Skal gjera det juridiske språket forståeleg

Jusstudentar skal få opplæring i å skriva eit godt og klart språk. Det blir resultatet av ei gåvepakke på 30 millionar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til Det juridiske fakultetet ved UiO.

SAMAN FOR GODT SPRÅK: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og UiO-rektor Ole Petter Ottersen skriv under avtalen som gir Det juridiske fakultetet 30 millionar kroner til eit klart språk-prosjekt.

Foto: Ola Sæther

Det var i ein eigen seremoni på det gamle dekankontoret i Urbygningen,  kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og UiO-rektor Ole Petter Ottersen skreiv under avtalen, som altså gir 30 millionar kroner til eit klart språk-prosjekt ved Det juridiske fakultetet.

Får eige professorat

Pengane skal brukast til å etablera eit fast professorat og tre stipendiatstillingar over ein tiårsperiode frå 1. oktober 2016. Frå 2026 skal klart juridisk språk inn som ein fast og integrert del av jussutdanninga på Det juridiske fakultetet.  

Arbeidet med å finna den rette personen til professoraret, vil starta straks, opplyser jusdekan Dag Michalsen til Uniforum.  – Det er sjølvsagt viktig at det er ein jurist som har eit godt grunnlag for å kunna gjera ein lovtekst klar og forståeleg utan at meiningsinnhaldet forsvinn.   I dag blir det produsert mange dårlege, norske omsetjingar på løpande band etter kvart som det kjem inn nye lover og føreskrifter frå EU. Også desse må omsetjast på ein slik måte at dei ikkje mister meiningsinnhaldet, sjølv om dei blir gjort forståelege for vanlege folk. Difor er det viktig at det er juristar som gjer dette arbeidet, seier Dag Michalsen. 

Dårleg språk kostar staten 300 millionar i året

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner håpar at prosjektet har skapt store endringar om ti år.  – Då skal Noreg ha fått eit enklare lovspråk og vedtakstekstar frå stat og kommune skal ha eit språk som folk forstår.  I 2026 vil Noreg også ha fått utdanna mange juristar som har hatt klart språk som ein del av utdanninga si, slår han fast overfor Uniforum.

Han peikar også på at det norske samfunnet årleg brukar 300 millionar kroner på å tolka og forstå dårleg språk i offentlege dokument og vedtak. 

– Klare og forståelege lover, føreskrifter og offentlege dokument er viktige for demokratiet og rettsstryggleiken, understrekar Sanner i ei pressemelding.

 – Viktig for demokratiet

Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært nøgd med at dette prosjektet er kome i gang.  

– Dette er viktig for samfunnet og for å styrkja demokratiet i Noreg. Det handlar om å forstå juridiske vedtak utan å gå vegen om omsetjing, meiner han.

Og å styrkja utdanninga av juristar slik at dei kan skriva meir forståelege tekstar, er også ein sentral del av arbeidet med studiekvaliteten, legg han til.

Ottersen ser ikkje bort frå at dette kan bli utvida til andre fagområde på Universitetet i Oslo.

– Det kan tena som ein mogleg modell for medisinarutdanninga, seier han til Uniforum.

Jussdekan deler æra med forgjengaren sin

Dagens jussdekan Dag Michalsen gir mykje av æra for at klart språk-prosjektet kom i gang, til forgjengaren sin, Hans Petter Graver.

– Han sette i gang eit klart språk-prosjekt på juss i nært samarbeid med saksprosaprofessor Johan Tønnesson og fagmiljøet i retorikk på Det humanistiske fakultetet. Dei hadde fleire seminarrekkjer med oss om klart språk, fortel han. 

Tidlegare dekan Hans Petter Graver meiner dagens dekan også har ein del av æra for at den siste biten av prosjektet kom på plass.

– Det var han som ynskte at dette prosjektet måtte gjerast større og fekk Kommunal- og moderniseringsdepartementet med på å løyva 30 millionar kroner til eit ti år langt prosjekt, fortel Graver til Uniforum.  

– Det enda opp med at Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom til oss med eit forslag til korleis dette kunne koma i stand, seier Dag Michalsen nøgd.

Sidan 2011 har staten arbeidt med å gjera regelspråket klarare og meir forståeleg gjennom prosjektet «Klart lovspråk». Det er Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) som har ansvaret for prosjektet, går det fram av ei pressemelding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Også Kulturdepartementet, Justis- og politidepartementet og Språkrådet deltar i prosjektet. 

 

 

Emneord: Jus, Språkpolitikk, Språk, Juss Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2016 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere