Trur ikkje erstatninga for seksuell trakassering vil danna presedens

– Resultatet av ei mekling vil berre ha verknad for partane og vil ikkje gjelda for andre saker. Det understrekar juridisk direktør Rune H. Kristoffersen i Statens pensjonskasse. I går fekk ein tidlegare UiO-forskar erstatning for yrkesskade etter seksuell trakassering ved UiO.

 YRKESSKADE: – Alvorlege hendingar som oppstår over eit kortare tidsrom kan reknast som ein yrkesskade, seier juridisk direktør Rune H. Kristoffersen i Statens pensjonskasse etter at SPK har gitt erstatning for yrkesskade etter seksuell trakassering på UiO.

Foto: Statens pensjonskasse

Det var i går den tidlegare doktorgradsstipendiaten ved UiO, Birgitte Moesgaard Henriksen inngjekk eit forlik med Statens pensjonskasse der ho blei tilkjent erstatning for yrkesskade påført henne av seksuell trakassering på Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

  • Les i UniforumFår erstatning etter seksuell trakassering på UiO

Juridisk direktør i Statens pensjonskasse, Rune H. Kristoffersen, har gått inn i saka og understrekar at SPK ikkje kan kommentera enkeltsaker.

– Men på generelt grunnlag kan me seia at nokre saker ligg slik til at rettsmekling kan vera ei god løysing for begge partar. Rettsmekling går ut på at partane forsøker å bli einige om ei løysing ved å bruka ein meklar. Alternativ til rettsmekling er ei rettssak, som kan gå over fleire år, seier han.

 – Langvarig mobbing og trakassering fell utanfor

Kristoffersen meiner at dette forliket berre gjeld for denne saka og ikkje kan danna presedens.

– Resultatet av ei mekling vil berre ha verknad for partane og vil ikkje gjelda for andre saker, slår han fast.

Kristoffersen peikar også på at det er ei klar grensedraging mellom kva saker som kan reknast som yrkesskade.

– Psykiske påkjenningar eller belastningar over tid, til dømes tilfelle av langvarig mobbing og trakassering, fell utanfor yrkesskadeforsikringa sitt dekningsområde. Alvorlege hendingar som oppstår over eit kortare tidsrom kan reknast som ein yrkesskade, seier han til Uniforum.

Etter hans meining kan det ofte vera vanskeleg å vurdera.

– Dette må vurderast heilt konkret i kvar enkelt sak, og reiser ofte vanskelege og kompliserte bevisspørsmål – særleg i saker der hendingane skjedde for mange år sidan, understrekar Rune H. Kristoffersen.

– Nyttar å varsla

I dag kjem også Birgitte Moesgaard Henriksen med sin eigen kommentar etter at det i går blei klart at ho får erstatning for yrkesskade som er eit resultat av seksuell trakassering medan ho var doktorgradskandidat på Universitetet i Oslo.

INNGJEKK FORLIK: Det var i går tidlegare UiO-forskar Birgitte Moesgaard Henriksen og advokaten hennar John Christian Elden kunne gjera kjent at ho hadde inngått eit forlik med Statens pensjonskasse som vil gi henne erstatning for yrkesskade som eit resultat av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

– Dette er ein svært viktig prinsipiell siger for alle som er utsette for trakassering, mot maktmisbruk og dårleg leiarskap. Eg vil trekkja fram begge advokatane mine, både John Christian Elden og Max Henrik Jespersen og medarbeidarane deira som gode støttespelarar. Eg opplever at det er ei ny tid og at det nyttar å varsla om slike lovbrot, sjølv om dei offentlege instansane sviktar totalt, seier Moesgaard Henriksen i ein kommentar til Uniforum.

Ti år lang kamp

Birgitte Moesgaard Henriksen har i over ti år prøvt å få offentlege styresmakter til å handsama saka hennar om seksuell trakassering. Ho skulda rettleiaren sin for å driva med sexpress overfor henne. Saka blei meld inn til hovudverneombodet ved UiO, til Likestillings- og diskrimineringsombodet og Arbeidstilsynet. Ingen ville handsama saka.

I fjor sommar fekk ho avslag på å få eit møte med arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. No har ho altså inngått eit forlik med Statens pensjonskasse som vil betala henne erstatning av ukjent storleik fordi ho har fått ein yrkesskade på grunn av seksuell trakassering ved UiO. I dag er ho uføretrygda.

   • Les i Uniforum: Gamle varslarar står opp for nye i akademia

   • Les i Uniforum: Varsler om seksuell trakassering på odontologi

   • Les i Uniforum: UiO beklager trakassering på odontologi

   • Les i Uniforum: Starta varslingstelefon om seksuell trakassering

– Nulltoleranse for seksuell trakassering

Birgitte Moesgaard Henriksen har også hatt andre støttespelarar enn advokatane sine. Ein av dei er stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård frå Sosialistisk Venstreparti.

– Det er gledeleg at Birgitte Moesgaard Henriksen er blitt trudd på og får ei avslutning på saka si etter så mange år.

– Trur du at den kan danna presedens for andre saker om seksuell trakassering?

– Det den i alle fall fortel, er at i Noreg skal det vera nulltoleranse for seksuell trakassering, og det er heller ikkje offera som skal ta børa med å ha blitt utsette for dette. På den måten håpar eg saka kan danna presedens.

Freddy André Øvstegård finn grunn til å trekkja fram innsatsen til Birgitte Moesgaard Henriksen.

– Gårsdagen var ein stor og viktig dag for henne, og eg vil gjerne gratulera henne med resultatet. Det er godt at ho endeleg kom i mål, etter at me tidlegare har hatt fleire møte med henne om denne saka, seier Øvstegård til Uniforum.

 

Emneord: trakassering, Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2018 16:16 - Sist endra 13. apr. 2018 16:16

Juridisk direktør Rune H. Kristoffersen i Statens pensjonskasse hevder det er ei "klar grensedraging mellom kva saker som kan reknast som yrkesskade." 

Dette er, etter mitt syn, ikke klart, for vi trenger lover som dekker alle former for trakassering, ikke de som utelukkende er av kortvarig, seksuell art.  Det er underlig at juridisk direktør definerer en klar grenseoppgang mellom kortvarig  seksuell trakassering, og annen typer trakasseringsformer som i følge hans egen definisjon faller utenfor yrkesskadeforsikringa:       

– Psykiske påkjenningar eller belastningar over tid, til dømes tilfelle av langvarig mobbing og trakassering, fell utanfor yrkesskadeforsikringa sitt dekningsområde. Alvorlege hendingar som oppstår over eit kortare tidsrom kan reknast som ein yrkesskade, seier han til Uniforum.

Når enkeltpersoner går til søksmål mot institusjonene, er det snakk om erstatning, og i slike saker, der maktforholdet er så skjev og markant,  handler det om å ha gode advokater som kjenner subtiliteten i rettssystemet.

Heidi Thorp Stakset

 

Heist@webid.uio.no - 13. apr. 2018 21:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere