Regjeringa gir 71,5 millionar til utvikling av miljøvennleg teknologi

– Me løyver 71,5 millionar kroner til forskingsmiljø som vil delta i den teknologiske utviklinga for å gjera transportsektoren endå meir miljøvennleg, sa klima- og miljøminister Vidar Helgesen då han kom med ein godt planlagt budsjettlekkasje på Kjemisk institutt på UiO i ettermiddag.

INNFØRING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og klima- og miljøminister Vidar Helgesen får ei innføring i korleis det blir forska på å utvikla meir effektive og betre batteri på Kjemisk institutt ved UiO. Midt mellom dei to statsrådane står dekan Morten Dæhlen.

Foto: Ola Sæther
heilt sikker på.

Fekk lanseringsidé i Apollon

Det var ein reportasje i forskingsmagasinet Apollon som gjorde klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen klar over at det på Kjemisk institutt  ved Universitetet i Oslo blei forska på utvikling av batteri som vil ha tusen gonger større effekt enn dagens batteri.

– Me dreiv og søkte litt på ny teknikk og brått dukka denne Apollon-artikkelen opp. Difor fann me ut at det var naturleg å presentera dei nye, friske millionane på dette instituttet. No er det på tide å finna løysingar som er relevante, og så må me bli flinkare i dette landet til å få til ny verdiskaping basert på  forsking og utvikling. Når me lanserer rapporten Grøn konkurransekraft seinare i oktober, vil me koma nærare inn på det, sa Vidar Helgesen. Han hadde også med seg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Fascinerande

Begge statsrådane let seg synleg imponera av det dei såg i laboratoria av utvikling og forsking på framtidas nye og meir effektive batteri.  

– Dette er fascinerande. Og det er ei rivande utvikling på dette området der Noreg er langt framme. Dersom me skal nå måla me har sett oss for lågutsleppsamfunnet i 2030, må transportsektoren vera med. Personbilmarknaden har kome svært langt i å utvikla effektive elbilar, men det me ser no syner at det også vil vera mogleg å få resten av transportsektoren med i denne utviklinga. Då tenkjer eg både på tungtransport og kollektivtransport. For at det skal skje, er det viktig at det er eit samarbeid mellom forskings- og utviklingsmiljøa og næringslivet. Det er grunnen til at regjeringa foreslår ei løyving på 71,5 millionar kroner til denne forskinga, fortalde Vidar Helgesen.

– Stor interesse frå næringslivet

Professor i uorganisk materialkjemi, Helmer Fjellvåg viste kor raskt utviklinga har gått.

– For ti år sidan var ikkje næringslivet særleg interessert i det me heldt på med. No vil alle vita kva me driv på med. Det er framleis eit stykke igjen før me har brukt opp alle moglegheiter kjemien gir oss til å utvikla meir effektive og betre batteri. I løpet av fem til ti år vil det vera ei stor elektrifisering av transportsektoren. Rolla vår er å driva forsking og undervisning. Og om me er gode, vil også næringslivet samarbeida med oss, trudde han.

– Universiteta har mykje å bidra med

Vidar Helgesen og Torbjørn Røe Isaksen blei også vist rundt i eit laboratorium der det blir utvikla ein metode for å redusera NOx-utsleppa frå motorar i skip og andre kjøretøy gjennom å laga heilt nye type materialar. Laboratoriet samarbeider nært med gjødsel- og kjemikalieselskapet Yara og det Hamar-baserte edelmetallselskapet K. A. Rasmussen.

Helmer Fjellvåg fylgde opp omvisinga med ein invitasjon til norske selskap:  

– Dette er forsking som er relevant for norsk næringsliv. Men den krev også avansert instrumentering. Universiteta har difor mykje å bidra med til næringslivet når det gjeld forsking og utvikling innanfor dette området, sa han.

Sjå besøket til klima- og miljøminister Vidar Helgesen og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i videoreportasjen øvst i artikkelen. (Filming: Yngve Vogt, Apollon)

 

 

Emneord: Realfag, Naturfag, Kjemi, Forskinspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2016 18:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere