UiO tredoblar innsatsen for truga forskarar

Universitetet i Oslo vil gi opphald til fire truga forskarar i året. Derfor foreslår universitetsdirektøren å tredobla løyvinga til Scholars at Risk-ordninga.

FEKK VERN: Denne professoren fekk vern av Scholars at Risk i Noreg i 2014 etter at ho hadde blitt trakassert i heimlandet Pakistan. No vil UiO gi vern til fire truga forskarar i året.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

I dag har Universitetet i Oslo finansiert utgifter til lønn, reise og sosiale utgifter for ein truga forskar i året. Den truga forskaren blir tatt imot gjennom organisasjonen Scholars at Risk. Fagmiljøa er positive til å ta imot fleire forskarar som blir trakasserte eller truga, og Universitetet i Oslo sentralt har kapasitet til å koordinera mottak av fleire.  

Frå ein til fire

Difor føreslår universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe at Universitetsstyret den 14. september løyver 3 millionar kroner frå styret sin reserve for 2017 til å ta imot fleire truga forskarar gjennom Scholars at Risk på eitt år lange opphald i 2016/2017. Viss styret fylgjer innstillinga, vil det gi fire truga forskarar høve til å forska trygt, og i fred og ro ved UiO i eitt år.  

Viktig ansvar for universitetet

UiO-rektor Ole Petter Ottersen synest det er eit viktig oppgåve for universitetet å fremja og hegna om den akademiske fridomen på den måten.

– Akademisk fridom er under press mange stader i verda, og ikkje minst i konfliktområda i Midtausten og no i Tyrkia. Det er vårt ansvar som universitet å hegna om og fremja akademisk fridom. Dette gjer me ved å støtta  kollegaene våre gjennom media og akademiske og politiske kanalar, men også ved å tilby ein arbeidsplass for dei som ikkje lenger kan driva den akademiske verksemda si i heimlandet. Det er mange frå Midtausten og Tyrkia som vender seg til oss, og me vil gjerne skapa eit rom for desse her i Noreg, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.  

Han viser til at UiO lenge har samarbeidt med  det internasjonale nettverket som arbeider for å verna truga forskarar.

– Scholars at Risk er ei ordning som me har god erfaring med og som er godt eigna for å skapa slike rom. Derfor ynskjer me no å utvida ordninga.  Eg har over dei siste vekene hatt møte med forfylgde forskarar og ser kva enorm belasting dei blir utsette for, fortel han.

Talet på hjelpeappellar dobla

Ifylgje saksdokumenta til Universitetsstyret har talet på appellar om hjelp frå Scholars at Risk blitt dobla i løpet av det siste året, først på grunn av situasjonen i Syria, og det siste året også på grunn av dei tinga som har hendt i Tyrkia.  Ferske tal frå Scholars at Risk viser at frå september 2015 til august i år tok dei imot 560 søknader om å hjelpa truga akademikarar. Året før fekk dei 202 slike søknader.  Berre i løpet av den siste månaden har hovudkontoret  i New York tatt imot 140 søknader, medan det vanlege er å få mellom 30 og 40.

Scholars at Risk er ansvarleg for kvalitetssikring av søknadene frå forskarane når det gjeld kompetanse og trugsmålsbilete, før forskarane blir kopla med medlemsinstitusjonar som passar inn med den faglege bakgrunnen.

Universitetsstyret skal  i morgon altså først godkjenna eit forslag om å løyva  3 millionar for å dekkja utgiftene ved å utplassera fire truga forskarar ved UiO i 2016/2017. I samband med budsjetthandsaminga for 2018, er det snakk om å auka den varige satsinga på Scholars at Risk, går det fram av saksdokumenta.  

2000 forskarar har fått hjelp

UiO er medlem av Scholars at Risk (SAR), som arbeider for å fremja akademisk fridom og verna truga forskarar. Nettverket blir administrert frå New York University og har over 400 medlemsinstitusjonar i 39 land. UiO blei medlem i 2001. Nettverket har på 15 år hjelpt over 2000 forskarar og organisert hjelpeopphald for over 650 truga forskarar ved institusjonane som er medlemmer i nettverket. I 2012 fekk nettverkets direktør, Robert Quinn tildelt UiOs menneskerettspris for dette arbeidet.  

ARBEIDER FOR TRUGA FORSKARAR: Robert Quinn, dagleg leiar for Scholars at Risk, har fått inn dobbelt så mange søknader med bønn om hjelp frå truga forskarar det siste året enn det nettverket fekk året før. Styret for UiO vil truleg vedta å firedobla støtta til nettverket slik at UiO kan ta imot fire truga forskarar i året i staden for berre ein. (Arkivfoto: Ola Sæther)

– Stor symboleffekt

Ole Petter Ottersen trur den kraftige auken i løyvingane til Scholars at Risk, vil vera eit viktig symbol og inspirera andre institusjonar til å gjera det same. – Eg sa i årsfesttalen at me må reagera når den akademiske fridom er truga, uansett kvar i verda dette skjer. Det er berre eitt akademisk fellesskap, og det er det globale. Eg trur det vil ha ein stor symboleffekt og inspirera andre institusjonar at UiO no går føre for å støtta akademikarar og studentar som ser  fridomen sin truga og som i mange tilfelle blir forfylgde på grunn av meiningane sine og  forskinga si, seier Ottersen.   

– Når håpar du å ha alle dei fire truga forskarane på plass ved UiO?

– Dette er det altfor tidleg å seia. Me prioriterer dette arbeidet, men det er mange ting som må ordnast før forskarane er på plass, slår han fast.

Universitetstilsette i Europa får opplæring i integrering

No har også UiO saman med Scholars at Risk, UNICA-nettverket og Universitetet i Ljubljana fått godkjent ein Erasmus+ strategisk partnarskap for 2016-2019. Dette prosjektet skal byggja på den kompetansen og dei røynslene partnarane har i arbeidet med å integrera flyktningar i akademia, verna truga akademikarar og fremja akademisk fridom.

Europeiske universitetstilsette skal få intensiv opplæring på desse områda, og det skal lagast eit eige nettkurs (MOOC) om akademisk fridom og ei digital handbok om verdiar i høgare utdanning. Meininga er at dette skal gå hand i hand med Scholars at Risk-arbeidet som UiO gjer på eiga hand. Dei truga forskarane som får opphald, skal også kunna bidra til prosjektet, går det fram av sakspapira til Universitetsstyret.

Les fleire artiklar om akademisk fridom i Uniforum:

Gjekk imot innføring av dødsstraff - mista jobben

Fekk sparken etter akademikarprotest i Tyrkia

Akademisk fridom må med i listene over verdas beste universitetet

Gir akademisk nødhjelp

 

Emneord: Akademisk frihet, Universitetspolitikk, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2016 00:03 - Sist endra 13. sep. 2016 00:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere