Regjeringa skryt av rekordløyvingar til forsking

Aldri før har Noreg brukt så mykje ressursar på forsking som no. I 2015 gjekk 1,93 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) til forsking og utviklingsarbeid. Det syner FoU-statistikken til SSB og NIFU.

GLEDELEG: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen synest det er gledeleg å sjå at FoU-innsatsen har hatt ein stor auke.

Foto: Ola Sæther

– Forsking og utviklingsarbeid kjem til å vere ei sentral kjelde til den kunnskapen som trengst for å omstille det norske næringslivet og løyse utfordringar i samfunnet. Derfor er det gledeleg å sjå at FoU-innsatsen har auka såpass mykje, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Med regjeringa si sterke satsing på forsking dei siste åra, meiner han at alt ligg til rette for at denne auken vil fortsetje framover. Talet på årsverk brukte til FoU var fem prosent større i 2015 enn i 2014, og det var ein realauke i FoU-utgiftene på ni prosent. Utgiftene til FoU auka i alle sektorar, og mest i næringslivet.

I næringslivet auka FoU-aktiviteten monaleg òg i året før, og det har vore realauke i FoU-utgiftene i næringslivet sidan 2011. Samanlikna med 2013, som er førre år med fullstendig statistikk for alle sektorane, hadde den offentlege finansieringa av FoU auka med 12 prosent i 2015 målt i faste prisar. Det er den største auken sidan 2007. Statistikken over FoU-utgifter i Noreg finansierte av offentlege kjelder viser at desse i 2015 svarte til 0,87 prosent av BNP.

FoU-statistikken blir utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU), og blir òg publisert av Noregs forskingsråd på nettstaden til Indikatorrapporten.

Emneord: Økonomi, Forskningspolitikk
Publisert 22. feb. 2017 12:44 - Sist endra 22. feb. 2017 12:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere