Røe Isaksen forsvarte ytringsfridomen i Stortinget

– Å nekta ein person retten til å uttala seg, er derfor ikkje i samsvar med ytringsfridomen eller akademisk fridom, understreka kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Stortingets spørjetime 5. mai.

FORSVARTE YTRINGSFRIDOMEN: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med eit godt grunngjeve forsvar for ytringsfridomen og akademisk fridom i Stortingets spørjetime.

Foto: Ola Sæther

Det var i samband med bråket rundt utspelet til doktorstipendiat Aksel Braanen Sterri om at personar med Downs syndrom aldri kan få eit fullverdig liv, at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med eit forsvar for retten hans til å ytra seg. 

Etterlever universitet og høgskular FN-konvensjon?

Det var stortingsrepresentant Freddy de Ruiter frå Arbeidarpartiet som tok opp saka i Stortingets spørjetime. Han tok utgangspunkt i at Noreg har forplikta seg til å etterleva FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne. Bakgrunnen er at tilsette i akademia har gått ut i media og sagt at menneske med Downs syndrom ikkje kan ha fullverdige liv, og at dei er ei bør for samfunnsøkonomien. de Ruiter ville difor vita kva regjeringa har gjort for å sikra at universitet og høgskular etterlever FN-konvensjonen og bidrar til å fremja dei funksjonshemma sin "iboende verdighet."

Forsvarte ytringsfridomen og akademisk fridom

I svaret sitt understreka kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kor viktig retten til å ytra seg er, og viste til Høgsteretts tolking av Grunnlovas paragraf 100 første ledd om yrtringsfridomen. "den frie akademiske meningsutveksling er en grunnleggende verdi, og en forutsetning for at universiteter og høyskoler skal kunne fylle sin oppgave i et demokratisk samfunn." 

Sjølv konkluderte Torbjørn Røe Isaksen slik:

– Å nekta ein person retten til å uttala seg, er derfor ikkje i samsvar med ytringsfridomen eller akademisk fridom, slo han fast. Samtidig viste han også til utspelet stipendiat Aksel Braanen Sterri frå UiO hadde kome med om personar med Downs syndrom.

– Djupt ueinig

– Eg har som politikar sagt at eg er djupt ueinig med Aksel Braanen Sterris resonnement, men det er ein vesensforskjell på å vera ueinig i eit standpunkt og det prinsipielle spørsmålet om akademisk fridom og ytringsfridom meir generelt, sa Torbjørn Røe Isaksen frå Stortingets talarstol. 

Kunnskapsministeren understreka samtidig at universiteta og høgskulane har eit ansvar for eit godt og inkluderande læringsmiljø for alle studentar.

– Instiusjonane må sikra at studentar med nedsett funksjonsevne får kvalitetssikra tilbod og tenester med utgangspunkt i deira reelle behov. Lærestadene skal ha handlingsplanar for universell utforming og individuell tilrettelegging for studentar som treng det, peika han på.

Les meir om spørsmålet frå Freddy de Ruiter (A) og svaret frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Stortingets spørjetime.

Les også: Ytringsfridomen skal vera plagsam!

                Jeg har alltid vært for en fri presse på campus

                Akademikerne i lynsjemobben

                Forskning og menneskesyn

               Det er viktig å diskutere substansen i det Braanen Sterri sier

Emneord: Akademisk frihet, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. mai 2017 04:00

Enig med kunnskapsministeren men skjønner ikke hva tilrettelegging for funksjonshemmede har med Sterri siner uttalelser om Downs? 

Denne saken var egentlig helt ukomplisert fordi det handlet om ytringsfrihet og ikke kompliserte filosofiske verdispørsmål. Jeg vil ikke gi rektor Ottersen mange plusspoenger i denne saken for den var for lett og åpenbar.  

Når det gjelder klima, forsknings- og utdanningskvalitet og islam så er det mye vanskeligere å beskytte ytringsfriheten mot politisk korrekt maktmisbruk og vitenskapelig korrupsjon. Ytringsfriheten er under kraftig angrep i hele verden hovedsakelig innenfra akademia selv, men også litt fra politikere, byråkrater og fra pressgrupper. Det er en mye mer hårete og langvarig utfordring. 

Pål Magnus Lykkja - 8. mai 2017 00:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere