– UiO må rekna med rammekutt på 100 millionar neste år

– UiO går mot tøffare tider og må truleg rekna med eit rammekutt på 100 millionar kroner frå 2019 eller 2020. Det opplyser rektor Svein Stølen til Uniforum.

VARSLAR KUTT: – For at me skal kunna få gjennomført naudsynt vedlikehald og pålagde IT-oppgåver, er me nøydde til å redusera budsjettet til einingane med rundt 100 millionar kroner, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Foto: Martin Toft

– Det blir få nye tiltak frå rektoratet i budsjettforslaget for 2019, stadfestar UiO-rektor Svein Stølen. Og det var i ein samtale med Uniforum om det som kunne sjå ut som eit kritisk budsjett for Scholars at Risk, men som likevel ikkje var det, han kunne avsløra at dei fleste einingane på UiO må førebu seg på hardare økonomiske tider dei neste par åra.

– Utfordrande situasjon

Det er dei store planane som blei sette i gang av det førre rektoratet som no fører til at UiO må skjera ned på budsjettet i 2019.

– Universitetet er i ein utfordrande situasjon økonomisk. Det gjer at det einaste nye tiltaket me kan halda fram med neste år er LINK, Senter for læring og utdanning. Også den satsinga blei vedtatt av det førre rektoratet. No kjem rekninga. For at me skal kunna få gjennomført naudsynt vedlikehald og pålagde IT-oppgåver, er me nøydde til å redusera budsjettet til einingane med rundt 100 millionar kroner, seier Svein Stølen.

Kan ikkje lenger bruka av mindreforbruket

Finansieringa av aktivitetar som ligg inne i UiOs planar er fram til no finansierte ved å låna av fakulteta sitt mindreforbruk. Totalt er det lånt 1 milliard kroner.

– Der er UiO best i sektoren på å setja midlar i omløp. Men no er den ramma brukt opp, og då må pengane hentast frå ramma til einingane, varslar han.

Han kjem også med eit lite hjartesukk.

– Det er lettare å vera den som presenterer nye tiltak og leggja til ting enn å stramma inn. Dessverre er det vorte slik at me må gjera det no, seier Svein Stølen til Uniforum.

Kostar å vedlikehalda bygningar

Rektoratet er innstilt på at masterplan for eigedom må fylgjast opp også i åra som kjem. I årsplanen for 2019-2021 og fordelinga for 2019 som blei presentert på møtet i universitetsstyret i mai, går det fram at det er vedlikehaldet av Kristian Ottosens hus på Blindern, der helsetilbodet til studentane skal takast vare på, Waldemar Brøggers hus på Tøyen og igangsetjinga av naudsynt vedlikehald av Eilert Sundts hus på Øvre Blindern, som vil eta opp ein stor del av pengane på neste årsbudsjett.

– Store etterslep i pålagde IT-oppgåver

 Rektor Svein Stølen peikar også på store etterslep av pålagde oppgåver i IT som den andre årsaka til dei varsla kutta i budsjettet.

– I tillegg må me halda fram med avbyråkratiserings- og effektiviseringskuttet på 0,8 prosent som regjeringa har pålagt alle statlege institusjonar. Det vil for UiOs del utgjera 44 millionar kroner i 2019, opplyser han til Uniforum.

Skal verna forsking og undervisning

Han har likevel ein klar bodskap å koma med.

– UiO skal så langt som mogleg verna både faglege aktivitetar og undervisning. Men dette tar av ressursane til fakulteta og institutta. Derfor må eit kvart framlegg vurderast kritisk.. For oss er det viktig at det blir gitt eit heilskapleg bilete av korleis den økonomiske situasjonen er for universitetet. Og forslaget til årsbudsjett er det sjølvsagt universitetsstyret som tar endeleg stilling til i møtet den 19. juni, understrekar han.

Men før det skjer, skal det også opp i eit såkalla IDF-møte med fagforeiningane. (IDF=informasjon, drøfting, forhandling). Det skal haldast torsdag 31. mai.

I 2017 hadde UiO eit samla budsjett på 7,8 milliardar kroner. Mesteparten av desse pengane er knytte til faste oppgåver. Derfor kan ei innsparing på 100 millionar merkast hos einingane fordi pengane må takast frå tiltak og satsingar som UiO sjølv har sett i gang.

Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2018 04:00 - Sist endret 24. mai 2018 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere