Statsminister Erna Solberg opna ShareLab i Forskningsparken

– Dette er ein fin inspirasjon for oss til å tenkja på korleis me kan få fram slike spesialiserte gründerbedrifter som Noreg treng. Det sa statsminister Erna Solberg til Uniforum i dag etter å ha opna og fått omvising i ShareLab i Forskningsparken ved UiO.

OPNA SHARELAB: Statsminister Erna Solberg opna delingslaboratoriet ShareLab ved hjelp av Esben A. Nielsen, som er bioentreprenør og  dagleg leiar av laboratoriet.

Foto: Martin Toft

– Inntrykket mitt er at det er utruleg spennande bedrifter og tankar om å skapa bedrifter her, og teknologiar som blir utforma. Det sa statsminister Erna Solberg  til Uniforum etter at ho hadde fått ei omvising i laboratoriet til ShareLab i Forskningsparken ved Universitetet i Oslo. Like før hadde ho utført den offisielle opninga av ShareLab, saman med laboratoriesjef Espen Nilsen, gjennom å blanda litt fargestoff i svære reagensrøyr slik at innhaldet blei blåfarga. 

Etterpå tok han statsminister Erna Solberg rundt i laboratoriet der ho blant andre møtte odontologisforskaren Håvard J. Haugen i firmaet Corticalis. som heilt tilfeldig hadde kome på ideen om å utvikla ein ny metode for  vekst av nytt beinvev som er sterkare enn tidlegare materialar, og som også er betre for å eit betre blodomløp for dei som må transplantera inn nytt beinvev etter til dømes ein kreftsjukdom. Så langt er materialet berre prøvd ut på mus, men han og forskargruppa hans har nettopp fått løyve til å prøva det ut på menneske også. 

NY METODE: Statsminister Erna Solberg fekk ei innføring frå odonologiiforskar Håvard J. Haugen om korleis dei er i ferd med å utvikla ein ny metode for å få betre og meir levedyktig beinvev. Delvis skjult står instituttleiar Jan Eirik Ellingsen ved Odontologi. Lengst til høgre står viserektor Per Morten Sandset ved UiO. (Foto: Martin Toft)

– Gir meirverdi

Statsminister Erna Solberg var storleg imponert både av både det han og dei andre forskarane heldt på med.

– Det er det gøye med å sjå det i praksis. Å få tilgang til eit slikt laborotorium som dette i fellesskap med andre gir jo eit grunnlag for å starta og prøva ut ting heilt frå byrjinga. Det har ein meirverdi samanlikna med det å kjøpa seg inn i eit kommersielt laboratorium for å gjera dei same testane.  Her er det andre folk som har kunnskap om å kunna driva med testing i laboratoriet. 

– Kan få fram nye teknologiar

– Ser du på dette som eit døme for andre institusjonar i Noreg?

– Ja, absolutt. Dette er ein fin inspirasjon for oss til å tenkja på korleis me kan få fram slike spesialiserte gründerbedrifter som me treng. Slik kan me få fram nye teknologiar og sørgja for korleis industrien i Noreg kan veksa og skapa fleire arbeidsplassar som er kunnskapsbaserte, understreka Erna Solberg, like før ho måtte hasta vidare.

Mest moderne laboratoriet i Oslo

Det er selskapet VWR som har bygt ShareLab som er det mest moderne laboratoriet for bioteknologi og livsvitskap i Oslo. Ideen har dei henta frå USA og frå StartupLab-inkubatormiljøet, som dei starta opp i Forskingsparken for få år sidan. Då Uniforum som første avis skreiv om laboratoriet i november i fjor, sa Mads Øgaard i Oslotech fylgjande om kva ambisjonar dei hadde for forskarane som ville leiga seg inn i dette laboratoriet.

– Her kan dei få alt naudsynt utstyr for å kunna driva med cellekulturar og andre felt i bioteknologi. For ei månadsleige på 16 000 kroner før moms og ei månadleg medlemsavgift på 2000 kroner, får forskarar tilgang til det mest moderne laboratoriet i Oslo. På den måten vil dei spara mange tusen kroner, samtidig som dei blir ein del av eit forskarfellesskap. Dessutan kan dei koma i kontakt med private selskap og investorar, fortalde Marius Øgaard.

Over 30 gründerar kan vera i lokala samtidig

Laboratoriet har både kjøleskap og fryseboksar for celleprøvar og alt anna tilbehør som alltid er ein del av eit laboratorium. Også gode avtrekksvifter er på plass. Til saman er det 24 arbeidsplassar i laboratoriet medan det er 36 kontorplassar i tillegg. Dermed vil altså meir enn 30 gründerar halda til i laboratoriet og i arealet rundt samtidig. Dessutan vil eigne tilsette i ShareLab leggja forholda til rette for forskarane, går det fram av eit informasjonsskriv frå OsloTech.

Og i ettermiddag var heile lokalet og myldreområdet rundt fullt av inviterte gjester som ville oppleva at statsminister Erna Solberg opna delingslaboratoriet ShareLab.

     • Les meir i Uniforum: Flunkande nytt laboratorium tilbyr plassar til enkeltforskarar i bioteknologi.

 

 

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2018 16:24 - Sist endret 3. apr. 2018 14:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere