UiO fell på verdsrangeringa, men held stillinga i Noreg

Universitetet i Oslo er klart best i Noreg, men går ned 14 plassar på Times Higher Educations rangering over verdas beste universitet. Rangeringa blei publisert i ettermiddag.

UiO GÅR TILBAKE: Universitetet i Oslo fell 14 plassar på Times Higher Educations rangering over verdas beste universitet. Studentane ved UiO går no på universitetet som ligg som nummer 146 i verda.

Foto: Ola Sæther

Talas tale viser at Universitetet i Oslo kjem som nummer 146 på årets rangering, medan det låg på plass nummer 132 på fjorårets rangering.  Universitetet i Bergen får same plassering som i fjor, ein stad mellom nummer 201 og 250. NTNU fylgjer i neste gruppe, mellom universiteta frå nummer 251 til 300.  Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Universitetet i Tromsø hamnar begge blant dei 401 og 500 beste universiteta i verda.  I fjor låg NMBU i gruppa over.

Rektor Svein  Stølen har gått gjennom rangeringa frå Times Higher Education og kjem med denne kommentaren til Uniforum. 
– Universitetet i Oslo gjer det best på sitering av forskinga. Derimot skårer UiO relativt dårleg på næringslivssamarbeid. På målinga til Times Higher Education tel dessuten omdømmet ein tredel av det samla resultatet. Det blir litt i overkant vektlegging av subjektivitet, synest Svein Stølen. Han synest dermed  andre rangeringar er meir til å stola på. 

Stolar meir på Shanghai-rangeringa
– Rangeringa frå Shanghai Jiao Tong-universitetet tar ikkje med omdømmet i det heile tatt. Difor tykkjer eg den gir eit rettare bilete av korleis universiteta ligg i løypa samanlikna med kvarandre, understrekar han. Samtidig vil han peika på ein statistikk UiO sjølv har fått laga. – Me har gått gjennom alle universitetet i Europa som har fått ERC-forskingsløyvingar frå det europeiske forskingsrådet. Der kjem UiO på 37.-plass av dei universiteta som har fått tildelt slike prestisjetunge stipend, og det er langt betre enn dei andre norske universiteta, seier han nøgd.  Og når det gjeld rangeringa frå Times Higher Education over verdas beste universitet, tar han det ikkje så tungt at UiO hamna på 146.-plass denne gongen. – For ikkje så altfor mange år sidan, hamna jo UiO på 190.plass, peikar han på. Me er stabilt godt rangert, seier Stølen

 

Oxford og Cambridge tar dobbeltsiger for Storbritannia

Heilt øvst på lista over verdas beste universitet, tronar University of Oxford og University of Cambridge. Også i fjor var University of Oxford på topp, men det er første gong på 13 år at to britiske universitet  tar dei to øvste plassane på verdsrankinga til Times Higher Education.  Fram til 2017 har  alltid eitt av dei amerikanske prestisjeuniversiteta toppa denne lista.  Med spranget frå fjerde til andreplass, har University of Cambridge gått forbi dei amerikanske prestisjeuniversiteta og utfordra rivalen frå nabobyen Oxford.

Fryktar konsekvensane av Brexit

 Redaktør Phil Baty i Times Higher Education har ei forklaring på den utviklinga.

  – Det er sjølvsagt bra for dei britiske universiteta. Men avstanden mellom dei to britiske universiteta på topp og dei amerikanske Caltech og Stanford på dei neste plassane er heller kort.  Ein viktig grunn til at dei likevel går tilbake, er at inntektene til dei to amerikanske universiteta har gått litt tilbake det siste året.

Ein annan viktig tendens på denne rangeringa, er framstega til dei kinesiske universiteta.   Både Tsingua University og Peking University har no gått forbi Tysklands beste universitet, LMU München. Begge har dessutan gått forbi Karolinska Institutet i Sverige, og ligg no på same plass som University of Edinburgh i Skottland. Til saman er sju kinesiske universitet no blant dei 200 beste i verda, medan det berre var fire i fjor.

– Kina satsar milliardar

Phil Baty forklarar framgangen på denne måten overfor Uniforum:

– Kina har satsa milliardar på forsking og høgare utdanning.  Derfor går dei forbi mange andre universitet.  Dei tilbyr også kinesiske stjerneforskar høg lønn for å venda tilbake til Kina. Så dei kinesiske universiteta går ikkje fram fordi dei andre universiteta er blitt dårlegare, understrekar han.

– Når toppen berre med meir akademisk fridom

–Dei kinesiske universiteta har ikkje særleg utstrekt grad av akademisk fridom. Burde ikkje det også telja med når de skal vurdera kva som er verdas beste universitet?

– Ja, heilt klart. Det er eit viktig poeng. Og nettopp på grunn av den avgrensa akademiske fridomen ved dei kinesiske universiteta vil dei aldri koma opp mellom dei aller beste. Då hjelper det ikkje uansett kor mykje pengar Kina investerer i teknologi og vitskap.  For å koma opp på nivået til Harvard, Campbridge, Oxford og Stanford må dei kinesiske universiteta  ha meir akademisk fridom, seier Phil Baty til Uniforum.  

UiO nr. 9 i Norden

I Norden er det Karolinska Institutet som gjer det best med ein 38.- plass i verda.  Deretter fylgjer Uppsala som nummer 86, og Universitetet i Helsinki som nummer 90. Lund blir nummer 93. Dei danske universiteta i Aarhus og København deler plass nummer 109. Stockholms universitet kjem som nummer 134. Dermed blir Universitetet  i  Oslo nummer 9 i Norden.

UiO skårar nesten like bra som i fjor

– Denne gongen fell Universitetet i Oslo 14 plassar samanlikna med fjorårets rangering. Kva er grunnen til det? 

– Den einaste grunnen eg ser, er at mange land i Asia, som til dømes Kina , satsar enormt på universiteta sine.  Konkurransen er høg. For UiO skårar høgt på siteringar av forsking og på fleire av dei andre områda me vurderer, understrekar han. 

– Men UiO gjer det dårlegare, når det gjeld kva presisje det har og når det gjeld graden av eksterne inntekter.  Samanlikna med i fjor, får UiO om lag den same poengsummen. Grunnen til at universitetet likevel går ned 14 plassar, er altså at konkurransen frå andre universitet, først og fremst  frå Asia, er blitt så mykje hardare, fortel Phil Baty.

I dag har Europa sju av dei 30 beste institusjonane, medan tre av dei er frå Asia.  I fjor var det ti frå Europa og to frå Asia.  Phil Baty ser likevel mørke skyer i horisonten, trass i den positive utviklinga for dei britiske universiteta.

– Brexit utgjer ein stor risiko for at suksessen til dei britiske universiteta  ikkje held fram i tida framover. Europa må jobba hardt for å kunna halda på posisjonen sin i åra som kjem, trur Phil Baty. 

Dette er Times Higher Educations rangering over verdas beste universitet i 2018

 

(Oppdatert 6. September kl. 02:42)

Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2017 16:22 - Sist endra 6. sep. 2017 02:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere