Bernt Aardal: – Meiningsmålarane veit ikkje kva metode som treffer best

– Meiningsmålarane veit ikkje kva metode som treffer best. Derfor er det også så mykje dårlegare presentasjon av meiningsmålingar i media no enn før. Det sa valforskar Bernt Aardal i ein debatt der valekspertar analyserte årets valkamp.

VURDERTE VALKAMPEN: UiO-forskarane Einar Lie, Cathrine Moe Thorleifson, Bernt Aardal og Gunn Enli vurderte årets valkamp på eit frukostmøte i Litteraturhuset i dag. Dei fekk spørsmål frå blant andre Gunnar Stavrum (lengst til høgre)  som er redaktør for Nettavisen. Debatten blei leidd av Stig Arild Pettersen som er redaktør i Store Norske leksikon.

Foto: Ola Sæther

Det var i ein debatt i Litteraturhuset med andre valekspertar frå Universitetet i Oslo, professor i statsvitskap, Bernt Aardal kom med sin harde dom over meiningsmålarane og media.  

– Det hjelper ikkje at det er tal. Eg trur ikkje på tal. Meiningsmålarar veit ikkje kva metode som treffer best. Under Brexit i Storbritannia mista mange tilliten til meiningsmålingane. Derfor sette dei britiske styresmaktene i gang ei undersøking. Konklusjonen var at utvalet er problemet. Dei du ikkje får svar frå, kan vera folk som ikkje er interesserte i politikk, men stemmer likevel, sa han.

– Derfor blir det alltid eit stort nyhende dersom nokon har registrert noko som ingen har registrert før. Om meiningsmålingane viser  noko som er i samsvar med det andre har funne, vil det vera meir truverdig og kanskje visa ein tendens. Om det ikkje er det, må media vera meir edruelege med kva dei formidlar, meinte Bernt Aardal.  

I panelet i Litteraturhuset hadde han selskap av professor i økonomisk historie, Einar Lie, professor i medievitskap Gunn Enli og forskar Cathrine Moe Thorleifsson frå Sosialantropologisk institutt. Universitetet i Oslo og Store Norske leksikon hadde i fellesskap invitert forskarane for å fortelja kven som vinn valet og kvifor.  

Miljøpartiet Dei grønne og Raudt på vippen

Den som kom nærast eit svar på dette svaret og som kanskje var programforplikta til det, var valforskar Bernt Aardal. Sjølv om han kritiserte meiningsmålarane, hadde han likevel laga eit gjennomsnitt av målingane dei siste månadane og kome fram til at dagens regjering med støttepartia ville få 82 mandat, medan Arbeidarpartiet med sine alliansepartnar Senterpartiet og SV, ville få 77 mandat. På vippen ville Miljøpartiet Dei grøne stå med åtte mandat saman med Raudt med to mandat. Dermed er dei to sistnemde partia på vippen i utrekningane til Bernt Aardal.  

Gunn Enli kom inn på kva politikarane og partia bør gjera for å hanka inn veljarar den siste veka før valet. 

– Det blir viktig for dei å gå på dører og snakka med folk. Forsking viser at politisk påverknad går gjennom venner eller kjente. Partileiardebattane vil berre forma dei inntrykka veljarane hadde på førehand, meinte ho. 

– Parti med enkeltsaker har ein fordel

Cathrine Moe Thorleifson trudde at dei partia som tidleg hadde blinka ut klima og miljø som hovudsaker, ville ha ein fordel: 

– Dei sosialdemokratiske partia  i Europa får mindre oppslutnad. Dei partia som markerer seg tidleg på klima, får framgang etter kvart som olja blir mindre viktig, understreka ho.  

Etter hennar meining kan både klima og identitet spela ei viktig rolle når det gjeld kva parti veljarane stemmer på.  

– Ja. Me kan sjå til Tyskland og Austerrike der partia som kritiserte klimanektarane gjekk fram. I Storbritiannia gjekk UKIP-veljararar tilbake til Labour etter Brexit, fordi dei då hadde vunne saka, peika ho på. 

Einar Lie meinte at Arbeidarpartiet og Høgre har ganske mykje til felles i dei store linjene i politikken.

– Næringspolitikk eller annan politikk blir slusa  gjennom prosessar med mykje økonomi. Kvar står me no i det nye politiske landskapet?  I 2005 henta Arbeidarpartiet seg inn igjen. I dag lek Ap til alle sider. Kva skjer med Støre om han taper valet? Eller skal me heller spørja om kva  som skjer med Støre om han vinn valet? Det kan vera like vanskeleg i samarbeid med Senterpartiet. Den raudgrøne regjeringa har seinare fått hard kritikk frå  både Åslaug Haga og Kristin Halvorsen på grunn av at dei meinte Finansdepartementet og Arbeidarpartiet hadde for stor makt, viste han til. Lie tok også tak i utviklinga til Jonas Gahr Støre.

– Det er også interessant å sjå effekten Jonas Gahr Støre har hatt frå han blei vald til partileiar og til no. Me ser ei fallande kurve. Derfor er det eit meir krevjande terreng no, tykte Einar Lie. 

– Erna Solberg ser trygg ut

Fleire trekte fram at Erna Solbergs regjering har opna for at statsrådar kan driva eigen valkamp. Dei peika på Sylvi Listhaug som det beste dømet på det. Gunn Enli kom inn på at Framstegspartiet har tradisjon for å bruka nye plattformer:

– Listhaugs engasjerer seg i sosiale media.  No er det 25 år sidan etableringa av TV 2,. Den gongen var Carl I. Hagen flink til å utnytta den nye plattforma, syntest ho. I tillegg vurderte ho statsminister Erna Solberg til å vera ein god lagleiar for regjeringa.

– Solbergs rotete kjøkken gav henne image som folkeleg og truverdig. Ho står støtt i debattar. Erna Solberg har eit godt smil og ser trygg ut. Støre har hatt vanskar med å slå gjennom som partileiar, og er blitt  stempla som tåkefyrste, og er ein rik mann. Derfor slit han også med å få gjennomslag for personlegdomen sin, trudde Gunn Enli. 

– Ikkje gått heilt etter planen

Bernt Aardal konstaterte at valkampen ikkje har gått heilt etter planen for Arbeidarpartiet:

– Arbeidarpartiet satsa på arbeidsløyse og kritikken av skatteletta. Så ramla desse temaene litt ut. Derfor er eg overraska over at partiet ikkje har hatt ein plan B og  ein plan C. For det skjer alltid noko uventa i ein valkamp, konkluderte han med.

–Trur på regjeringsskifte

I debatten var det ingen som kunne gi noko klart svar på kven som ville vinna stortingsvalet den 11. september. Derfor bad Uniforum professor i økonomisk historie, Einar Lie om å svara på det spørsmålet etter at debatten var over.

– Eg trur framleis på eit regjeringsskifte. Men dersom Arbeidarpartiet held fram med nedgangen, fell naturleg nok sjansane for det, konstaterte han. Einar Lie spådde uansett resultat, vanskar for partiet.

– Men også ved siger i valet, står Arbeiderpartiet framfor ein vanskeleg periode. Etter stortingsvalet i 2001 henta Arbeidarpartiet seg inn igjen etter valnederlaget, og kom sterkt tilbake under valet i 2005, og sat åtte år med regjeringsmakt saman med Senterpartiet og SV. Før dette stortingsvalet ser det ut som om Arbeidarpartiet lek både veljarar og saker til alle kantar, og partiet vil ikkje kunne etablera same autoritet overfor støttepartia. Derfor kan det bli vanskeleg for Arbeidarpartiet å vera tyngdepunktet i ei ny raud-grøn regjering, sa Einar Lie til Uniforum. 

Det er mogleg å sjå eit opptak av heile debatten på nettsidene til Universitetet i Oslo.

 

 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2017 14:35 - Sist endra 5. sep. 2017 14:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere