Regjeringa vil oppretta eit vitskapleg råd

Regjeringa vil foreslå at det blir oppretta eit eige vitskapleg råd. Det opplyste kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Høgres forskingskonferanse fredag 6. januar.

YNSKJER VITSKAPLEG RÅD: – Eit vitskapleg råd skal gjera regjeringa oppdatert på dei aller siste forskingsfunna, før det blir tatt ei politisk avgjerd, forklarte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Høgres forskingskonferanse.

Foto: Ola Sæther

– Målet med det vitskaplege rådet er at regjeringa skal vera heilt oppdatert på dei aller siste forskingsfunna, før det blir tatt ei politisk avgjerd, forklarte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Medlemane i det vitskaplege rådet skal koma både frå offentleg og privat sektor, understreka han.

Isaksen la stor vekt på at det ikkje skulle danna noko motvekt til Forskingsrådet.

– Meininga er at det vitskaplege rådet skal finna ut om det offentlege er gode nok til å bruka dei mest oppdaterte forskingsresultata på eit område. Når politikarane lagar politikk, vil dei då kopla politikken til forskingsfunna på det feltet, eller vil dei satsa på at pengar og masse vilje vil vera nok?, spurde Torbjørn Røe Isaksen.

– Må vera plass for ein vitskapleg tenkemåte

Han peika på korleis mange innanfor klimadiskusjonen og i vaksinedebatten, ikkje vil leggja vekt på vitskaplege funn. – Det må vera plass for ein vitskapleg tenkjemåte. Om det ikkje er det, vil me gå inn i eit postfakta-samfunn.

For å visa kva det kan føra til, trekte han fram familiefaren som i fjor haust tok med seg eit våpen inn i ein pizzarestaurant i Washington D.C. Han hadde lese ein falsk artikkel på nettet om at Hillary Clinton var leiar for ein pedofili-ring som heldt barn som gislar i kjellaren i denne pizza-restauranten. – Denne mannen trudde på det falske nyhendet. Dette viser kor viktig det er å finna ut korleis me vil bruka bruksretta forsking i framtida, sa Røe Isaksen.

Han opplyste også at Kvalitetsmeldinga for høgare utdanning blir lagt fram om nokre veker. Der vil det truleg bli meir konkretisert kva oppgåver det føreslegne vitskaplege rådet får.

Håpar på gode innspel til revideringa av langtidsplanen

Både Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad vil dra rundt for å besøkja forskingsinstitusjonar i løpet av vårsemesteret. Då håpar dei å få gode innspel til revideringa av Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. – Dei seks satsingsområda vil liggja fast, men dersom det har skjedd noko innanfor forsking og utvikling i mellomtida, så vil me ha innspel om det, og få det med i den reviderte versjonen av langtidsmeldinga, sa Røe Isaksen.

Har auka forskingsbudsjetta

Han var godt nøgd med at forskingsbudsjetta hadde auka i alle budsjetta dagens regjering har lagt fram. – Det har vore ein jamn auke i forskingsbudsjetta dei siste 15 åra, og den summen blir også auka i det neste forslaget til statsbudsjett denne regjeringa legg fram.

– Forskingsrådet vil også få tilført masse pengar, og dei må samtidig satsa på ein best mogleg og effektiv administrasjon. I dag får Forskingsrådet litt for mange forskingsområde å konsentrera seg om etter pålegg frå mange forskjellige departement. Og det er viktig at forskinga Forskingsrådet støttar både er god og har relevans. Men relevant forsking som ikkje er god, kan aldri bli god, slo han fast.

Vil ha Noregs prioriteringar med i EUs neste rammeprogram

Kunnskapsministeren meinte også det var viktig å ha berekraftige insentiv for vitskapleg publisering.Samtidig ville han utvikla ein sterkare forskingsinstituttsektor.

Også internasjonalt ville han ha norsk forsking på bana.

– Me må melda oss på i diskusjonen om innhaldet i EUs neste rammeprogram for forsking. Noreg kan ikkje stå utanfor det som er verdas største forskingsprogram. Det me må passa på, er at satsingane våre blir prioriterte i det programmet, understreka Torbjørn Røe Isaksen.

Norsk forskingspolitikk er på rett veg

Sosiologiprofessor Mats Benner ved Lunds universitet laga i 2014 på oppdrag frå Forskingsrådet ein rapport om forskings-Noreg saman med professorkollegaen Gunnar Öquist. Den gongen fann dei ein god del å setja fingeren på ved norsk forsking. Dei meinte mellom anna at norske universitet ikkje prioriterte kvalitet godt nok.

I går understreka Mats Benner at sidan 2014 har Noreg vore på rett veg innanfor forskingspolitikken.

– Det er likevel viktig at Noreg får ein større integrasjon mellom forsking og utdanning enn i dag. Det må også satsast meir på tverrfagleg vitskap. Samtidig saknar eg satsing på rekruttering og invitasjon til forskarar frå andre universitet og land, konstaterte han.

Kan læra av idretten

Men ting som han tidlegare har peika på som manglar i norsk forskingspolitikk, ser han no altså er i ferd med å bli endra til det betre.

– Eg etterlyste tidlegare ei tydelegare rolle for akademisk leiarskap. Dessutan tykte eg norske institusjonar hadde for dårleg rekruttering av yngre forskarar og universitetslærarar. Eg ville også at universiteta skulle ta eit større ansvar for rekruttering og ekstern finansiering, peika han på.

– Norsk forsking kan læra litt av suksessen til norsk idrett, var sluttpoenget hans.

Divisjonsdirektør Anders Hanneborg i Forskingsrådet peika på at rekrutteringa av yngre forskarar i Noreg, er ganske vanskeleg.

– For ti år sidan var 29 prosent av professorane over 60 år. I dag er 41 prosent av professorane over 60. Difor må forskarutdanninga i dag ikkje berre førebu doktorkandidatane på jobbar i akademia, men også moglege jobbar i næringslivet, meinte han.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere