Med Universitetet i Oslo som mål

Xinyi Jan og Mikerem Ali frå Oslo katedralskole var to av elevane som deltok på Open dag ved Universitetet i Oslo i dag. Ei av dei vil studera medisin, medan den andre enno ikkje har bestemt seg.

GODT NØGDE: Xinyi Jan (t.v.) og Mikerem Ali frå Oslo katedralskole er godt nøgde med bileta frå Akademisk fotobar i Georg Sverdrups hus under Open dag på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Elevar frå vidaregåande skular frå Oslo og Akershus kom i dag til Open dag på Universitetet i Oslo. Der kunne dei velja om dei ville gå på miniførelesingar om alt frå kvar ein plasserer trykket i eit spansk ord, til spørsmålet om Isak frå TV-serien Skam har forstått meininga med livet. For dei som er meir interesserte i naturvitskaplege emne, var det mogleg å gå og høyra på foredraget «Mørk materie – universets usynlige legoklosser».

– Godt organisert

I foajeen i Georg Sverdrups hus hadde både fakultet og institutt eigne stands der UiO-tilsette fortalde om innhaldet i dei ulike studia. Det blei etter kvart ganske trongt om plassen. Ein av aktivitetane som samla flest folk, var den akademiske fotobaren. Der kunne elevane ta bilete av seg sjølve på Open dag ved UiO og leggja dei ut på Instagram på #UniOslo og delta i ein fotokonkurranse.

To av dei som stilte opp, var Xinyi Yan og Mikerem Ali frå Oslo katedralskole.

– Dette var morosamt, og bileta blei faktisk bra, seier dei til Uniforum.

– Korleis synest de det er å vera på Open dag ved UiO?

– Det er godt organisert, og me får god informasjon, synest begge to.

Usikker og sikker

Mikerem Ali var eigentleg sikker på kva ho skulle studera, men no er ho ikkje like sikker lenger. – Eg var fast bestemt på å ta internasjonale studium, men eg vil gjerne kombinera dei med språk som fransk og spansk. Det håpar eg det vil vera mogleg å få til, seier ho.

Xinyi Yan har lenge visst kva ho skal studera.

– Eg skal gå på medisinstudiet.

– Og veit de når søknadsfristen er?

– Den 15. april.

Alle som var til stades, fekk truleg med seg at søknadsfristen er 15. april. Open dag begynte klokka 09.00 i dag og var slutt kl. 15.00.

 

STUDIETORG: Foajeen i Georg Sverdrups hus blei omgjort til eit studietorg under Open dag ved UiO, 9. mars. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 9. mars 2017 15:25 - Sist endra 9. mars 2017 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere