UiO-rektor nøgd etter møte med Tyrkias ambassadør

UiO-rektor Ole Petter Ottersen møtte tysdag ettermiddag Tyrkias ambassadør Esat Safak Göktürk. – Han tok alvorleg den uroa me på norske universitet og høgskular føler for den akademiske fridomen i Tyrkia, seier Ottersen.

MØTTE AMBASSADØR: UiO-rektor Ole Petter Ottersen uttrykte uro for situasjonen for akademikarar i Tyrkia under møtet med Tyrkias ambassadør tysdag ettermiddag. Samtidig kritiserte han kuppforsøket mot den demokratisk valde regjeringa 15, juli. Biletet viser hovudporten til Boğaziçi-universitetet i Istanbul.

Foto: Ola Sæther

I eit brev til statsminister Erna Solberg og EU har rektorar ved norske universitet og høgskular uttrykt stor uro over trugsmålet mot den akademiske fridomen i Tyrkia. Dei har vist til oppseiinga i slutten av juli av fire rektorar, 1577 dekanar og 15 200 tilsette i utdanningssektoren som styresmaktene har skulda for å vera handlangarar for kurdiske organisasjonar eller støttespelarar til organisasjonen til Fethullah Gülen.

Før kuppforsøket den 15, juli, hadde også akademisk tilsette fått utreiseforbod og akademikarar på forskingsopphald i utlandet blei bedne om å venda heim til Tyrkia. Grunnen var at dei tidleare i 2016 hadde skrive under på nettverket Academics for Peace sitt krav om slutt på krigshandlingane i kurdiske område i Søraust-Tyrkia og oppfordring til fredsforhandlingar mellom partane.  Difor har rektorar ved norske universitet og høgskular frykta at også det internasjonale forskingssamarbeidet med Tyrkia ville bryta saman.

– Positivt inntrykk

Universitetet i Oslo har eit utstrekt  akademisk samarbeid med Tyrkia. Det er bakgrunnen for at Tyrkias ambassadør Esat Safak Göktürk hadde sagt ja til å møta UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ettermiddag. Etter møtet med ambassadør Esat Safak Göktürk var Ole Petter Ottersen godt nøgd.

– Han gav eit svært positivt inntrykk. Først gav eg ei ærleg skildring av situasjonen for akademikarar i Tyrkia, der me meiner at arrestasjonane og oppseiingane av universitetstilsette på grunnlag av skuldingar om tilknyting til kurdiske rørsler eller Gülen-rørsla, er eit trugsmål mot den akademiske fridomen og menneskerettane. Samtidig gav eg klart uttrykk for at me også fordømmer kuppforsøket som eit åtak mot ei demokratisk vald regjering, fortel Ottersen til Uniforum.

– Ville melda tilbake til styremaktene

– Korleis reagerte ambassadøren på det?

– Han lovte å fylgja opp dei tinga som me bad han om å retta opp og også respektera vår lovnad om slå ring om tyrkise studentar og universitetstilsette ved UiO. Inntrykket mitt var at han var imøtekomande og vil melda tilbake til styresmaktene når det gjeld uroa vår for trugsmålet mot den akademiske fridomen og brota på ytringsfridomen.

Ifylgje Ole Petter Ottersen uttrykte ambassadøren klart og tydeleg at han hadde merka seg engasjementet på norske universitet og høgskular når det gjeld forholda i Tyrkia.

– Eg understreka sterkt at eg var oppteken av at Noreg og Tyrkia måtte halda fram med studentutvekslinga og forskingssamarbeidet.

Så langt Ole Petter Ottersen har rekna ut, har forskarar ved UiO samforfattarskap med kolleger frå 48 forskingsinstitusjonar i Tyrkia. Samtidig har Universitetet i Oslo samarbeidsavtalar med seks universitet i Tyrkia.

– Det viser at det er eit omfattande samarbeid om både studentutveksling og forsking mellom UiO og tyrkiske universitet, seier Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Tyrkia, Demokrati, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2016 22:53 - Sist endra 24. aug. 2016 11:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere