I morgon legg regjeringa fram nytt lovforslag om forbod mot ansiktsdekkjande plagg

Fredag 23. mars legg ministrane Jan Tore Sanner, Iselin Nybø og Siv Jensen fram lovforslag om eit nasjonalt forbod mot ansiktsdekkande plagg i barnehagar og utdanningsstadar.

FØRESLÅR FORBOD: Regjeringa vil i morgon leggja fram eit lovforslag om å forby ansiktsdekkjande plagg i på utdanningsstader og i barnehagar.

Foto: Illustrasjonsfoto: Ola Sæther

Regjeringa vil forby ansiktsdekkjande plagg på alle utdanningsstader og i barnehagar.  Det er hovudinnhaldet i lovforslaget som ministrane Iselin Nybø, Jan Tore Sanner og Siv Jensen vil presentera på ein pressekonferanse i Kunnskapsdepartementet  i morgon klokka 12.00.

Det var rett før sommarferien i fjor regjeringa ved kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og  innvandrings- og integreringsminster Per Sandberg la fram det første lovforslaget mot ansiktsdekkjande plagg på utdanningsstader og i barnehagar. Den gongen møtte forslaget nesten unison motstand frå universitetsrektorane.  Forslaget har no vore ute på høyring. 

• Les meir i Uniforum: Regjeringen vil forby bruk av ansiktsdekkende plagg

Framlegget møtte også motstand frå Norsk studentorganisasjon som i høyringsfråsegna si fryktar at eit forbod mot ansiktsdekkjande plagg ville hindra kvinner  å ta utdanning.

Men i oktober i fjor skreiv 34 professorar frå heile landet under på eit opprop der dei støtta innføring av nikab-forbod på utdanningssinstitusjonane. 

    • Les meir i UniforumUiO-professorer med klar tale: – Forby nikab ved universitetene

Det blei møtt av eit nytt innlegg frå andre professorar som meinte det var heilt unødvendig med eit slikt forbod.

    • Les meir i Uniforum:  Akademikere går imot nikab-forbud

Rektor Svein Stølen har også gått ut og gjort det klart at det ikkje er naudsynt å innføra forbod mot eit ansiktsdekkjande plagg.

    • Les meir i Uniforum: Stølen: – Bør håndheves uten et så sterkt virkemiddel som forbud

.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Studentsaker, Studentforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2018 13:08 - Sist endret 22. mars 2018 13:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere