– Eg synest Plan S er for moderat og ikkje går langt nok

– Eg er positiv til Plan S, men eg synest den er litt moderat og eg meiner at dei faktisk kunne ha tatt den endå lenger.  Det sa førsteamanuensis Alexander Refsum Jensenius i debatten om Plan S i Realfagsbiblioteket på UiO  i går ettermiddag.

SIKRAT KVALITETEN:: – Det er den opne tilgangen som sikrar kvaliteten på forskinga vår, sa førsteamanuensis Alexander Refsum Jensenius i debatt om Plan S på Blindern i går ettermiddag.

Foto: Martin Toft

Mellom 70 og 80 personar var til stades då UiO-rektor Svein Stølen i går ettermiddag kunne ynskja velkommen til den andre debatten om Plan S på Blindern på tre dagar. Plan S  er den store planen for å gjera all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg i  førebels 11 europeiske land. Også denne gongen var direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet på plass, men han hadde også fått med seg dagleg leiar for forskingsdatabasen CRIstin, Katrine Weisteen Bjerde ved Direktoratet for IKT og felles tenester i høgare utdanning og forsking.  

• Les i Uniforum: John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

– Forlaga set på for stor kontroll

Det var ein god grunn til at ho var blitt invitert til debatten:  – Det er me som har ansvaret for å inngå avtalar med dei store forlaga. Tidlegare fekk me reine abonnementsavtalar med dei. Til saman var det 39 avtalar med 174 institusjonar. I byrjinga gav me i god trur frå oss opphavsretten til forskarar til forlaga, fortalde Katrine Weisteen Bjerde. Ho deler skepsisen som John-Arne Røttingen har til dei store forlaga. – Forlaga set på for stor kontroll der institusjonane burde hatt langt større kontroll. Nyleg kjøpte selskapet Relx som eig Elsevier opp Times Higher Education. Det er litt skummelt, synest me, sa ho.

VERKAR: – Dagen etter lanseringa av Plan S, bad dei store forlaga oss om eit møte. Så det er heilt tydeleg at Plan S verkar, sa dagleg leiar for Cristin, Katrine Westeen Bjerde på eit debattmøte om Plan S på Blindern i går ettermiddag. (Foto Martin Toft)

– Plan S verkar

Etter hennar meining hadde lanseringa av Plan S allereie hatt ein effekt på dei store forlaga. – Ja, dagen etter lanseringa, bad forlaga om å ha eit møte med oss. Derfor er det ingen tvil om at Plan S verkar for å få dei til å flytta litt på seg, meinte ho.

– Dyrt og ineffektivt

Direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet gjentok hovudgrunnen til at forskingsråda i 11 europeiske land med støtte frå EU og Det europeiske forskingsrådet og to private stiftingar, har bestemt seg for å gjennomføra Plan S.

 – Dagens system for forskingspublisering er både dyrt og ineffektivt. Resultata frå offentleg finansiert forsking ligg bak betalingsmurane til forlag som kontroller 70 prosent av denne marknaden. No må dei spela på lag med oss. Derfor må dei forhandla med oss og derfor må me ha gode kort på handa. I dette tilfellet er dei gode korta forskarane, understreka han. Røttingen gav honnør til Sverige og Tyskland som allereie hadde tatt børa med å seia opp alle avtalane med forlaget Elsevier.

OPPLÆRING I PLAN S: Forskingsrådets direktør John-Arne Røttingen held fram med kampanjen for å informera Forskings-Noreg om Plan S. I går ettermiddag deltok han i ein debatt om Plan S på Realfagsbiblioteket på Blindern. (Foto:Martin Toft)

 Deadline 2024

– Innan 2024 skal all norske vitskaplege artiklar finansiert av offentlege midlar vera ope tilgjengelege, lova han. Sjølv om det førebels berre er 11 europeiske land som deltar i samarbeidet, trudde han det likevel ville ha noko å seia. – Til saman utfører desse landa 15 prosent av all global vitskapleg produksjon. Dermed er me store nok til at me kan påverka heile systemet, var han overtydd om.  Røttingen opplyste også om at dersom alt går etter planen vil tildelingar  frå Forskingsrådet og kontraktar Forskingsrådet  inngår etter 1. januar 2020 få krav om at resultata skal vera ope tilgjengelege.

– Litt moderat

I forskarpanelet som sleppte til etterpå, var førsteamanuensis Alexander Refsum Jensenius først ut. Jensenius, som også er nestleiar for senteret for framifrå forsking, Ritmo, gav full ryggdekning til John-Arne Røttingen og Forskingsrådet for arbeidet med Plan S.

 – Den er litt moderat, og eg meiner at dei faktisk kunne ha gått endå lenger. I musikkforskingsmiljøet vil me ha open tilgang i all sin breidde. Det er det som er min røyndom. Det er den opne tilgangen som sikrar kvaliteten på forskinga vår. Utan den blir det inga god kvalitetssikring av forskinga vår. Derfor seier eg nei til å driva fagfellevurdering av artiklar der ikkje alle data er opne tilgjengelege, fortalde Alexander Refsum Jensenius.

Men i forskarpanelet blei han ståande heller åleine med det standspunktet.

– Skeptisk

Professor Unni Olsbye frå Kjemisk institutt synest det er positivt med open tilgang.

– Eg er skeptisk til at Plan S skal klara å velta heile dagens publiseringssystem. Sjølv er eg redaktør for eit vitskapleg tidsskrift der me er opptekne av å leggja lista høgt før ein artikkel blir publisert. Om tidsskriftet skal få betalt for kvar artikkel, kan me risikera at lista blir lagt litt lågare. Det må vera mogleg å ha eit system der det er mogleg å gjera ei vurdering av arbeidet som ein forskar har gjort, meinte ho.  

– Sjokkterapi

Professor i statsvitskap, Carl Henrik Knutsen var positiv til Plan S, men han hadde likevel fleire men å koma med. – Kva blir effekten på forskingskvalitet og karrierevegen til forskarane? I 20 år har me prøvd å få til open tilgang utan særleg suksess. No ser det ut som om Forskingsrådet vil ta i bruk sjokkterapi på same måte som blei brukt etter Murens fall i dei tidlegare kommunistiske landa i Aust-Europa, meinte han.

SJOKKTERAPI: – No ser det ut som om Forskingsrådet vil ta i bruk sjokkterapi på same måte som blei brukt etter Murens fall i dei tidlegare kommunistiske landa i Aust-Europa, meinte professor i statsvitskap, Carl Fredrik Knutsen. (Foto; Martin Toft)

– Må skaffa oss ekstra tid

No ber Carl Henrik Knutsen Forskingsrådet om å tenkja seg om litt. – Me må tenkja gjennom konsekvensane av dette over tid. Me må derfor skaffa oss litt ekstra tid. Framleis har me til gode å sjå eit ras av andre forskingsråd i andre land som har meldt seg på, konstaterte han.  Direktør Tanja Storsul ved Institutt for samfunnsforsking foreslo ei eiga merking av forsking. – Det er naudsynt med ei form for S-merking av god forsking. Me treng ei ordning som får forskarar raskt til å sjå kva tidsskrift som er bra. Og så trur eg at eg vil råda Forskingsrådet til å venta til evalueringa i 2023 før det vrakar hybridordninga. Det kan henda at me må koma til å leva med hybridmodellen også etter den tid, spådde ho.

– Viktig for forskarane å få publisert i dei beste tidsskrifta

Kreftforskar Harald Stenmark var i utgangspunktet også glad for initiativet til Forskingsrådet om å lansera Plan S i Noreg. – Fleire gonger er eg einig med Plan S i deira initiativ for å fremja open tilgang til forsking. Me bør få has på makta til dei store forlaga som driv rein kartellverksemd, konstaterte han. Det var likevel ikkje alt han kunne støtta: – Som forskar likar eg ikkje å bli fortalt kva eg skal forska på og kvar eg skal publisera artiklane mine. På meg verkar det som om Plan S kom som ein god idé frå ein byråkrat, og så blei planen sett i verk utan at forskarane blei spurde, sa han. No fryktar han for fylgjene av dette:

– For meg er det viktig at me forskarar framleis får publisera i dei beste vitskaplege tidsskrifta. Med iverksetjinga av Plan S blir det ikkje mogleg for oss å publisera i Nature. Derfor trur eg Forskingsrådet har undervurdert kor viktig det er med eit hierarki av vitskaplege tidsskrift. Det må gjera det mogleg for norske forskarar å publisera i dei beste tidsskrifta. Elles kan dette føra til mindre søking av doktorgradskandidatar frå Asia og USA, peika han på.

– Ikkje einige om målet

 John-Arne Røttingen konkluderte med at han og motdebattantane hans ikkje var på linje i spørsmålet om Plan S.

– Me er verken einige om målet eller kva open tilgang er, konstaterte han.

Neste debattmøte om Plan S vil finna stad på Universitetet i Bergen 7. desember.

        UEINIGE OM PLAN S: Debattleiar og prorektor Åse Gornitzka leidde debatten mellom paneldeltakarane Alexander Refsum Jensenius, Unni Olsbye, Carl Fredrik Knutsen, Tanja Storsul og Harald Stenmark, (Foto: Martin Toft)
         

         

         

         

        Av Martin Toft (tekst og foto)
        Publisert 1. des. 2018 01:22 - Sist endret 1. des. 2018 15:19
        Legg til kommentar

        Logg inn for å kommentere

        Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
        Opprett ein WebID-brukar for å kommentere