Dei norske språkskattane har fått ein ny heim ved UiB

I løpet av sommaren har fleire hundre hyllemeter med arkivmateriale blitt flytta frå Oslo til Bergen.

NY HEIM I BERGEN: Språksamlingane, som UiB no formelt har teke over ansvaret for, skal reint praktisk plasserast under Universitetsbiblioteket. 

Foto: Ida Bergstrøm / På Høyden

Arkivet inneheld samlingar over syntaks, morfologi, fonologi, ordtilfang, stadnamn og gamalnorsk språk. Her finst kart, lydopptak, protokollar, arkivsamlingar over ord og namn,

Dette er språksamlingane og Norsk Ordbok:

Samlingane er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Språksamlingane ligg mellom anna til grunn for Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

Arbeidet med Norsk Ordbok blei starta allereie i 1930. Verket gir ei uttømmande og vitskapleg framstilling av ordtilfanget i norske dialektar og nynorsk skriftspråk, med grammatikk, tydingar, ordhistorie og døme på bruk både i litteratur og talemål.

UiO fekk ansvaret for språksamlingane på 1970-talet. Då fekk dei òg ein øyremerka sum til å drifta samlingane.

Hausten 2014 blei det klar at styret ved  Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet ikkje lenger ville ha råd til å ta ansvaret for språksamlingane.

15. juni tok UiB formelt over ansvaret for å drifta bokmål- og nynorskordboka på nett. UiB skal samarbeide med Høgskulen i Volda om arbeidet.

Det humanistiske fakultetet har lyst ut ei stipendiatstilling som er knytt til språksamlingane. Oppstart er i 2017. Høgskulen i Volda har tidlegare varsla at dei òg vil bidra med ein doktorgradsstipendiat.

Universitetet i Bergen samarbeider med Språkrådet.

Ordboktenesta skal halde fram som ei gratis teneste til nytte for alle, drifta av UiB i samarbeid med Språkrådet vidareutvikle tenesta, mellom anna med ein app.

(Kjelder: Norsk Ordbok 2014, På Høyden, Uniforum)

her er store korpus, ordbøker og digitale forskingsverktøy.

Alt har kome for å bli ein del av Universitetet i Bergen sitt bibliotek, skriv På Høyden.

I tillegg har UiB tatt Norsk Ordbok og dei digitale bokmåls- og nynorskordbøkene under vengjene sine.  Dette er ei teneste som har 90 millionar oppslag kvart år.

– Ordbøkene vil få høg prioritet

Ved UiB er det Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og instituttleiar Johan Myking som kjem til å få eit overordna ansvar for samlingane.

- Er det noko du er spesielt nøgd med å ha fått til Bergen?

- Alt! Når det først var slik at vi måtte ta alt, er eg glad for alt saman.  Arbeidet med ordbøkene har høg prioritet, seier Johan Myking, instituttleiar ved LLE til På Høyden.

UiB har som mål at den vennlege overtakinga vil føre til ny og betre språk- og namneforsking.
Det unike materialet gir også gode høve for betre rekruttering av unge språkforskarar.   

Språkfest i aulaen

- Vi er enormt stolte over å få ta over dette ansvaret. Høgskulen i Volda er ein uvurderleg partnar i samarbeidet om å ta vare på samlingane, seier Dag Rune Olsen.

Måndag vart språksamlingane  ønska velkommen til gards med ei markering i Aulaen. Her var stortingspresentant Svein Harberg,  leiar av familie – og kulturkomiteen til stades. Også Åse Wetås, direktør i Språkrådet, hadde tatt turen til Aulaen.

- Vi vil legge til rette for at norsk språk og kultur skal utvikle seg og leve. Vi er opptatt av mangfald, seier Svein Harberg.

Han minna om at arbeidet med språksamlingane og ordbøkene ikkje er over.

- No er samlingane heime. No er dei samla. Gratulerer med det. Ordbøkene er den sentrale berebjelken i eit felles språk. Kva skulle vi gjort utan? Nettordbøkene blir eit suverent verkemiddel for alle oss som er opptekne av god og korrekt språkbruk. Dette er ei viktig offentleg innhaldsteneste. UiB har teke på seg eit stort ansvar med å drive nasjonal språkrøkt, men det er ikkje første gongen Bergen tek på seg eit viktig nasjonalt oppdrag, og lukkast.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Språk, Språkpolitikk Av Ida Bergstrøm / På Høyden
Publisert 11. okt. 2016 11:42 - Sist endra 11. okt. 2016 11:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere