UiO får åtte tildelingar for å samarbeida med toppinstitusjonar utanfor EU

Åtte fagmiljø frå Universitetet i Oslo var mellom dei 20 norske fagmiljøa som fekk pengar til internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking utanfor EU. – Dette er kjempemoro, seier fysikkprofessor Sunniva Siem, som leier eitt av prosjekta.

GLER SEG: Fysikkprofessor Sunniva Siem gler seg over at forskingsgruppa hennar får 4,5 millionar kroner til samarbeid med internasjonale toppuniversitet. - Me kan finansiera eitt eller to semester for studentane våre i Sør-Afrika og USA, fortel ho.

Foto: Ola Sæther

Kvart av dei 20 norske fagmiljøa vil få tildelt rundt 4,5 millionar kroner fordelte over tre år frå Forskingsrådet. Pengane kjem frå programmet Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART). Det skal hjelpa til med at norske, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar utviklar varige samarbeid med sterke fagmiljø ved institusjonar i prioriterte land utanfor EU.

– Dette gjer det mogleg for oss å finansiera eitt eller to semester lange opphald for master- og ph.d.-studentane våre ved Berkeley-universitetet i USA og Stellenbosch-universitetet i Sør-Afrika. Dessutan kan me invitera studentar frå samarbeidsuniversiteta til å ta eit felleskurs ved Universitetet i Oslo, fortel Sunniva Siem til Uniforum. Fem av dei åtte prosjekta er heimehøyrande ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Lettare å få sendt studentane til Sør-Afrika og USA

No går fysikkprofessor Sunniva Siem rundt og gler seg til dei planane ho skal leggja for studentane sine for neste år. – Det blir lettare å få sendt masterstudentane og ph.d.-kandidatane våre til Stellenbosch-universitetet og iTEMBA-laboratoriet i Sør-Afrika. Og me kan også få til kortare utvekslingsopphald for bachelorstudentane våre, trur ho. Det er dessutan aktuelt å senda studentar på både lågare og høgare nivå til Berkeley-universitetet i USA.

– Med denne løyvinga vil UiO saman med oss kunna førehandsgodkjenna kurs ved dei andre institusjonane. Dermed vil studentane lettare finna ut kva kurs ved den utanlandske institusjonen som svarar til dei kursa dei held på med ved Universitetet i Oslo. Då blir det enklare å få overtydd dei om at dei må ta eit lengre opphald i utlandet, trur Sunniva Siem.

– Vil rekruttera dei til forskargruppa

Ho har også ein liten baktanke med å finansiera utanlandsopphald for bachelor-studentar. – Me håpar at dei er så motiverte når dei kjem tilbake, at me kan få dei rekrutterte til forskargruppa vår, smiler ho.

I hennar forskargruppe forskar dei på kjernefysikk. – Me jobbar med produksjon av 211At (astat) til kreftbehandling. Den siste ph.d.-studenten vår fekk jobb på sjukehus for å jobba med strålebehandling.

– Kan finansiera Oslo-reise for studentar frå partnaruniversiteta

Og så gler ho seg til den faste, internasjonale ekspertkonferansen dei skal ha med partnaruniversiteta sine i Oslo til våren.

– Desse pengane gjer det mogleg for oss å finansiera reisa til både master- og ph.d.-studentar frå Sør-Afrika og USA, slik at dei også kan delta på denne konferansen. Dermed kan endå fleire delta og der skal det vera førelesarar frå alle desse tre partnarskapsuniversiteta, seier ho til Uniforum.

Ho er svært nøgd med assistansen ho har fått i søknadsprosessen frå tilsette i hovudadministrasjonen til UiO. – Dei var kjempeflinke til å utforma søknaden vår akkurat slik som dei som vurderte søknadene, ville ha den, fortel ho.

Forskar på kunstig intelligens og robotar

SKAL SAMARBEIDA MED JAPAN, USA OG BRASIL: Kyrre Glette (t.v.) Jim Tørresen og Kai Olav Ellefsen er svært glade for at Forskargruppe for robotikk og intelligente system har fått pengar til eit prosjekt om kunstig intelligens og robotar. Pengane skal brukast til samarbeid om forsking og høgare utdanning med partnarar i Brasil, Japan og USA. (Foto: Ola Sæther)

Også ved Institutt for informatikk er dei glade for at dei har fått pengar til å utvikla vidare samarbeidet om forsking og høgare utdanning med partnaruniversitet i Brasil, Japan og USA. Der har informatikkprofessor Jim Tørresen ved Forskingsgruppe for robotikk og intelligente system fått pengar til eit prosjekt som handlar om forsking på kunstig intelligens og robotar. – Me er ei forskingsgruppe med mykje internasjonal kontakt, så me er sjølvsagt glade for at me får desse pengane frå Forskingsrådet, seier Jim Tørresen til Uniforum.

– For tida er me involverte i ei rekkje prosjekt finansierte av Forskingsrådet, der det nye prosjektet kjem godt med for å styrkja det internasjonale samarbeidet i desse prosjekta.

Samarbeider med Brasil, Japan og USA

Jim Tørresen deler æra med postdoktor Kai Olav Ellefsen, som tidlegare har vore postdoktor ved Brazilian Institute of Robotics i Salvador. Derfor er det nettopp det universitetet som er ein av samarbeidsinstitusjonane deira i Brasil, i tillegg til Universidade Federal do Rio Grande do Sul. Andre partnarar er Kyushu University i Japan og Laboratoriet for kunstig intelligens ved University of Wyoming i USA.

Begge trekkjer også inn kompetansen til førsteamanuensis Kyrre Glette som for nokre år sidan hadde eit opphald ved partnarinstitusjonen NASA Jet Propulsion Laboratory ved California University of Technology. – Eg jobba der med grensesnittet mellom menneske og robot, fortel Glette. Sjølv har Jim Tørresen både forska i Japan og hatt eit samarbeid med førsteamanuensis Jeff Clune i Wyoming den gongen begge var ved Cornell University.

Utviklar framtidas robotar

– I det forskingsarbeidet me gjer med kunstig intelligens, er målet å bidra til at den teknologien som i dag i stor grad er statisk, i framtida skal tilpassa seg meir til både omgivnadene og brukarane. Mange tradisjonelle industrirobotar gjer dei same oppgåvene om igjen og om igjen, men det vil stillast heilt andre krav til ein tenesterobot som skal fungera i mange ulike miljø, fortel Jim Tørresen. Dei reknar med at robotane kan bli tatt i bruk som tenesterobotar på kjøkenet, og også bli eit hjelpemiddel innanfor eldreomsorga, der Japan ligg langt framme i utviklinga.

Kai Olav Ellefsen er svært nøgd med resultatet av forskingsarbeidet han utførte i Brasil. – Der var eg med på utvikla ein undervassrobot. Den blir brukt til å undersøkja olje- og gassinstallasjonar under vatn. Og i olje- og gassektoren har Noreg og Brasil mange felles interesser, peikar han på.

– Viktig å ha kontakt med forskingsfronten utanfor Europa

Alle synest det er viktig å få denne økonomiske støtta frå Forskingsrådet. – Ja, det skjer mykje interessant forsking utanfor Noreg og Europa, så difor er det viktig å ha kontakt med forskingsfronten i land utanfor Europa også, understrekar han. For studiet er det også viktig med dette prosjektet.

– Neste år startar me eit nytt studieprogram som heiter «Robotikk og intelligente system», og då er revidering av eksisterande kurs og laging av nye naudsynt. På den måten kjem det internasjonale samarbeidet som dette prosjektet gir sjansen til, godt med for å kunna tilby eit så bra studietilbod som mogleg, slår han fast. – Det er i tillegg også pengar til å støtta studentar som ynskjer å ta eit semester eller to ved ein av partnarinstitusjonane, legg han til.

Desse åtte prosjekta ved UiO har fått støtte frå INTPART:

Sino-Norwegian Alliance in Photovaltaics, prosjektleiar Andrej Kuznetsov, Fysisk institutt.

The Oslo-Toronto Alliance in Lifespan Changes in Brain and Cognition, prosjektleiar Kristine B. Walhovd, Psykologisk institutt.

Nuclear shapes and resonances in research and education, prosjektleiar Sunniva Siem, Fysisk institutt.

The PharmaTox Honours Program in Quantative Life Sciences, prosjektleiar Hedvig Nordeng, Farmasøytisk institutt.

Research and Education in Quantative Macroeconomics with Focus on Inequality: Cooperation between UiO, UPenn and Utoronto. Prosjektleiar Marcus Hagedorn, Økonomisk institutt.

Reversing antimicrobial resistance. Prosjektleiar Tone Tønjum, Institutt for klinisk medisin, MED.

Changes at the Top of the World through Volcanism and Plate Tectonics: Norwegian- Russian-North American Arctic research and education. Prosjektleiar Carmen Gaina, Senter for Jordas utvikling og dynamikk.

Collaboration on Intelligent Machines. Prosjektleiar Jim Tørresen, Institutt for informatikk.

Dette er INTPART:

Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART) skal hjelpa til med at norske, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar utviklar varige samarbeid med sterke fagmiljø ved institusjonar i prioriterte land utanfor EU: Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika og USA. Meininga er at pengane skal støtta etablering og vidareutvikling av eit formalisert institusjonelt samarbeid om forsking og høgare utdanning. Utdanningssamarbeidet skal vera ein del av resten av utdanningsstilbodet. Ordninga er utvikla og blir drifta av Noregs forskingsråd og Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU).

Les heile lista over dei 20 fagmiljøa som har fått støtte.

Emneord: Forskningspolitikk, Økonomi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2016 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere