Krav om sykkelveg kan utsetja bygging av Vikingtidsmuseum

Oslo kommune vil at UiO og Statsbygg finansierer ny sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum på Bygdøy før dei gir løyve til å setja i gang bygging av Vikingtidsmuseet. Kravet blir avvist. Byråd Hanne Marcussen kan ikkje kommentera saka no.

KREV AT UiO OG STATSBYGG BETALER: Oslo kommune krev at Universitetet i Oslo og Statsbygg betaler for sykkel- og gangveg frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum. Det er føresetnaden for at kommunen gir UiO og Statsbygg løyve til å setja i gang med bygging av Vikingtidsmuseet på Bygdøy. Dette er staden der vegen passerer Bygdøy kongsgård.

Foto: Ola Sæther

Det var i møtet i universitetsstyret for nesten to veker sidan, eigedomsdirektør John Skogen ved Universitetet i Oslo avslørte at planlegginga av infrastrukturen rundt det framtidige Vikingtidsmuseet på Bygdøy har kjørt seg fast. Hovudgrunnen til det, er at Oslo kommune står fast på at Universitetet i Oslo og Statsbygg både skal betala for den planlagde gang- og sykkelstien frå Bygdøylokket til Norsk Folkemuseum, og for strekninga mellom Norsk Folkemuseum og Vikingtidsmuseet. Kommunen vil heller ikkje ha parkeringsplassar ved museet.

I byrjinga av november hadde Universitetet i Oslo eit møte med byrådsleiar Raymond Johansen der problema Statsbygg og UiO har møtt med utbygginga av vikingtidsmuseet, vart tatt opp.

Byråd for byutvikling, Hanne Marcussen kan ikkje kommentera saka før den kjem til politisk behandling. Kommunikasjonsrådgjevaren i Byrådsavdeling for byutvikling, Kristine Langfjord opplyser til Uniforum at det er fleire alternative forslag på Bygdøy, og at det enno ikkje er avgjort kva som blir den endelege løysinga.

– Derfor kan heller ikkje byråd for byutvikling, Hanne Marcussen ta politisk stilling til det, før ho får saka til handsaming på nyåret, seier Kristine Langsfjord.

– Kan bli forseinka med eitt år

Eigedomsdirektør John Skogen fryktar no at motbakken UiO har møtt med krava frå Oslo kommune kan føra til at bygginga av vikingstidsmuseet blir utsett.

– Ja, dette er i alle fall den brattaste motbakken, sjølv om det ikkje er den første. Me håpar sjølvsagt at dette skal kunna gå i høve til startløyving i 2019, men det er ikkje så mange forseinkingar som skal til, før det vert skyvt ut med minst eitt år, uttaler han til Uniforum.

Vil ha bort parkeringsplassar

Eit anna problem som har dukka opp, er at Plan- og bygningsetaten i Oslo vil fjerna alle dei 38 parkeringsplassane for privatbilar, og berre ha nokre få parkeringsplassar for funksjonshemma. Oslo kommune ynskjer at det store fleirtalet av dei besøkjande skal koma til Bygdøy på sykkel eller med buss, eller eventuelt med båt frå Rådhuskaien.

Førebels er hinderet Bymiljøetaten og Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune. John Skogen vonar no at Universitetet i Oslo møter meir velvilje hos kommunepolitikarane.

– Me får håpa at politikarane i Oslo forstår at dette er kritisk når det gjeld båtane og gjenstandane og at dette dreiar seg om ein unik verdsarv, slår John Skogen fast.

Les også i Uniforum: Frå vikingskipshus til vikingtidsmuseum

FRAMTIDIG VIKINGTIDSMUSEUM: Slik tenkjer det danske arkitektfirmaet  Arkitektfirmaet AART og Statsbygg at det nye Vikingtidsmuseet skal sjå ut. No skaper usemje om kven som skal finansiera ein gang- og sykkelveg uvisse om når bygginga av museet kan ta til. (Illustrasjon: Arkitektfirmaet AART)

– Tullingpolitikk

Opplysningane frå eigedomsdirektør John Skogen fekk ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer til å koma med ei ordentleg kraftsalve mot Oslo kommune.

– Dette er ei uforsvarleg praktisering av det lokale sjølvstyret, og noko som går ut over det nasjonale pålegget me har fått om å reisa eit vikingtidsmuseum på Bygdøy. Og kravet om at alle parkeringsplassar for privatbilar må bort før kommunen kan tilby betre kollektivtilbod til Bygdøy og Vikingtidsmuseet, som er ein av Noregs største turistattraksjonar, er tullingpolitikk, tykte han.

– Det er ikkje vår oppgåve å finansiera ein ny gang- og sykkelsti, slo Idar Kreutzer fast.

Korrespondansen mellom UiO, Statsbygg og Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune stadfestar at det har vore ein hard dragkamp om infrastrukturen på Bygdøy i samband med planlegginga av utbygginga av det nye Vikingtidsmuseet. Etter planen skal Vikingstidsmuseet stå ferdig i 2023. Akkurat no er forprosjektet inne til den andre kvalitetssikringa (KS2) i Finansdepartementet. Prislappen er dermed ikkje endeleg klar. I fjor besøkte over 500 000 personar Vikingskipshuset på Bygdøy. Det gjer det til Noregs best besøkte enkeltmuseum.

UiO møtte byrådsleiaren

I eit notat som Universitetet i Oslo skreiv etter møtet med byrådsleiar Raymond Johansen den 3. november, går det fram at Oslo kommune stadig legg fram rekkjefylgjekrav, som gjer det vanskeleg å få eit svært byggjeprosjekt som vikingtidsmuseet ferdig i tide.

Notatet er ført i pennen av eigedomsdirektør John Skogen, og der uttrykkjer han på vegner av UiO ein viss respekt for at Oslo kommune har vedtatt å belasta store utbyggingsprosjekt med ein del infrastrukturtiltak. I notatet blir det peika på at når det gjeld utbygginga av både Vikingtidsmuseet på Bygdøy og utstillingsveksthuset på Tøyen, kan krava til tilrettelegging ut over formålet med bygga, i verste fall føra til stopp i prosjekta. « For de unike samlingene på Bygdøy fra vikingtiden, vil dette være svært kritisk», står det i notatet.

Omfattande kravliste på Bygdøy

Dei mest omfattande krava er lagde fram i samband med utbygginga av vikingtidsmuseet på Bygdøy. Der blir Statsbygg pålagt ansvaret for at alle veganlegg, inkludert sykkelveg og erverv av naudsynt tomtegrunn innanfor planområdet skal vera gjennomførte før museet kan få igangsetjingsløyve. Og som nemnt over, blir det dessutan kravt at ny gang- og sykkelveg frå Folkemuseet til Bygdøylokket skal vera sikra gjennomført.

Det blir også vist til at kravet om ikkje å oppretta parkeringsplassar for privatbilar, kan hindra at mange besøkjande utanfor Oslo, tar turen til museet. Både Statsbygg og UiO finn det også urimeleg at eit museum som har ein trafikkdel på mellom 5 og 10 prosent på Bygdøy, likevel får pålegg om å dekkja kostnadene for store delar av tilrettelegginga av infrastrukturen.

Stiller også krav til bygging av veksthus på Tøyen

Også når det gjeld den planlagde utbygginga av utstillingsveksthuset på Tøyen, møter UiO og Statsbygg liknande krav. Der krev Plan- og bygningsetaten og Bymiljøetaten at Statsbygg må prosjektera og opparbeida Monrads gate frå Sofienberggata og heilt ned til sør for Munchmuseet, til miljøgate. Det blir sett som «en forutsetning for å etablere det nye Veksthuset», står det i notatet. Etter UiOs oppfatning fungerer gata heilt fint slik som den er i dag. Det einaste som trengst er eit par skilt som hindrar bilar i å kjøra inn, vert det understreka.

Dette kravet vil føra til auka kostnader for prosjektet, som også utan desse krava, vil mangla pengar for å få gjennomført utbygginga av nytt utstillingsveksthus, går det fram av skrivet frå eigedomsdirektøren. UiO har forståing for at slike rekkjefylgjekrav, kan vera naudsynte når det gjeld store bustadutbyggingsprosjekt, der utbyggarane får solide fortenestemarginar. Men UiO meiner at formålet ikkje er dekkjande for utbygginga av Vikingtidsmuseet på Bygdøy eller for utstillingsveksthuset på Tøyen.

Derfor ber UiO Oslo kommune om å bidra til desse to prosjekta ved å tilpassa verkemidla sine. Universitetet i Oslo meiner det kan stillast spørsmål ved om rekkjefylgjekravet har ein sakleg samanheng med utbygginga, og om det ikkje er «uforholdsmessig» tyngjande, står det i notatet.

Uniforum har prøvt å få kontakt med byråd for byutvikling, Hanne Marcussen for å høyra kva ho vil gjera for at det skal bli ei løysing på usemja mellom Oslo kommune og parhestane UiO og Statsbygg når det gjeld  kven som skal betala for infrastrukturen på Bygdøy. Kommunikasjonsrådgjevar Kristine Langfjord i Byrådsavdeling for byutvikling, viser altså til at saka framleis er til handsaming i Plan- og bygningsetaten.

– Byråden kan ikkje kommentera saka før ho kjem til politisk behandling og vil koma på byråden sitt bord ut på nyåret, opplyser altså Kristine Langfjord til Uniforum.

Når det gjeld kravet kommunen har stilt for utbygginga av nytt veksthus på Tøyen, ligg saka, etter det Uniforum kjenner til, framleis til handsaming i Plan- og bygningsetaten.

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2017 01:01 - Sist endret 18. des. 2017 09:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere