"Engelen" på Blindern tok danskebåten til Nationalmuseet i Danmark

No er den engleliknande figuren framfor Niels Henrik Abels hus på Blindern vel framme i København. Der skal Medianfiguren reparerast for skader påført av ver og vind.

REISEKLAR: "Engelen" vert tatt hand om av mannskap frå Bevaring og Naturvidenskabs Skulpturværksted ved Nationalmuseet i København.  Dei plasserer figuren i ein kasse, før ferda skal gå vidare med danskebåten til Danmarks hovudstad.

Foto: Ola Sæther

Det var på torsdag 22. mars mannskap frå Nationalmuseet i Danmark kom til Blindern for å ta med seg Medianfiguren på danskebåten til København. Der skal figuren behandlast av ekspertar ved  Bevaring og Naturvidenskabs Skulpturværksted ved Nationalmuseet i Danmark.

– Best på sink

 Kurator Ulla Uberg ved Universitetets kunstsamling forklarar gjerne kvifor.

– Medianfiguren er laga av sink. Dette er eit krevjande og skjørt materiale og profesjonell handtering og konservering er viktig. Nationalmuseet i Danmark har lang erfaring i å konservera sinkskulpturar. Dei har naudsynt kompetanse og eigna verkstader til arbeidet. Å arbeida med sink krev mellom anna godt HMS-utstyr fordi samansveisingane inneheld bly, understrekar ho.  

ENDELEG I BOKS: Medianfiguren er plassert i kassen og klar for å bli frakta vidare med lastebil og danskebåten til København. (Foto: Ola Sæther)

Reparerte fem skulpturar for Oslo kommune

Ulla Uberg fortel at dei har vore i kontakt med både Folkemuseet på Bygdøy og med Oslo kommune som har sendt figurar til dei same ekspertane.

– Innan kunstforvaltning er samarbeid viktig, slik det er på mange felt. I arbeidet fram til konserveringa av figuren har kontakten med metallkonservator på Folkemuseet og Oslo kommunes kunstsamling vore viktig. Det er stadfesta at det er Nationalmuseet i Danmark som er best på sink. Oslo kommune har til no konservert fem sinkskulpturar der. Den siste kom tilbake torsdag 22. mars  i samband med at Medianfiguren drog ut på si ferd. Det var på høg tid. Skulpturen skal vera tilbake innan 31. oktober, er håpet til Ulla Uberg. 

DEN ELDSTE UTESKULPTUREN: Medianfiguren er den eldste uteskulpturen til Universitetet i Oslo. Opphavleg stod den på toppen av Domus Media i sentrum og kan knytast til arkitekt Christian Heinrich Grosch. (Foto: Ola Sæther)

– Den eldste uteskulpturen til UiO

Den engleliknande figuren er verna og har ei svært lang og omskifteleg historie.

Medianfiguren er den eldste uteskulpturen til UiO. Det var arkitekt Christian Heinrich Grosch som sjølv bestilte skulpturen hos Geiss sinkstøperi i Berlin. Skulpturen kom på plass på toppen av midtgavlen til Domus Media i oktober 1853. Han vart tatt ned i 1901. Etter det vart skulpturen handsama heller dårleg. Men i 1986 vart han sett opp på plassen sin på Blindern, fortel Ulla Uberg.

HARDE TAK: Det er ein tøff jobb å dra opp boltane som held Medianfiguren på plass på Pytagoras` hage framfor Niels Henrik Abels hus. (Foto: Ola Sæther)

Freda kulturminne

– Medianfiguren er eit kulturminne og omfatta av fredingsvedtaket for parken på Blindern. Skulpturen tilhøyrer den opphavlege utsmykkinga på Domus Media i sentrum og kan knytast direkte til arkitekt Grosch. Figuren fortel om historia til UiO og er på ein måte eit bindeledd mellom Sentrum og Blindern,  seier Ulla Uberg til Uniforum.

Dette er likevel ikkje første gong Medianfiguren har vore til reparasjon. I 1998 var den på ein kort tur til ein metallsnikkar ved Akerselva på Torshov. Det kan du lesa meir om i denne artikkelen i Uniforum.: "Engelens" reddande engel

KLAR FOR REISA: Då er Medianfiguren godt plassert i kassen og turen går med lastebil med danskebåten til København. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Kunst, Kultur Av Martin Toft /
Publisert 26. mars 2018 13:21 - Sist endra 26. mars 2018 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere