– Økokrim må styrkjast

– Økokrim må styrkjast for å få nok kapasitet til å kunna gå grundig inn i korrupsjonssaker, meiner økonomiprofessor Kalle Moene ved UiO.

OVERRASKA OG IMPONERT: – Eg er overraska og imponert over at det ikkje har vore fleire avsløringar av korrupsjon i samband med kontraktar på utvinning av olje utanfor norskekysten, seier økonomiprofessor Kalle Moene.

Foto: Ola Sæther

Dei siste to vekene har det kome daglege avsløringar i Aftenposten og aviser i 70 andre land av politikarar, forretningsfolk og internasjonale idrettstoppar som har lurt unna milliardformuar i skatteparadis som Dei britiske jomfruøyane, Seychellane og Bahamas. Alt har blitt organisert gjennom advokatfirmaet Mossack Fonseca i Panama. Lekkasjen av 11 millionar dokument frå det firmaet har gitt avsløringane namnet Panama Papers.  

Så langt har både Islands statsminister og direktøren for Austerrikes største bank gått av som ein konsekvens av denne gravejournalistikken. I Storbritannia er statsminister David Cameron i hardt vêr.  

I Noreg har Aftenposten  dokumentert at både DNB, Yara og Nordea truleg har vore innblanda i svært tvilsame transaksjonar ved hjelp av advokatfirmaet i Panama.

USA er tøffast mot korrupsjon

Økonomiprofessor Kalle Moene ved UiO var ein av dei første som begynte å forska på korrupsjon i Noreg. Han fylgjer saka med stor interesse og meiner Noreg har mykje å læra av den kapitalistiske storebroren sin, USA, når det gjeld å få has på korrupsjon og skatteunndragingar.

– USA er det landet som har hatt dei strengaste dommane mot korrupsjon. Sjølvsagt kan det vera saker som eg ikkje har fått med meg, men i dei sakene eg kjenner til, har dommane mot dei involverte vore svært strenge, fortel han til Uniforum.  

Forsvarar Økokrim

Etter hans meining har dei norske styresmaktene dei siste åra ført feil politikk for å kunna hindra korrupsjon og skatteunndraging.

– Fleire politikarar vil redusera ressursane til Økokrim og desentralisera ein del av stillingane. Dei må gå motsett veg. Økokrim må tvert imot styrkjast for å få nok etterforskingskapasitet til å kunna gå grundig inn i korrupsjonssaker. Marknadsøkonomien fungerer betre når nokon tek dei økonomiske skurkane, slår han fast. Difor er Kalle Moene overtydd om at Økokrim hadde retten på si side når dei  i 2005 sette i gang etterforsking i Transocean -saka.

Ifylgje E24 blei selskapet  skulda for å ha drege unna skatt for 11 milliardar kroner etter internsal og drift av tolv oljeriggar frå Noreg til fleire selskap på Cayman-øyane i Karibia. Kalle Moene viser til at selskapet flytta oljeriggane frå norsk territorialgrense og ut i internasjonalt farvatn i svært kort tid, før dei drog dei tilbake igjen.

Selskapet seier boreriggane var i internasjonalt farvatn utan oppdrag. Difor skal dei ikkje betala skatt av desse inntektene. Enden på visa blei at Økokrim og påtalemakta måtte trekkja ankesaka fordi dei prova etterforskarane frå Økokrim la fram i retten, ikkje var overtydande nok til at retten kunne dømma selskapet for å ha drege unna skatt med vilje. 

Difor blei frifinninga av selskapet, skatterådgivaren og dei andre involverte frå Oslo tingrett ståande og er rettskraftig. Økokrim brukte over 100 millionar kroner på etterforskinga.

– Staten og Økokrim burde ha vunne saka. Transocean vann blant anna fordi dei hadde dyktige og godt betalte forretningsadvokatar. Uniforum har vore i kontakt med Transocean i Noreg, men dei har ingen kommentar til synspunkta til Kalle Moene.

Ubalanse mellom Økokrim og dei private selskapa

Tal som Kalle Moene sjølv har rekna ut, viser at eit selskap er villig til å betala 1 prosent av gevinsten til advokatane sine. Dersom dei slepp unna eit skattekrav på sju milliardar kroner, vil altså selskapet vera villige til å betala advokatane 70 millionar kroner.

– Då er det klart at dei dårleg betalte etterforskarane i Økokrim ofte har langt mindre ressursar å stilla opp med enn det selskapet dei etterforskar og får stilt for retten. Dessutan er det svært viktig ikkje å skriva feil ord eller feil tal i ein tiltale eller i eit anna dokument. Det kan vera nok til at forretningsadvokatane grip tak i feilen, og får avlyst heile rettssaka, seier Kalle Moene.

– Nettopp fordi selskapa kan trekkja til seg advokatar på grunn av høge honorar, vil dei få mange av dei beste juristane. Økokrim har ingen mulegheit til å tilby dei same arbeids- og lønnsvilkåra. Det er mange gode folk der også, men dei treng ikkje vera dei aller største talenta, sidan dei aller beste ofte blir hanka inn av dei private selskapa, peikar han på. 

Få korrupsjonssaker i norsk oljeindustri

Eigentleg synest Kalle Moene det er rart at det ikkje har vore fleire saker om tvilsame kontraktar og utbetalingar under utviklinga av oljeindustrien her i landet.  

– Eg er overraska og imponert over at det ikkje har vore fleire avsløringar av korrupsjon i samband med kontraktar på utvinning av olje utanfor norskekysten. Norden er kjent for at korrupsjon er lite utbreidd. Når det gjeld utanlandsetableringar for norske selskap, ser det heilt annleis ut. Då har både Statoil, Telenor, Yara, Hydro og Kværner gått på fleire smellar. Statoil har til og med betalt pengar til eit forskingssenter i Angola som ikkje eksisterer, trekkjer han fram.

Kalle Moene synest norske næringslivsleiarar har vore for uforsiktige og kanskje for grådige når dei har gjort forretningar i utlandet.

– Norske selskap må bli flinkare til å bruka ryggmergrefleksen når dei skal gjera investeringar i enkelte land med stor avstand mellom dei styrande og dei styrte. Når dei ser at mesteparten av inntektene frå olja og andre utanlandsinvesteringar forsvinn i lommene på presidenten eller andre politikarar, og ikkje kjem resten av innbyggjarane til gode, bør dei ikkje halda fram med å investera pengar i desse landa. Det er pengar som blir rana frå deira eige folk, understrekar han.

Konsulenthonorar rett i lomma til slektningar

 Kalle Moene kjem også med døme på korleis det går føre seg.

– Om eit norsk selskap får ein god kontrakt med ei land i Afrika, må det ofte betala ein ekstra pott som konsulenthonorar. Det viser seg ofte at konsulenten ikkje har gjort noko anna enn tilfeldigvis å vera bror eller slektning til den politikaren det norske selskapet har forhandla med. På den måten har  det norske selskapet betalt ekstra utan få noko igjen for det. Men dei sit igjen med kontrakten og ein faktura som liksom viser at alt har gått rett føre seg.

Likevel synest han at norske styresmakter er langt meir realistiske om faren ved korrupsjon i dag enn for eit par tiår sidan.

– Forskarkollegaen min Jens Andvig frå Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og eg var dei første som forska på korrupsjon i Noreg. Ein gong var me på besøk  i Utanriksdepartementet, og me fortalde om korrupsjonen i afrikanske land. Då sa dei: «Hysj, hysj. De må ikkje nemna det ordet her. Me kallar det for c-ordet for corruption». I dag er det heilt omvendt. Det går ikkje an å snakka om U-land utan å nemna korrupsjon i same slengen. Og ofte er det heilt på sin plass. Men me må også feia for vår eiga dør. Det viser avsløringa av korrupsjon gjennom oppslaga i Panama-papira om skatteparadisa i Vest-India, på Seychellane, i Sveits og i Guernsey. Og fram til 1996 var det faktisk lov for norske selskap å trekkja pengar betalt under bordet i utlandet frå på sjølvmeldinga.

– Kva kan gjerast med problemet?

– Det er mange ting som ikkje er direkte ulovleg innanfor skatteplanlegging og formueplasseringar. Men skatteunndragingar er ulovleg.  Og det er viktig å oppføra seg sømmeleg. Akkurat no er det viktig for DNB å redda tilliten banken har hos kundane sine, politikarane og samfunnet.  Om ingen lenger stolar på banken, vil dei truleg mista både kundar, tillit og godvilje frå samfunnet. Difor fryktar DNB no mest å mista kundane sine.

Mest skuffa over Sør-Afrika

Kalle Moene er opptatt av både urettferdig fordeling og korrupsjon. Og dei tinga heng ofte saman. Difor er han mest vonbroten over eitt av dei landa han tidlegare hadde mest tru på.

– Sør-Afrika er på topp på den gniarindeksen me har laga på Økonomisk institutt. Indeksen viser kva land som har flest fattige utan at nasjonalinntekta skulle tilseia det. Det er altså Sør-Afrika som har den mest polariserte og urettferdige fordelinga av landets rikdomar på innbyggjarane sine. Det skuffar meg stort. Det er skummelt kor raskt nokon kan bli rik midt i den store fattigdommen.

 (Kjelder: Kalle Moene, Dagens Næringsliv, E24, Nettavisen, VG)

 

Emneord: Næringsliv, Internasjonalisering, Økonomi, Etikk Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2016 13:00 - Sist endra 14. apr. 2016 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere