OECD-ekspertar foreslår nytt koordinerande organ for forsking

Noreg bør etablera ei eining uavhengig av Forskingsrådet som kan ha overoppsyn med gjennomføringa av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Det foreslår ei ekspertgruppe frå OECD.

NY EINING: OECD-ekspert Philippe Larrue vil ha ei eiga eining uavhengig av Forskingsrådet som kan halda oppsyn med at tilrådingane i langtidsplanen blir fylgde opp.

Ei ekspertgruppe frå OECD er no i ferd med å gå norsk forskingspolitikk etter i saumane. I går letta dei litt på loket til gryta som inneheld ingrediensane for det dei meiner bør bli framtidas norske forskingspolitikk. Det skjedde under ein eigen forskingsverkstad som Kunnskapsdepartementet skipa til i Forskingsrådets hovudkvarter på Lysaker i Oslo.

Intervjua 150 personar

Ifylgje Kunnskapsdepartementet har ekspertteamet frå OECD intervjua om lag 150 personar frå mellom anna departementa, universiteta og høgskulane, forskingsinstitutta og arbeidslivsorganisasjonane om politikken for forsking og høgre utdanning. Formålet med verkstaden var å samla relevante interessentar i Noreg for å kunna kommentera funna frå gjennomgangen så langt, og gi ekspertteamet innspel til det vidare arbeidet.

Philippe Larrue og Michael Stampfer peika først på Forskingsrådets vanskelege rolle som strategisk rådgjevar for regjeringa. – Me foreslår difor at det bør etablerast ei eiga eining uavhengig av Forskingsrådet, som kan knytast direkte til ei permanent tverrdepartemental gruppe som saman kan ha overoppsyn med at tilrådingane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning blir gjennomførte, sa Philippe Larrue.

Hindrar tverrfagleg samarbeid

viste også korleis dei tematiske forskingsprogramma til tider kunne hindra tverrfagleg samarbeid om forsking fordi kvar interessegruppe er opptatt av å passa på sitt eige revir. Det meinte dei også er eit godt argument for betre koordinering på tvers av dei ulike departementa. Dei foreslår også at Forskingsrådet i alle fall får minimum 10 prosent av inntektene sine som øyremerkte midlar til eit uavhengig budsjett. Etter deira oppfatning er budsjettprosessen som til slutt fører til at Forskingsrådet får ei løyving som skal fordelast vidare på ulike tematiske forskingsprogram, altfor omstendeleg. Samtidig ser dei at det kan bli eit problem å finna ut kvar det eventuelt sentrale budsjettet til Forskingsrådet skal koma ifrå. Det kan også koma i konflikt med sektorprinsippet, konstaterte dei.

Ville ha meir plass til fleksibilitet

Slik OECD-ekspertane såg det, vil det vera betre med ein meir omfattande langtidsplan for forsking og høgare utdanning kvart tiande år, samtidig som det kan bli gjennomført mindre omfattande planar for bestemte satsingsområde kvart fjerde år.

I dag er det for lite rom for langsiktig framtidsperspektiv på forskinga, var deira tolking av den norske forskingspolitikken. Overtydinga deira er at dagens budsjettprosess i Noreg gir lite rom for å finansiera forskingssatsingar over fleire år. Det må gjevast meir plass til fleksibilitet og tilpassing på dette området, slo dei fast.

OECD ville ha endå meir politisk styring av forskingstildelingane. Difor ville ekspertane altså ha ei eiga eining uavhengig av Forskingsrådet, men knytt til departementa som kan gi regjeringa strategiske råd om forskingssatsingar.

hadde også registrert at i Noreg rår to likestilte prinsipp i forskingspolitikken; sektorprinsippet og konsensusprinsippet. – Det er bra for kortsiktig innovasjon i ein bestemt sektor, men det fører ikkje til innovasjon på tvers av fagområda, poengterte dei. Det blir også vanskelegare å få til langsiktig prioritering, går det fram av punkta dei la fram då dei presenterte dei første funna sine i den analysen som dei skal gjennomføra av norsk forskingspolitikk.

Behov for betre koordinering av forskingsagendaer

Norsk forskingspolitikk har i hovudsak satsa på grunnforsking innanfor område som medisin, bioteknologi og energi. Samtidig slo dei fast at Noreg no er under ei stor omstilling.

– Noreg er på veg ut av ein olje- og gassbasert økonomi til ein meir mangfaldig og robust økonomi, understreka dei. – Dessutan er Noreg i ferd med å få fram eit forskingssystem som kan få fram framifrå forsking utan å gå på akkord med kravet om at det skal vera relevant. Nettopp denne omlegginga krev eit system der det er naudsynt med ei langt betre koordinering og planlegging av forskingsagendaer, konkluderte dei med.

Statssekretær Bjørn Haugstad var godt orientert om dei førebels funna og kunna garantera fylgjande.

– Sektorprinsippet og konsensusprinsippet vil me halda på også i framtida. Dei er sentrale i all norsk forskingspolitikk, sa han.

OECD sin gjennomgang vil vera ferdig i 2017 og inngå som eit ledd i arbeidet med rulleringa av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning i 2018.

Emneord: Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2017 04:00 - Sist endra 7. mars 2017 09:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere