tidlegare i år. Då stipendkuttet først blei kjent, var det ingen stortingsrepresentantar frå andre parti som kom med forslag til endringar, peika han på. Han trekte også fram kva han meinte regjeringa hadde klart å få til for studentane.

 – Skal halda fram med å prioritera studentar

– Studentane vil no få elleve månader studiestøtte,og dei vil få utbetalt 2700 kroner meir i året enn i fjor. Denne veka kom meldinga om at regjeringa skal satsa endå meir på bygging av studentbustader, slik at me i 2019 vil vera oppe i rekordhøge bygging av 3300 studentbustader. Denne regjeringa har også gitt makta over studentsamskipnadane tilbake til studentane. Me skal halda fram med å prioritera studentar, lova Kent Gudmundsen.

SV-leiaren forsvarte retten til å endra studieval

SV-leiar Audun Lysbakken var ikkje like nøgd med studentpolitikken til regjeringa. ­

– Såg de leiaren i næringslivsavisa Dagens Næringsliv i går. Der stod det ei oppfordring til alle landets studentar: «Slutt å sutre». Når skal dei senda den same meldinga til milliardærane som heile tida sutrar seg til skattekutt frå denne regjeringa. Men studentane skal samtidig få stipendkutt, trekte han fram.

Også han støtta appellen til studentane og meinte at dei alle hadde rett til å endra val i løpet av studietida. ­

– Kven kan venta at ein 19-åring tar eit korrekt val for heile livet. Det må vera lov til å endra studium utan at det endar med stipendkutt, sa Audun Lysbakken.

Bytte frå siviløkonomi til geografi

Miljøpartiet Dei grønes talsperson, Arild Hermstad heldt appell til støtte for studentane. Han tok utgangspunkt i si eiga studenhistorie:

­ – Eg begynte på siviløkonomi på Noregs handelshøgskule i Bergen og ville kunne sjå fram mot eit liv med blådress og jobb i bank. Heldigvis snudde eg i tide og valde geografi. Seinare har yrkeslivet mitt heile tida dreia seg om å jobba for miljø og menneskerettar, sa Arild Hermstad. Han oppfordra studentane til ikkje å gi seg. ­

– Det må ikkje finna dykk i å bli ein salderingspost på budsjettet. Bevar stipendet!, var bodskapen hans til studentane og til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Martin Henriksen bad også studentane om å halda fram med kampen for å bevara stipendet. ­ – Regjeringa kuttar i studentstøtta no, noko den sparar pengar på, og så sender den rekninga til studentane når dei har studert ferdig, sa Martin Henriksen.Den bodskapen sende han også ut i ein video på Facebook saman med Ap-kollegga Torstein Tvedt Solberg,  I ein video Henriksen har publisert på Facebook-sida si, kjem også Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre på bana. ­ – Dette kuttet er me imot. Det er ikkje klok politikk. Me har eit betre forslag, og desse guta fylgjer opp, seier han og peikar på stortingsrepresentantane Martin Henriksen og Torstein Tvedt Solberg.

På bannera i demonstrasjonen i Oslo fekk forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø ei oppfordring som hadde denne ordlyden: «Vipps penger til meg, Nybø.» Andre banner hadde fylgjande tekst: «Ikke f... med stipendet» og «Invester i oss».

BANNER MOT ISELIN NYBØ:  Studentane i Oslo demonstrerte mot stipendkuttet med banner mot forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. (Foto: Ola Sæther)

 

 

Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2018 18:13 - Sist endra 30. nov. 2018 10:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere