Lill-Ann Chepstow-Lusty fekk Noregs mest prestisjetunge fotopris

Fotograf Lill-Ann Chepstow-Lusty på Kulturhistorisk museum ved UiO fekk i  ettemidddag utdelt Leif Preus Minnepris for 2018. Ho får prisen mellom anna for grunnlovsutstillinga ho stod bak i Historisk museum i 2014.

GLAD PRISVINNAR: Lill-Ann Chepstow-Lusty er svært glad for å ha fått tildelt Leif Preus' Minnepris for 2018. – Eg synest det er svært hyggeleg å få ein slik pris, seier ho.

Foto: Ola Sæther

– Ja, eg blei svært overraska då eg fekk beskjed om at eg hadde fått denne prisen.Den har same status blant fotografar som Brage-prisen har mellom forfattarar. Eg såg ikkje denne prisen koma, smiler Lill-Ann Chepstow-Lusty dagen etter at ho har fått nyhendet.

Dette er Leif Preus Minnepris: Prisen blei etablert i 2014 av Nordic Light International Festival of Photography for å heidra Leif Preus sitt minne. Tidlegare prisvinnarar er Tore Holter (2014), Johan Brun (2015) Morten Løberg (2016).

Kjelde: Nordic Light International Festival of Photography

I dag er ho i Kristiansund for å ta imot prisen som er grunnlagt av ein av Nordens beste fotofestivalar, Nordic Light International Festival of Photography. Prisen blir delt ut av kunstnarisk leiar for festivalen, fotograf Morten Krogvold. 

– Fint med heider

Lill-Ann Chepstow-Lusty synest det er fint at ho blir heidra for å ha vore kurator for grunnlovsutstillinga «Ja vi elsker frihet» i Kulturhistorisk museum i jubileumsåret 2014.

  • Les i Uniforum: Fridom som sprengjer grenser

– Slo tilbake alle forsøk på sensur

– Utstillinga av fotografia til Marcel Leliënhof av Hells Angels, «Helvetes engler» var det fleire politikarar som ville stansa. Ein av dei var dåverande stortingspresident Olemic Thommessen. Heldigvis klarte både dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen og dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen å forsvara ytringsfridomen, så alle forsøk på sensur blei drivne tilbake. For meg var det viktig å få støtte frå dei og frå tidlegare museumsdirektør Rane Willerslev og fungerande museumsdirektør Karl Kalhovd i den striden, fortel Chepstow-Lusty til Uniforum.

Homofile sine rettar i Noreg

Andre delar av utstillinga handla om dei homofile sine rettar i Noreg, nazistane sin propaganda og arkeologi i Noreg og om røykaren som eit historisk minne.

Ho får også Leif Preus Minnepris for andre fotoprosjekt om norske cowboyar, om internasjonale vikingfestivalar og om skeive barn «Gay Kids».– Eg synest det er svært hyggeleg å få ein slik pris. Faktisk så sat eg i ein periode i styret for Preus Fotomuseum i Horten, så difor kjenner eg godt til Leif Preus, fortel ho.

No skal Lill-Ann Chepstow-Lusty nyta og feira prisen i Kristiansund.

• Les også i Uniforum: Med blikk for det sære

 

 

Emneord: Priser, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2018 17:08 - Sist endra 27. apr. 2018 17:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere