Jussprofessor Benedikte M. Høgberg: – Eg er optimist

– Eg er optimist, og trur at me alle kan koma styrkte ut av dette, seier jussprofessor Benedikte M. Høgberg i ein kommentar til Uniforum. Leiaren for jusstudentane Maria Conradi tvilar på at eit allmøte åleine vil løysa konflikten.

OPTIMIST: Jussprofessor Benedikte M.Høgberg trur alle kan koma styrkte ut av debatten på juss. Foto: UiO

Uniforum har vore i kontakt med jusprofessor Benedikte M. Høgberg. Det var i førre veke det blei kjent at jusstudentane blei opprørte etter at ho mellom annan hadde kalla dei  for bortskjemte og at dei såg på universitetet som ein skule.

Dette er saka:

I førre veke kom det fram at jussprofessor Benedikte M. Høgberg hadde byrja ei førelesing med ein tre minutt lang tale om alt som er gale med jusstudentane i dag. Ho nemnde både bortskjemte studentar, samlebandsuniversiteta og Jodel. Høgberg var svært opprørt over at studentane såg på universitetet som ein skule.

Innlegget førte til fleire sinte innlegg på jusskanalen til Jodel. Samtidig la mange også kommentarar under Facebook-innlegget til Benedikte M.Høgberg.

Tysdag 20. mars blir det allmøte for alle jusstudentane og lærarar på Det juridiske fakultetet der det verbale slagsmålet blir tema.

(Kjelder: Universitas, jussdekan Dag Michalsen og leiar for Studentparlamentet, Jens Lægreid)

Ho ser positivt på at studentane og fakultetsleiinga skal snakka meir saman.

– Det er fint at studentane og fakultetsleiinga kommuniserer vidare om kva forbetringar  som enkelt kan gjerast ved jusstudiet. Me har mange flinke og samvitsfulle jusstudentar, og det er viktig at stemma deira blir tatt på alvor. På sikt håpar og trur eg at fakultetet og studentane kan etablera ei plattform basert på kva realistiske forventingar me kan ha til kvarandre. Eg er optimist, og trur at me alle kan koma styrkte ut av dette, seier Benedikte M. Høgberg i ein kommentar til Uniforum.

Ikkje viss på om allmøtet vil løysa konflikten

Også leiaren for Juridisk studentutval (JSU) Maria Fiorello Conradi ser lyst på utsiktene til å skapa betre forhold mellom professorar og jusstudentar. Men ho veit ikkje om eit allmøte vil løysa konflikten.

– Me håpar først og fremst at debatten vil visa at det ikkje er store motsetningar mellom det studentane og fakultetsadministrasjonen meiner om kor viktig det er med pedagogiske evner hos professorane. Om konflikten vert løyst på tysdag, eller om debatten held fram, veit me ikkje før i etterkant av debatten på tysdag, understrekar ho. Samtidig peikar Conradi på at  uavhengig av det, viser Benedikte M. Høgbergs utsegner at denne debatten er viktig.

 – Studentane som var modige nok til å svara henne på Facebook viser at debatten også er viktig for studentmassen ved Det juridiske fakultetet. Maria Conradi meiner det viktigaste for jusstudentane er gode professorar.


– Det inneber både at ein er fagleg flink og pedagogisk sterk, uavhengig av t.d. kjønn og alder. Underholdningsverdien er irrelevant. At me stiller desse krava til professorane våre tyder at desse også kan stilla krav til studentane. Det viktigaste av alt er at begge partar stiller førebudd til undervisning, og at ein viser interesse for faget, legg ho vekt på. Conradi synest den omstridde jussprofessoren er mellom dei gode professorane.

 – Benedikte Høgberg er sjølv det me vil kalla ein god professor. Ho har både det faglege og det pedagogiske på plass, og eg trur studentar vil halda fram med å gå på førelesingane hennar, seier Maria Conradi. Ho forstår kvifor studentane blei frustrerte då Høgberg annonserte at ho ville slutta å ta opptak av førelesingane.

– At studentane opplevde det som ei straff at ho slutta med podkast ei stund, forstår me. Og JSUs oppgåve er å ta vare på studentane sine interesser. Podkast er i seg sjølv viktig for studentane på mange forskjellige måtar, og det er eit gode me set stor pris på. 

   • Les også i Uniforum: Dekanen og studentleiaren vil betra forholdet mellom jusstudentane og førelesarane

 

Emneord: Jus, Studentforhold, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 19. mars 2018 12:26 - Sist endret 20. mars 2018 10:57

Leder for Juridisk studentutval (JSU) Maria Fiorello Conradi uttaler:

– Me håpar først og fremst at debatten vil visa at det ikkje er store motsetningar mellom det studentane og fakultetsadministrasjonen meiner om kor viktig det er med pedagogiske evner hos professorane"

Jeg må spørre om Conradi har forstått hva jusprofessor Høgberg forsøker å si, både med hensyn til holdninger blant studentene og måten de omtaler sine forelesere. Studentene viker å ha små ambisjoner på vegne av seg selv og de oppfører seg som kunder i et marked der de skal være tilfreds for enhver pris, og ikke arbeide og fokusere på fag. Kanskje er det ledelsen ved Universitetet som har avlet fram denne type student. Et barn som oppdras slik, uten grenser, blir en diktator som setter dagorden, og er i stand til å selge sin mor.  Det er psykologisk interessant  fordi det nettopp rammer kvinner ved fakultetet, som et klassisk eksempel på fenomenet "morsklandring".

Heidi Thorp Stakset 

 

Heist@webid.uio.no - 19. mars 2018 18:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere