Universitetsmusea får 20 millionar til rehabilitering

Stortinget har vedtatt å løyva 20 millionar kroner til rehabilitering ved dei to musea på Universitetet i Oslo. Det stadfestar politisk rådgjevar Kjartan Almenning i Venstre overfor Uniforum.

REHABILITERING: Brøggers hus/Geologisk museum (lengst bak) skal rehabiliterast for 300 millionar kroner dei komande åra. Nærast kamera ligg Colletts hus (Zoologisk museum).

Foto: Ola Sæther

Pengane skal gå til naudsynt rehabilitering både ved Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum. Ved Naturhistorisk museum er rehabiliteringsarbeidet ved Brøggers hus /Geologisk museum) godt i gang, og Universitetsstyret har bestemt at det til saman skal brukast over 300 millionar kroner på det arbeidet. Og på Historisk museum skal det utførast naudsynt rehabilitering for 100 millionar kroner.

Gir skryt til Venstre

UiO-rektor Ole Petter Ottersen skriv i bloggen sin at han er godt nøgd med løyvinga frå regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia KrF og Venstre.

«Selv om behovet er betydelig større, setter vi stor pris på den drahjelpen vi nå får fra Stortinget til å ivareta kritisk vedlikehold av våre historiske bygninger. Særlig har Venstre stått opp for våre muséer, og dette reflekteres nå i våre budsjetter», skriv Ole Petter Ottersen i bloggen sin.

Løyvinga til Kongsgårdsprosjektet står fast

Dette kjem i tillegg til løyvinga i forslaget til revidert budsjett på 10 millionar kroner til Kongsgårdsprosjektet på Avaldsnes. Denne løyvinga er også no formelt vedtatt, ifylgje politisk rådgjevar Kjartan Almenning i Venstre. Dessutan er det altså løyvd fire millionar kroner til plantar, utstillingar og inventar i det planlagde nye veksthuset i Naturhistorisk museum på Tøyen.  

Les også: Stråler over pengedryss til Kongsgårdsprosjektet

Fekk ikkje pengar til livsvitskapsbygg

På nasjonalt plan er det løyvd  pengar til å oppretta 225 nye studieplassar innanfor IKT. Men det er ikkje løyvd pengar til oppstart av livsvitskapsbygg ved UiO. Det er UiO-rektor Ole Petter Ottersen lei seg for. «Vi håpet at regjeringspartiene, KrF og Venstre ville stadfeste intensjonen om realiseringen av nytt livsvitenskapsbygg ved UiO i budsjettavtalen. Slik ble det ikke. Nå er det essensielt at både regjering og storting sikrer at livsvitenskap kommer inn i statsbudsjettet for 2018 som legges frem i oktober», skriv Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Økonomi, Kulturhistorisk museum, Naturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 9. juni 2017 12:23 - Sist endra 9. juni 2017 12:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere