– Ikkje grunn til sentralt vedtak om nikab-bruk ved UiO

– For UiO er det ikkje noko problem at Norsk studentorganisasjon seier nei til nikab-forbod, seier prorektor Ragnhild H. Hennum. Det var torsdag NSO vedtok at dei ikkje ynskjer eit forbod mot bruk av nikab på universitet og høgskular.

IKKJE NOKO STORT PROBLEM:  Prorektor Ragnhild H. Hennum overlet til institutt og fakultet å avgjera om det er mogleg for studentar å bruka nikab.  – I det store og det heile er det eit lite problem for UiO, seier Ragnhild H. Hennum til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Norsk studentorganisasjon tar i resolusjonen utgangspunkt i at sjølv om alle partia på Stortinget er einige i at alle skal ha lik rett til utdanning og rett til å uttrykkja seg sjølve, så vil fleire av partia å avgrensa valfridomen til enkeltpersonar ved å forby heildekkjande hovudplagg, også kalla nikab.

«Med et eventuelt forbud tvinges enkeltpersoner til å velge mellom egen overbevisning og den utdanningen de ønsker å ta», står det i resolusjonen.NSO meiner at slike forslag innskrenkjer lik rett til utdanning. Organisasjonen synest at alle fritt skal kunna bera ulike klesplagg eller symbol, så lenge dei ikkje er til hinder for gjennomføring av undervisning og praksis, understrekar studentorganisasjonen.

– Medisinstudiet kan krevja forbod mot nikab

Prorektor Ragnhild H. Hennum slår fast at Universitetet i Oslo ikkje har noko problem med innhaldet i denne resolusjonen.

– NSO viser til at det må liggja ei fagleg vurdering til grunn dersom me skal hindra enkeltpersonar å kle seg slik som dei sjølve ynskjer. Det vil seia at til dømes medisinstudiet kan krevja forbod mot nikab av faglege grunnar, seier prorektor Ragnhild H. Hennum til Uniforum.

– Eit lite problem for UiO

– Blir det aktuelt med noko generelt forbod mot nikab på universitetsområdet?

– Nei, det har ikkje vore oppe som ei aktuell sak. Dessutan er det opp til dei lokale einingane å bestemma og vurdera om det er faglege grunnar til å hindra at folk brukar heildekkjande hovudplagg. I det store og det heile er det eit lite problem for UiO. Derfor har me heller ikkje sett nokon grunn til å gjera eit sentralt vedtak i dette spørsmålet, understrekar ho.

Kunnskapsministeren annonserte mogleg nikab-forbod

Det var under trontaledebatten i byrjinga av oktober, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kunngjorde at Kunnskapsdepartementet ville laga eit nasjonalt regelverk som i praksis ville innebera eit forbod mot bruk av nikab på skular, universitet og høgskular.

Rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Curt Rice, gjekk den gongen hardt ut mot forslaget i nettavisa Khrono: – Det som er trist er jo at denne saka utelukkande handlar om meiningar. Eg ser ingen argument og fakta som er forskingsbaserte her, sa han til avisa.

Uniforum har bede om ein kommentar frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Rett før helga hadde han ikkje høve til å seia noko om nikab-vedtaket til Norsk studentorganisasjon. Via kommunikasjonsdirektør Anne-Kristin Hjukse bad han Uniforum om heller å ta kontakt med partifellene hans på Stortinget.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2016 16:26 - Sist endra 12. juni 2017 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere