Ber 160 000 studentar svara på helseundersøking

Den 6. februar startar studenthelseundersøkinga SHoT 2018 opp blant 160 000 studentar i heile landet. – Eg håpar den skal visa ei betring samanlikna med 2014, men eg fryktar den blir verre, seier Mats Johansen Beldo i Norsk studentorganisasjon.

ANSVARET: – Både vertskommunen og institusjonen har ansvaret for studenthelse. Det er det viktig å understreka, seier leiar for Norsk studentorganisasjon, Mats Johansen Beldo til Uniforum.  

Foto: Ola Sæther

Den 4. september skal funna frå Studentane si helse og trivselsundersøking SHoT 2018 leggjast fram. Den førre undersøkinga frå 2014, viste at 19 prosent av studentane sleit med den psykiske helsa.

 – Den gongen var det 29 prosent av studentane som svara. Denne gongen håpar me at 68 prosent av dei 160 000 studentane svarar på spørjeskjemaet, seier Kari Jussie Lønning som er leiar for styringsgruppa for SHoT 2018, og som tidlegare har vore leiar for SiO Helse i Oslo.

Vil ha hjelp frå førelesarane

Både ho og Mats Johansen Beldo oppfordrar førelesarane til å hjelpa dei med å få studentane til å svara på undersøkinga. – Det hadde vore utruleg flott om dei kunne brukt eit kvarter av ei førelesing til å få studentane til å svara på undersøkinga. Det hadde vore til stor hjelp, meiner Lønning og Beldo Johansen.

– Kommune og institusjon har ansvar for studenthelse

Studentleiaren er også opptatt av at både vertskommunane og lærestadene kjem på bana. – Både vertskommunen og institusjonen har ansvaret for studenthelse. Det er det viktig å understreka, seier han til Uniforum.  

– Trur du at funna i undersøkinga frå 2018 vil vera betre enn den frå 2014?

– Ja, eg håpar det, og at studentane i alle fall har fått det betre sosialt enn det dei hadde før, seier Beldo Johansen.

– Alkohol skal aldri vera i fokus

Han er også opptatt av at Faddervekene ikkje skal ekskludera nye studentar.

– Nettopp difor har me understreka at det faglege skal vera i sentrum og at alkohol aldri skal vera i fokus på desse arrangementa. Eg veit korleis det er å stå mellom 2000 ukjente studentar, og ikkje vita kvar eg skulle gå. Då var det fint at eg fann nokon som gjekk rundt med eit skilt som det stod statsvitskap på, slik at eg visste kva gruppe eg skulle til, fortel han.

– Må ta den psykiske helsa på alvor

Også Venstrepolitikar Carl Erik Grimstad er oppteken av den psykiske helsa til studentane.

– Me må ta studentane si psykiske helse på alvor. Både for den individuelle studenten si skuld, men også for samfunnet. Hjelpa må vera lett tilgjengeleg for kvar enkelt student.

Får spørsmål om seksuell trakassering

Studentane si helse og trivselsundersøking SHoT 2018 er eit samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus og samskipnadane i Bergen og Trondheim. Dei sit alle i styringsgruppa, men undersøkinga blir gjennomført også på lærestader andre samskipnader har ansvaret for. Denne gongen har dei også fått med seg Folkehelseinstituttet på laget.

– Det garanterer at den blir endå meir forskingsbasert, trur Kari Jussi Lønning. Denne gongen vil dei også ta med eit tema som har vore svært aktuelt sidan i fjor haust.

– #metoo-kampanjen starta i oktober og også i denne undersøkinga vil me ta med spørsmål som handlar om seksuell trakassering, opplyser ho .

Dei som vil lesa meir om SHoT 2018 og dei tidlegare studenthelseundersøkingane frå 2014 og 2010, kan gå inn på nettsida studenthelse.no

 

 

Emneord: Studentsaker, Helse, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2018 11:11 - Sist endra 24. jan. 2018 10:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere