UiO på 31. plass i verda på prestisjetung rangering over naturvitskap

Universitetet i Oslo er nummer 31 av dei 50 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen. Det viser eit oversyn som databasen the Nature Index har gjennomført innanfor naturvitskapleg forsking.

STIGANDE STJERNE: Universitetet i Oslo er mellom dei 50 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen. Det er satsinga på klimaforsking og geofaga som er hovudgrunnen til det, går det fram av rangeringa til vitskapsindeksen Nature Index 2018. 

Foto: Ola Sæther

Med plasseringa som nummer 31 kjem Universitetet i Oslo blant dei beste stigande stjernene på universitetshimmelen i den europeiske meisterligaen. Det er berre Max Planck Society i Tyskland, som gjer det betre i Europa med nittandeplassen sin. Bortsett frå endå eitt tysk universitet, er det elles berre universitet frå Storbritannia, Sveits, Nederland og Tsjekkia i Europa som klarer å koma seg inn på denne ekslusive femti-på-topp-lista. Med unntak for to universitet frå India,  eitt frå Saudi-Arabia og eitt frå Singapore er lista fullstendig overfolka av universitet frå Kina og USA.

University of Chinese Academy of Sciences tar førsteplassen

Denne rangeringa byggjer på forskingsartiklar innanfor naturvitskapen. Det er på dette forskingsområdet ikkje minst Kina satsar på. Nettopp difor er det truleg ikkje heilt uventa dei kinesiske universiteta som dominerer lista over dei 50 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen. På topp tronar University of Chinese Academy of Sciences, fylgd av Tsinghua University, Shanghai Jiao Tong University og Southern University of Science and Technology. Først på sjuandeplassen kjem det første ikkje-kinesiske universitetet. Det er Indian Institute of Technology. Det beste amerikanske universitetet på denne lista er University of California, Irvine på ellevteplass. Det beste europeiske finn me på 19.plass. Det er altså Max Planck Society i Tyskland. Universitetet i Oslo er det einaste universitetet frå Norden. på denne rangeringa. 

Framhevar forskingssatsinga i Noreg og fem andre land

I undersøkinga blir også Noreg saman med så ulike land som Kina, Austerrike, Brasil, Iran og Tsjekkia peika ut som dei landa som viser den raskaste stiginga i naturvitskapleg forsking. I artikkelen som omtalar funna i rangeringa, står det også ein eigen omtale av Universitetet i Oslo. Der blir det trekt fram at Universitetet i Oslo har fått 17 av dei 44 sentra for framifrå forsking som er blitt oppretta sidan starten i 2003. Fire av desse framifrå forskingssentra har vore i geofag og klimaforsking, blir det peika på. Det er akkurat på desse områda Universitetet i Oslo skårar best på oversynet til Nature Index 2018. Den viser til at det har vore ei dobling av den vitskaplege artikkelproduksjonen på desse fagområda berre i løpet av dei tre siste åra.

Måler talet på forskingsartiklar i 82 tidsskrift

Undersøkinga har målt talet på forskingartiklar frå kvar institusjon i 82 naturvitskaplege tidsskrift med godt ord på seg frå januar 2015 til og med 31. desember 2017. Tidsskrifta er plukka ut av ei uavhengig gruppe forskarar. Det blir operert med ein kategori som blir kalla for artikkelteljing (article count) der landet eller institusjonen blir gitt eitt poeng om den har minst ein forfattar frå den institusjonen eller landet. I tillegg opererer databasen med kategorien oppdelt teljing (fractional count). Der vil kvar artikkel få 1 poeng,så dersom det er ti forfattarar som har skrive ein felles artikkel, vil kvar av institusjonane dei tilhøyrer få 0,1 poeng for bidraget til den artikkelen. Om ein av forfattarane er tilsett ved fleire institusjonar blir poengsummen til vedkomande delt likt mellom dessse institusjonane.

Den same metoden blir brukt for å finna ut kor stor samla naturvitskapleg produksjon eit land har. Dataene som er brukte i oversynet til Nature Index 2018 er bygde på natureindex.com og dekkjer artiklar publiserte mellom januar 2012 til 31. desember 2017 på nasjonalt nivå, og frå 1. januar 2015 til 31. desember 2017 på institusjonsnivå. Hovudmålestokken er talet på kor mange oppdelte artiklar ein institusjon er ført opp med. Kvar institusjon vert rangert etter kor stor forandring det har vore i talet på oppdelte artiklar frå 2015 til 2017. I tabellen er det også mogleg å finna tal på den prosentvise endringa i oppdelte artiklar (fractional articles) mellom 2015 og 2017 og den globale rangeringa til institusjonen i 2018-tabellen. Det er også tabellar som viser dei beste akademiske institusjonane, dei beste universiteta soim er yngre enn 30 år og dei beste institusjonane innanfor kvart fagområde, går det fram av forklaringa av metodologien til Nature Index 2018.

Les tabellen over dei 200 raskast veksande stjernene på universitetshimmelen: 

Les  alt om Nature Index 2018

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering, Naturvitenskap Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2018 22:57 - Sist endra 19. sep. 2018 22:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere