Forskingsinstitutt har fast tilsetjing som norm

Forskingsinstitutt som SINTEF og Telemarksforsking har prosentvis langt fleire fast tilsette forskarar enn Oslo universitetssykehus og Folkehelseinstituttet. Men dei står i større fare for å bli oppsagte. Det viser ei undersøking utgreiar Jens Plahte har gjort for Forskarforbundet.

HELST FASTE STILLINGAR:  Forskarar i faste stillingar er hovudregelen hos forskingsinstitutta. Det er eitt av funna utgreiar Jens Plahte (lengst framme)  har gjort i ei undersøking. Her står han saman med klinikktillitsvald Linda Møllersen, OUS, tillitsvald Jan Hongslo, Folkehelseinstituttet og hovudtillitsvald Are Hugo Pripp, OUS.

Foto: Ola Sæther

Mellom 31 og 33 prosent av  forskarane ved Oslo universitetssykehus er mellombels tilsette. Ved Folkehelseinstituttet er rundt 16 prosent av forskarane mellombels tilsett, men heile 29 prosent av rådgjevarane er engasjerte i mellombelse stillingar.Det viser ei undersøking som har kartlagt graden av mellombelse stillingar ved Oslo universitetssykehus og Folkehelseinstituttet. 

Tidlegare mellombels tilsett ved Folkehelseinstituttet, Jens Plahte, fekk oppdraget om å sjå på omfanget av mellombelse stillingar ved Oslo universitetssykehus og Folkehelseinstituttet. Nyleg fekk han ei ny seks månader lang tilsetting hos Folkehelseinstituttet. Arbeidet med rapporten gjorde han som sjølvstendig konsulent. Oppdragsgjevar var lokallaga til Forskarforbundet på dei to institusjonane. Deretter har Jens Plahte funne fram til forskingsinstitutt som har satsa på faste tilsetjingar av forskarar. Ulempa er at desse forskarane står i fare for å mista jobben dersom det skulle bli mindre forskingsoppdrag for instituttet som dei arbeider for.  

479 mellombelse forskarstillingar ved OUS

Til saman er det 479 forskarstillingar som kan kallast mellombelse ved Oslo universitetssykehus. Det utgjer altså mellom 31 og 33 prosent av alle forskarstillingane. I tillegg kjem alle som sit i stillingar som postdoktorar.  – Det er 287 postdoktorstillingar totalt, noko som gir grunn til å vurdera kor vidt dette er reelle rekrutteringsstillingar. Sidan rekrutteringsstillingane ikkje blir rekna som mellombelse, kan dette representera ein «skjult midlertidighet» blant forskarar som elles ville vore tilsette  mellom dei som kjem inn under kjerne-forskingspersonalet, skriv Jens Plahte i undersøkinga. Han peikar på at berre 27 av postdoktorstillingane er faste. Men til saman 20 prosent av postdoktorane er anten i fast stilling ved Oslo universitetssykehus i forsking eller i anna verksemd. Når det gjeld tilsvarande tal for stipendiatane er den på 18 prosent.

   • Les i Uniforum: - Lykken over å være fast ansatt varte i to måneder

16 prosent mellombels tilsette ved Folkehelseinstituttet

Situasjonen ved Folkehelseinstituttet ser betre ut for forskarane, men ikkje for dei som sit i stillingar som rådgjevarar. 

Undersøkinga viser at mellom dei 246 forskarane ved instituttet, er 16 prosent mellombels tilsette. Men mellom dei 91 personane som har rådgjevarstillingar, er heile 29 prosent tilsette i mellombelse stillingar.

Jens Plahte peikar i undersøkinga på det er uvisse knytt til nokre av tala, og det er berre HR-avdelingane ved kvar institusjon som kan gå inn i tilsetjingsforholda og sjå på kor lange dei mellombelse kontraktane er. Nokre tilsette ved OUS er til dømes oppførte med meir enn ei stilling. Jens Plahte rår difor til at dei i framtida legg fram godt gjennomarbeidde og kvalitetssikra tal for tilsette i mellombelse stillingar i faste drøftingsmøte, slik som Arbeidsmiljølova også krev.   Når det gjeld kjønnsskilnader, så er det ei lita overvekt av kvinner i mellombelse stillingar ved OUS, medan det er nesten kjønnsbalanse i desse tala på Folkehelseinstituttet. 

"SKJULTE MELLOMBELSE STILLINGAR": :– Det er 287 postdoktorstillingar totalt ved OUS, noko som gir grunn til å vurdera kor vidt dette er reelle rekrutteringsstillingar. Sidan rekrutteringsstillingane ikkje blir rekna som mellombelse, kan dette representera ein «skjult midlertidighet» blant forskarar som elles ville vore tilsette  mellom dei som kjem inn under kjerne-forskingspersonalet, understrekar Jens Plahte i undersøkinga.

 

Heller faste enn mellombelse forskarar på SINTEF

Utgreiaren Jens Plahte har gått gjennom fem forskingsinstitutt som har fått rolla som dei som praktiserer ein personalpolitikk med mest mogleg fast tilsette forskarar og færrast mogleg i mellombelse stillingar. Det gjeld SINTEF, Telemarksforsking, Cicero Senter for klimaforsking, Fafo og NILU.

Gjennomgangen viser at sjølv om desse institutta har fast tilsetting som hovudregel, er det ikkje alltid nokon dans på roser å jobba der.  Men dei brukar berre mellombelse stillingar til rekruttering.  Det er likevel ikkje noka «kjære mor» dersom inntektene frå forskinga går ned.  Forskarar kan nemleg seiast opp, dersom finansieringa sviktar på eit forskingsfelt eller dersom ein enkelt forskar ikkje oppfyller dei innteningskravet vedkomande er blitt einig med arbeidsgjevaren om. 

Endå eit anna fellestrekk er at desse institutta har eit godt samarbeidsklima mellom leiinga og fagforeiningane.  Dermed vil moglege  prosessar med omstilling og nedbemanning gå føre seg med god utveksling av informasjon, og med høg grad av legitimitet, går det fram av rapporten.

• Les også: Ber UiO tilby sluttpakker til eldre forskarar som ikkje leverer

– Fast stilling er viktigast

Forskarforbundet synest det er interessante funn som er gjort i undersøkinga.  Og i fylgje avdelingssjef Bjørn T. Berg står forbundet fast på politikken om at flest mogleg av stillingane i akademia skal vera faste.

– For oss er fast stilling aller viktigast, også ved forskingsinstitutt som er avhengige av ekstern finansiering, og derfor av og til må seia opp folk. For så lenge desse forskarane er fast tilsette, har dei også ein del rettar i samband med oppseiingar og omstillingar, som dei mellombels tilsette ikkje har, understrekar Bjørn T. Berg.

Opererer med faktureringskrav

 Jens Plahte trekkjer fram den store skilnaden i finansiering av dei ulike forskingsinstitutta.

– Det vanlegaste var at arbeidsgjevaren  hadde krav om at  rundt 70 prosent av arbeidstida skulle fakturerast, konstaterte han. For forskingsinstitutta er det eit problem om ikkje alle forskarane oppfyller måla dei har sett seg. – Enkeltforskarar leverer av og til ikkje godt nok fordi dei ikkje kan søknadsskrivinga godt nok.  Då får ein fort søkjelyset på seg, og då kjem også linjeleiar inn i biletet, peikar han på. Dei gongene eit forskingsområde ikkje får god nok finansiering, hender det at nokre av forskarane må ta sin hatt og gå.– Mange sluttar og finn seg ein annan jobb på eiga hand. Derfor er det i praksis få oppseiingar. Problemet er at nokre gonger er det dei som dei helst ville ha halde på som sluttar, konstaterer Jens Plahte.

 – Må gjera opplæringsjobb

Linda Møllersen er klinikktillitsvald  for Forskarforbundet ved Oslo universitetssykehus. Ho meinte rapporten hadde ein klar bodskap. – Det er naudsynt å gjera ein opplæringsjobb med leiinga ved OUS på dette området, konkluderte ho med. 

Etter hennar meining vil OUS-leiinga ha mykje å læra av SINTEF-leiinga. –  Derfor er det svært viktig at denne rapporten ligg på bordet no. No kan me stilla krav. I dag gjer gruppeleiarane det dei vil, slo ho fast. 

– Eit akseptabelt nivå

Innhaldet i rapporten er også kommentert av assisterande forskingsdirektør Lillian Kramer- Johansen ved Oslo universitetssykehus..  – Tala de har kome fram til er slik som me hadde rekna med.  Så lenge me heile tida fylgjer opp rettane til kvar einskild tilsett, så er graden av mellombelse stillingar hos oss på eit akseptabelt nivå, seier ho.   Samtidig peikar ho i rapporten på ei positiv utvikling.

– Det positive i det høge talet på mellombels tilsette forskarar ved OUS, er at desse tala viser at me slår andre i stor grad når det gjeld evna vår til å skaffa forskingsmidlar frå Helse Sør-Øst, Forskingsrådet og EU, understrekar ho i kommentaren. 

Heller ikkje direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet er overraska over tala som kjem fram.

IKKJE OVERRASKA: Direktør Camilla Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet meiner det ikkje er mogleg i dag å seia om det er for høg grad av mellombelse stillingar ved institusjonen ho leier. (Foto: Jimmy Linus FHI)

– Me har allereie ein hovudregel om fast tilsetjing, og det er ikkje mogleg i dag å seia om det er for høg grad av mellombelse stillingar ved Folkehelseinstituttet eller ikkje, seier ho.  Men ho er einig i at det er ein type stillingar som har for mange mellombels tilsette. 

– Med unnatak av rådgjevarkategorien kan me i dag ikkje seia at graden av mellombelse stillingar er for høg. Men eg meiner at leiinga og dei tilsette har felles interesse i å ha ein låg grad av mellombelse stillingar, understrekar ho i ein kommentar i rapporten.  

Leiar for Forskarforbundet, Petter Aaslestad tykkjer at rapporten kjem med eit klart og viktig funn.

– Graden av mellombelse stillingar ved dei to institusjonane (OUS og Folkehelseinstituttet. red.merknad) er for høg, samanlikna med arbeidslivet elles. Me veit allereie at den er høgare i Universitetets- og høgskulesektoren enn andre stader, men for meg var det overraskande at den var så høg ved OUS, seier han i ein kommentar i rapporten.  


 

Emneord: Arbeidsforhold, midlertidighet, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2018 17:20 - Sist endra 23. aug. 2018 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere