Forskning.no-redaktør lovar å merkja artiklar betre

Forskning.no har brote god presseskikk. Det er konklusjonen frå Pressas faglege utval (PFU) etter at forskingsavisa var klaga inn for å ha blanda saman journalistikk og butikk. – No skal me merkja artiklane frå medlemsinstitusjonane våre endå tydelegare, lovar ansvarleg redaktør Nina Kristiansen.

MÅ MERKA BETRE: forskning.no-redaktør Nina Kristiansen (t.v.) lovar at ho og redaksjonen skal merka artiklane frå medlemsinstitusjonane betre etter at forskning.no blei felt i Pressas faglege utval i går. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Klagane gjeld to artiklar som er publiserte på forsking.no, går det fram at oppsummeringa frå møtet i PFU.  Artiklane kjem frå forskingsmiljøa, høvesvis Opplysningkontoret for meieriprodukt og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. I den høgre spalta står «i samarbeid med» og så kortnamnet på institusjonane og logoane deira. Klagarane hevdar at dette er reklame og ikkje journalistikk og at forskning.no bryt punkt 2.6 i Ver Varsam-plakaten, fordi artiklane svekkjer det klare skiljet mellom journalistikk og reklame. Samtidig blir det peika på at forsking.no får betalt for å publisera desse artiklane.

Klagarane får medhald i PFU

Pressas faglege utval gir klagarane i stor grad medhald. Først peikar utvalet på det forskning.no skriv i tilsvaret. Dei innklaga artiklane er ikkje fri og uavhengig journalistikk, fordi dei indirekte er betalt for. Det meiner at det redaksjonelle og kommersielle innhaldet ikkje skil seg sterkt nok frå kvarandre og at dette svekkjer det klare skiljet mellom journalistikk og reklame. Konklusjonen frå møtet i går, er dermed at forskning.no har brote god presseskikk.

Skal bli tydelegare

Ansvarleg redaktør Nina Kristiansen i forskning.no lovar å gjera naudsynte endringar.

– Me vil merkja artiklane fra medlemsinstitusjonane våre endå tydelegare. Ei tilsvarande sak var oppe i PFU i 2014, da fekk me beskjed om at merkinga vår var god nok. No konstaterer me at PFU meiner at me ikkje merkjer godt nok. Medielandskapet og presseetisk praksis har endra seg raskt, og det må me ta omsyn til, svarar ho i ein epost til Uniforum.

– Me skal prøva oss fram og testa ut på lesarar kva som funkar godt, og som tydeleg viser fram den spesielle ordninga vår, legg ho til.

– Godt stoff

–Trur du det vil bli vanskelegare å få forskingsinstitusjonane til å finansiera og få publisert saker, dersom deira saker må merkast endå sterkare enn i dag?

– Artiklane fra medlemsinstitusjonane er allereie merkte på tre stader. Me må endra ordlyden for å få fram måten me gjer dette på. Men medlemssakene våre er godt stoff og godt lesne, så det er ingen grunn til å tru at dette vil endra seg, seier Nina Kristiansen.

Emneord: Etikk, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 24. aug. 2016 17:44 - Sist endra 25. aug. 2016 10:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere