UiO-forskarar på verdstoppen i siteringar i kjeveortopedi

– Eg er svært overraska over at me ligg på verdstoppen i kjeveortopedi. Det seier odontologiprofessor Bjørn Øgaard ved UiO som saman med tidlegare UiO-kollega Bjørn Zachrisson er på høvesvis fjerde- og tredjeplass over verdas mest siterte forskarar i kjeveortopedi.

OVERRASKA: Kjeveortopediprofessor Bjørn Øgaard blei overraska då han fann seg sjølv og tidlegare UiO-kollega Bjørn Zachrisson  på sitertingstoppen i faget. – Det er heilt klart at dette er vitskaplege artiklar som handlar om noko som folk flest i faget er opptatt av.  Det er bruksretta og praksisnær forsking, konstaterer han.

Foto: Ola Sæther

Det er det prestisjetunge vitskaplege tidsskriftet Angle Orthodonist som melder dette i den siste utgåva si. I ein  artikkel skriven av fire forskarar frå Helsefakultetet ved Universitetet i Valencia i Spania, er dei 100 mest siterte forskarane i verda i kjeveortopedi lista opp i ein bibliometrisk studie. Dei har sett på tidsperioden frå 1946 til 2016, og dei har brukt databasen til ISI Web of Science and Journal Citation Reports.

Der hamnar altså dei to UiO-professorane i kjeveortopedi,  Bjørn Zachrisson og Bjørn Øgaard på tredje- og fjerdeplass.  Det er berre den japanske forskaren T. Takano-Yamamoto og den amerikanske forskaren T. Deguchi som har fleire siteringar.  Men av dei to, er det berre Deguchi som er førsteforfattar på ein av artiklane som han er kreditert for. Derimot er Bjørn Zachrisson  førsteforfattar på  to av dei fire artiklane han er registrert med, medan Bjørn Øgaard er førsteforfattar på alle dei tre artiklane han har med i dette oversynet, og han har dessutan flest siteringar.  I ResearchGate har han over 5200 siteringar frå artiklar han har skrive gjennom heile forskarkarrieren sin.

UiO er verdas beste enkeltinstitusjon

Den biblometriske studien har også gått gjennom kva land dei 100 mest siterte forskarane i kjeveortopedi kjem ifrå. Då tronar USA på topp, fylgt av Noreg og Japan. USA har 49 artiklar på lista, medan Noreg og Japan har høvesvis 13 og 12 artiklar.  Men Universitetet i Oslo er den enkeltinstitusjonen som ligg heilt øvst på lista. Professor i kjeveortopedi Bjørn Øgaard trur han har forklaringa på kvifor Det odontologiske fakultetet ved UiO gjer det så bra på denne rangeringa.

– Opptar folk flest i faget

– Det er heilt klart at dette er vitskaplege artiklar som handlar om noko som folk flest i faget er opptatt av.  Det er bruksretta og praksisnær forsking, men og nyfikne-forsking som biologiprofessor Nils Christian Stenseth er så opptatt av å få fram i lyset.  Amerikanske forskarar seier dei les skandinavisk litteratur for å oppdatera seg i faget, fordi fagområdet  vårt er uavhengig. Det er viktig å få ut artiklar om tema som fagmiljøet også synest er interessante og nyttige for pasientane, understrekar han.  

Både Bjørn Øgaard og Bjørn Zachrisson har forska ved Avdeling for kjeveortopedi ved Institutt for klinisk odontologi ved UiO.

– Har prioritert vitskaplege konferansar

I hovudsak handlar dei vitskaplege artiklane som han sjølv og Zachrisson er siterte på, om ulike sider av tannregulering.  Bjørn Øgaard har sjølv hatt professorkollegaen sin Bjørn Zachrisson som lærar under utdanninga i kjeveortopedi:  – Det er flott at han og eg er så høgt oppe på denne lista.  Det tyder at me får aksept for den forskinga som me driv. Mange andre forskarar driv aktiv marknadsføring av seg sjølv og drar på turnear rundt omkring i heile verda som om dei var verdskjende pianistar. Det har ikkje eg syntest har vore så viktig, men eg har prioritert vitskaplege konferansar, slår han fast. 

Viser korleis fluoridar hemmar utviklinga av karies

Bjørn Øgaard viser også til kva forskinga deira rundt tannregulering har avdekt.

– Dei mest siterte artiklane våre skildrar mekanismane for korleis fluoridar hemmar utviklinga av karies rundt reguleringa, forklarar han. Vidare har dei funne at Karius og Baktus har fleire «syskenbarn» som kan laga karies rundt apparata. 

– Avdelinga vår har også vore verdsleiande på autotransplantasjon. Det vil seia at me kan erstatta ei utslått fortann med ei anna tann frå pasienten. Denne behandlinga blei utvikla i samarbeid med kirurgar hos oss allereie på 1960-talet, understrekar Bjørn Øgaard.

Han håpar no at ein av dei forskarane som har forska på autotransplantasjon, seier ja til ei professor II-stilling ved instituttet. 

– Ewa Czochrowska frå Polen var stipendiat hos oss på 1990-talet. Hennar vitskaplege artiklar er ofte siterte i vitskaplege tidsskrift, og ho kjem til å bidra til at talet på siteringar frå  kjeveortopedi ved UiO, også vil halda seg oppe i framtida,  trur han. 

– Vil tapa pengar på Plan S

Og så kjem Bjørn Øgaard med eit hjartesukk til slutt.

– For oss vil ikkje Plan S til EU og Forskingsrådet om at all offentleg finansiering av forsking skal vera ope tilgjengeleg (Open Access) frå 2020 vera ein fordel. Dei aller fleste vitskaplege tidsskrifta som me publiserer i, er amerikanske og  er ikkje med i avtalen om Plan S. Sidan desse tidsskrifta er svært spesialiserte og ikkje generelle, ligg dei i kategorien nivå 1-tidsskrift, altså ikkje i meisterligaen til dei generelle vitskaplege tidsskrifta som ligg på nivå 2, som er det beste nivået. Det tapar me pengar på. UiO betalar i dag tre millionar kroner i året til støtte til publisering i  tidsskrift med open tilgang, opplyser han. 

Øgaard viser til at samla betalar universiteta og høgskulane i Noreg 350 millionar kroner i året til dei internasjonale forlaga som gir ut vitskaplege tidsskrift. 

– Problemet for oss forskarar i odontologi og kjeveortopedi, er at  me publiserer i tidsskrift som berre forskarar og klinikarar les, presiserer Bjørn Øgaard.    

 • Les også artikkelen:  «The 100 most-cited articles in orthodonics: A bibliometric study» Beatriz Tarazona m.fl.  Angle Orthodonist

 

Emneord: Odontologi, Publisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2018 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere