Ber partia om å konkurrera om best mogleg utdanningspolitikk

– Dei politiske partia må konkurrera om å ha den beste politikken for høgare utdanning. Det meiner Marianne Knutsdotter Andenæs (26), som er kandidat til å overta som leiar for Norsk studentorganisasjon.

MÅ KONKURRERA: – Dei politiske partia må konkurrera om å ha ein best mogleg politikk for høgare utdanning, meiner Marianne Knutsdotter Andenæs, som gjerne vil overta leiarvervet i Norsk studentorganisasjon.

Foto: Ola Sæther

Fram til i sommar var Marianne Knutsdotter Andenæs leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo. Haustsemesteret har ho vore masterstudent i statsvitskap. No luktar ho igjen sagmugg og vil tilbake i manesjen til studentpolitikken. For ein månad sidan var det klart at ho stiller som kandidat til leiarvervet i Norsk studentorganisasjon.

Kven som kjem til å overta etter dagens leiar Therese Eia Lerøen, blir avgjort på årsmøtet på Lillestrøm 21.–24. april. Før den tid reknar ho med at det vil melda seg fleire konkurrentar til leiarvervet.

– Må leggja grunnlaget for politikken

– Det som er viktig for Norsk studentorganisasjon, er å leggja grunnlaget for dei politiske partia sin politikk for høgare utdanning. Det er difor om å gjera at organisasjonen set seg saman med dei politiske partia og får lagt dei viktigaste tiltaka inn i dei politiske plattformene deira i god tid før stortingsvalet i 2017. Det er på den måten studentane har klart å få 11 månader studiestøtte og ei endå større satsing på bygging av studentbustader, understrekar Marianne Knutsdotter Andenæs.

Ho minner om at den store strukturendringa som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sette i gang, var grunngiven med at den skulle styrkja kvaliteten på institusjonane.

– Då reknar eg meg at han tenkjer både på utdannings- og forskingskvalitet. Det er svært viktig at fusjonane fører til ei betring av kvaliteten både på utdanning og forsking, håpar ho. Denne veka blei Studiebarometeret 2015 publisert. Akkurat som tidlegare år klagar mange studentar på dårleg oppfylging på studia.

Bachelorstudentar må bli underviste av forskarar

– Noko må gjerast med den daglege drifta til institusjonane. Då eg var bachelorstudent i statsvitskap, fekk eg meg venner berre på grunn av faddergruppa mi. Instituttet hadde ikkje noko anna opplegg for at studentar på faget skulle bli kjende med kvarandre. Det meste var lagt opp til sjølvstudium, understrekar ho.

På masterstudiet er derimot situasjonen heilt annleis.

– Institutta brukar mykje meir pengar på masterstudiet. Først her får studentane treffa forskarar som presenterer funn frå eiga forsking til studentane, og undervisninga går stort sett føre seg i små grupper. Det bør skje i større grad på bachelorstudiet også, meiner ho.

Feil svar

Marianne Andenæs meiner institusjonane lett gløymer kor viktige studentane er, også for finansieringa. – Universitet og høgskular får pengar for studentar som fullfører eksamenane sine. Dei har dermed eit sterkt insentiv for å driva god undervisning og rettleiing, og det er eit paradoks at overbooking av studium er svaret framfor satsing på å betra undervisninga og læringsmiljøet, synest ho.

I tillegg til slagordet «Lik rett til utdanning» lanserer ho «Lik rett til å fullføra høgare utdanning» – Det er ikkje alle studentar som kjem frå akademikarfamiliar. Difor treng dei også ofte meir oppfylging frå høgskulen eller universitetet der dei studerer. Det er ein av grunnane til at professorar og førsteamanuensar bør undervisa både på bachelor- og mastergradnivå. Berre slik vil me få garanti for at undervisninga er forskingsbasert, meiner Marianne Knutsdotter Andenæs.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen gir Marianne Knutsdotter Andenæs honnør for at ho stiller som kandidat til å overta leiarvervet i Norsk studentorganisasjon. – Først vil eg gjerne seia at det er flott at ho stiller som kandidat til eit svært viktig verv.

– Oppfylginga kan utvilsamt bli betre

Ottersen har merka seg synspunkta til Marianne Andenæs om at det har vore manglande oppfylging av studentane på nokre av faga på Universitetet i Oslo, og at det er like viktig med forskingsbasert undervisning på bachelornivå som på masternivå.

– Studiebarometeret som nettopp er publisert, viser jo ein høg grad av tilfredsheit blant studentane. Likevel er det utvilsamt at det mange stader er slik at oppfylginga kan bli betre enn ho er i dag. Betre oppfylging bør koplast til ein større innsats frå studentane si side. For dette er også noko Studiebarometeret viser: At mange studentar investerer altfor få timar i studia sine.

– Eg har stor sympati for Mariannes synspunkt om at studentane bør møta dei beste undervisarane tidleg i studia. Ved mange universitet i utlandet ligg det stor prestisje i det å møta studentane tidleg, - og eg føler at me går i same retning her heime. Marianne har også rett i at det er svært viktig at undervisninga har ei genuin forankring i forsking. Etter mi meining er dette eit av dei viktigaste kvalitetskriteria i høgare utdanning, seier Ole Petter Ottersen.

TIDLEG FORSKARMØTE: Eg har stor sympati for Mariannes synspunkt om at studentane bør møta dei beste undervisarane tidleg i studia, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. (Foto: Ola Sæther)

– Imponert over nytenkinga

Kritikken av at statsvitskap har lagt forholda for dårleg til rette for at bachelorstudentar kan bli betre kjende med kvarandre og læra av kvarandre, tar han til vitande. Samtidig peikar han på at den situasjonen no er i ferd med å bli retta opp.

– Studia i statsvitskap er no under omlegging, og dette er eit aspekt som det blir tatt omsyn til. Eg blei nettopp presentert for planane og blei imponert over nytenkinga i dette arbeidet. Men det er viktig å peika på at studentar og tilsette har eit felles ansvar for læringsmiljøet.

– Universitetsstyret har bestemt at 2016 skal vera UiOs år for lærings- og arbeidsmiljø. Så i løpet av året inviterer me til diskusjonar om korleis me kan gjera det sosiale og faglege arbeidsmiljøet endå betre enn det er i dag, fortel han.

– Utdanningskvalitet er avhengig av tett kopling til forsking

– Kva meiner du er viktigast for å få styrkt utdanningskvaliteten på Universitetet i Oslo?

– Me er glade for at det neste år kjem ei stortingsmelding om utdanningskvalitet og vil spela inn til denne allereie i april. Dette vil me gjera i samarbeid med studentane og undervisningsmiljøa ved fakulteta. Eg meiner at utdanningskvalitet er heilt avhengig av ei tett kopling til forsking. Her meiner eg UiO ligg svært godt an.

– Så må me sjølvsagt styrkja internasjonaliseringa og utvekslinga og utnytta alle dei moglegheitene dei nye teknologiane gir oss. Men viktigast av alt: Me må alle - studentar så vel som me lærarar - ha høge ambisjonar og gjera det me kan for å realisera dei, understrekar Ole Petter Ottersen.

 

 

Emneord: Studentforhold, Universitetspolitikk, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2016 14:01 - Sist endra 3. feb. 2016 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere