Næringsbygg blei hypermoderne studenthus

I går blei det nye Lillo studenthus på Storo offisielt opna. – Det er fantastisk flott å bu her, seier IT-student Simen Schaufel. Det er Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus som står bak studenthuset.

KJEMPEHERLEG: – Det er kjempeherleg å bu åleine, synest Simen Schaufel (t.v.), som har flytta inn i flunkande ny studenthybel i Lillo studenthus på Storo. Sebastian Frey-Holberg er svært nøgd med det 40 kvadratmeter store parhusværet som han og kjærasten har fått.

Foto: Unni Irmelin Kvam /Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus

Det var byråd Hanne Marcussen (Dei grøne)  i Oslo som opna Lillo studenthus, som har 168 husvære for 208 studentar. Etter å ha blitt invitert til å sjå på studenthyblane, var ho svært begeistra.

– Eg synest dei er ufatteleg fine. Dei er kompakte og små, men studentane har plass til alt dei treng, sa Hanne Marcussen til Uniforum.

Godt samarbeid skal gi 3000 nye studenthyblar

Bygningen som no husar Lillo studenthus, var tidlegare eit næringsbygg. –  Det viser at det går an å gjera tidlegare næringsområde i sentrum om til bustader, understreka ho. Hanne Marcussen gjekk også langt i å lova bort liknande tomter til studentbustader i framtida.

SNORKLIPPING: Byråd Hanne Marcussen (Dei grøne) i Oslo klipper over snora og opnar offisielt Lillo studenthus. Ho blir flankert av Simen Schaufel (t.v.) leiar for Velferdstinget, Aleksander Martin Gjøsæter og Sebastian Frey-Holberg. (Foto: Unni Irmelin Kvam /SiO)

– Oslo kommune vil i alle fall leggja forholda best mogleg til rette for at det skal kunna skje. Dei neste åra skal det koma 3000 nye studentbustader i Oslo. Og det skal me få til i godt samarbeid med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus og staten, sa ho.

– Fantastisk

Ein av dei som har fått studenthybel i Lillo studenthus, er Simen Schaufel. Han er IT-student  ved Høgskulen i Oslo og Akershus. Han viser oss  studenthybelen sin på 20 kvadratmeter med eitt rom med kjøkken og eit bad.

– Eg er svært nøgd. Søknaden min blei sendt oktober i fjor, og då oppfordra dei meg til å søkja hybel i Lillo studenthus. Eg ynskte å bu for meg sjølv etter å ha budd ein periode hos stebroren min. Difor var det fantastisk, då eg i juni fekk beskjed om at eg kunne flytta inn i Lillo studenthus. Det er kjempeherleg å kunna bu åleine, seier han til Uniforum.

Han betaler 6200 kroner i månaden inkludert straum og internett.  Dei som bur saman i parhusvære, betaler 9000 kroner i månaden for 40 kvadratmeter med stove og soverom. Ein av dei som gjer det, er Sebastian Frey-Holberg

– Eg er svært glad for å ha fått tildelt dette husværet, seier Frey-Holberg som til dagleg studerer eigedomsmekling på Handelshøgskolen BI.

Takterrasse

FRÅ NÆRINGSBYGG TIL STUDENTHUS: Lillo studenthus er det nyaste butilbodet Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har til studentar i Oslo. (Foto: Astri  Åmellem Brøto /SiO)

Lillo studenthus er den aller nyaste studentbustaden til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus. Felix arkitekter har hatt ansvaret for å omgjera det tidlegare næringsbygget i Sandakerveien 99 til eit funksjonelt studenthus. Den offisielle opninga blei halden på takterrassen i åttande etasje.

–  Eg er sikker på at det blir ein av dei mest populære møtestadene for studentane, så lenge det er fint ver, trudde SiO-direktør Lisbeth Dyrberg. Ho peika på at enno står nesten 7000 studentar i bustadkø i Oslo.

Fekk 900 søkjarar

– Då me søkte etter studentar som ville bu her på Facebooksida vår, fekk me 900 søkjarar i løpet av tre dagar. Dei 208 som har fått plass får bu i eit studenthus med få parkeringsplassar og veldig mange sykkelstativ. Det er slik me vil ha det i dag, konstaterte Lisbeth Dyrberg.

Det tidlegare næringsbygget som no er blitt til Lillo studenthus, var fram til tidleg på 1990-talet, hovudkvarteret til NAVF, Noregs allmennvitskaplege forskingsråd.

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2016 15:06 - Sist endret 11. aug. 2016 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere