20 tonn mat har hamna i studentmagar og ikkje i søppelet

Kafeen Kutt Gourmet har redda 20 tonn mat frå å gå i søppelet dei siste tre semestera. Kafeen blei etablert av SiO i Frederikkebygningen for to år sidan.

KOMPONERER NYE RETTAR: Kvar dag lagar kokk Even Rosted ved Kutt Gourmet nye rettar av mat som har stått i fare for å bli kasta.

Foto: Ola Sæther

Mellom klokka 12 og 12.30 sel Kutt Gourmet 200 porsjonar med mat basert på råvarer som har stått i fare for å bli kasta.

– Av og til har det vore kø av studentar og tilsette heilt bort til butikken til Bunnpris i andre enden av bygningen, fortel kokk Even Rosted.

Unge kastar mest mat

Han er levande opptatt av korleis kafeen er eit prosjekt som kan vera med på å læra studentar og UiO-tilsette til å bli meir merksame på problemet med matsvinn.

– Det er dei unge som kastar mest mat i Noreg. Derfor er det fint å sjå at både studentar og tilsette ved UiO og Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) nyttar seg av dette tilbodet, seier han til Uniforum.

450 kilo mat i veka

Første veka etter nyttår er det vanlegvis få studentar på Blindern. Men han ser fram til å få fleire studentar og tilsette i køen dei neste vekene.

– Midt i semesteret stiller folk seg i kø klokka 11.45 for å få kjøpa den matretten som me lagar basert på den maten me har fått inn frå leverandørane. I stor grad er dette mat som står i fare for å bli kasta, fordi datoen for når dei kan seljast eller brukast er i ferd med å gå ut, fortel Even Rosted.

I løpet av ei av veke kjøper kundane til Kutt Gourmet over 450 kilo med mat.

– Eg er sikker på at dette er ein fin måte å gjera unge og eldre medvitne om at det er mogleg å lata vera å kasta fullt brukbar mat. Det viser også at studentane vil ha berekraftige og miljøvennlege val, når dei får tilbod om det, understrekar Even Rosted.

– Kutt Gourmet inspirerer andre

Sjølv kom han frå jobben som kantinestyrar for ei av dei største kantinene til ISS.

– Men då eg såg utlysinga av den ledige stillinga som kokk ved Kutt Gourmet i 2016, måtte eg berre senda inn ein søknad, fortel han.

– Det morosame er at andre blir inspirerte av oss. Nyleg kom representantar frå Framtiden i våre hender innom for å få gode idear til ein liknande kafé, fortel han.

Nye tal frå Matvett viser at kvar nordmann kastar 48 kilo mat i året, til ein verdi på over 5000 kroner.

– Dei som kjem hit, får fullgod mat for mellom 35 og 50 kroner. Fleire har allereie blitt stamkundar, konstaterer Even Rosted.

Nasjonal kampanje mot matsvinn

SiO Mat og Drikke er med på ein nasjonal kampanje for å få redusert matsvinnet i Noreg med 20 prosent fram til 2020. Dei samarbeider mellom andre med Norgesgruppen og Matvett .

– Noko av det første me skal gjera i år, er å begynna å måla matsvinnet vårt systematisk, seier Per Christensen, direktør i SiO Mat og Drikke i ei pressemelding.

Han viser til etableringa av Kutt Gourmet som eit godt føredøme for andre.

– Me har mykje å bidra med fordi SiO har nyttige erfaringar frå Kutt Gourmet på Blindern. Dette er eit konkret døme på korleis ein kan redusera matsvinn i praksis, seier Christensen.

Student og styreleiar for SiO, Gabrielle Legrand Gjerdset er også godt nøgd. – Slike miljøtiltak veit me at studentane ynskjer meir av, seier ho i ei pressemelding frå Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).

 

Emneord: Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 6. jan. 2017 15:15 - Sist endra 6. jan. 2017 15:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere