UiO kan få pris for god styring av innkjøp
UiO konkurrerer med Statsbygg og NAV om å få prisen for best styring av innkjøp for 2016. – Eg er kjempeglad for det, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

GLADE FOR NOMINASJON: Jacob Landsvik, Tori N. Sandlie, Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og Jan Børge Tjäder er glade for at UiO er mellom dei tre finalistane i konkurransen om å få "Anskaffelsesprisen" for god styring av innkjøp.
Det er Direktoratet for forvaltning og IKT som kvart år deler ut denne prisen på «Anskaffelseskonferansen». Den går av stabelen 3. november og då blir det også klart om anskaffelsesprisen for god styring av innkjøp går til Universitetet i Oslo eller til dei to andre finalistane, Statsbygg og NAV.
- Målretta arbeid
Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er svært glad for at UiO er kome blant dei tre beste.
– Det er resultatet av eit målretta arbeid over fleire år. Eg vil takka alle medarbeidarane som står på kvar dag for å gjera betre innkjøp. Det fører til meirverdi for både forsking og utdanning, understrekar ho. Bjørneboe peikar på at UiO gjer årlege innkjøp for 2,4 milliardar kroner og behandlar til saman 110 000 fakturaer.
UiO vann pris i 2014
Under konferansen skal det også delast ut «anskaffelsesprisar» for digitalisering, for innovasjon og for etisk ansvar. I den siste kategorien er Universitetet i Stavanger mellom dei tre finalistane. Det er også Statsbygg, som er mellom dei tre nominerte på tre av dei fire prisane som Direktoratet for forvaltning og IKT deler ut den 3. november. Universitetet i Oslo har tidlegare vunne «Anskaffelsesprisen for digitalisering». Det skjedde i 2014.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere