– Forskingsrådet må satsa meir på juridisk forsking

– Forskingsrådet må etablera eit eige program for juridisk forsking. Det vil vera viktig både for samfunnet og faget, meiner dekan Dag Michalsen ved Det juridiske fakultetet.

MEIR JURIDISK FORSKING: Jussdekan Dag Michalsen ber Forskingsrådet om å satsa endå meir på juridisk forsking.

Foto: Ola Sæther

Denne månaden overtok Dag Michalsen stafettpinnen etter Hans Petter Graver som dekan ved Det juridiske fakultetet på Universitetet i Oslo. Fleire vil seia det er som å hoppa

Fakta om Dag Michalsen:

Fødd i 1957.

Professor i rettshistorie frå 1997. Professor II i rettsvitskap ved Det juridiske fakultetet i Tromsø frå 1997.

Leiar, forskargruppa Rett, samfunn og historisk endring, ved UiO.

Tildelt UiOs formidlingspris saman med Ola Mestad i 2014 for mellom anna seksbandsverket om Grunnlova.

Prosjektleiar, Offentlighet og ytringsfrihet i Norden, 1815–1900, UiO: Norden.

Dekan ved Det juridiske fakultet frå 1. januar 2016.

etter Wirkola, men Dag Michalsen synest ikkje det er noka ulempe å overta dekanvervet etter Hans Petter Graver.

– Nei, som personar er me noko forskjellige. Kanskje eg er meir direkte enn det forgjengaren min var. Eg er svært nøgd med arbeidet Graver har gjort som dekan. Han har vore veldig god til å profilera fakultetet, og eg overtar ein veldriven og god organisasjon, understrekar Dag Michalsen.

Medan den avgåtte dekanen kom frå Institutt for privatrett, kjem Dag Michalsen frå Institutt for offentleg rett.

– Me prøver heile tida å alternera dekanvervet mellom dei ulike institutta. Sidan eg i mange år har drive med rettshistorie, kjenner eg også godt til privatretten.

– Forskingsrådet har ikkje prioritert juridisk forsking

Jussdekanen er ikkje særleg nøgd med måten Forskingsrådet har handsama juss på.

– Nei, det ser ikkje ut til at dei har prioritert juridisk forsking, endå så viktig det er for samfunnet å få svar på mange juridiske og rettspolitiske utfordringar. Difor har me tatt kontakt med dekankollegaene i Bergen og Tromsø for at me saman skal leggja press på Forskingsrådet, slik at dei kan oppretta eit eige program for juridisk forsking. Det er eit stort gap mellom behovet for juridisk forsking og det faktum at den juridiske forskinga ikkje blir godt nok anerkjent av dei offentlege styresmaktene i dag. Mangelen på juridisk forsking gjer at det ikkje er mogleg å leggja fram vitskapleg baserte funn om juridiske endringar som skjer i samfunnet. 

Difor brenn Dag Michalsen etter å få visa fram kor samfunnsrelevant jussfaget er. 

– Etter klimaavtalen i Paris vil det koma opp mange juridiske problem i samband med reguleringa av klimaspørsmålet. Også når det gjeld mottakinga av flyktningar, finst det mange juridiske problemstillingar som må løysast. Det same gjeld handelssamband mellom store aktørar på forskjellige kontinent. For oss er det svært viktig å få utvikla endå meir kunnskap på desse områda. Difor var folk frå fakultetet vårt med i den norske delegasjonen under klimamøtet i Paris. Dessutan driv me utstrekt samarbeid med andre juridiske fakultet i og utanfor Norden, peikar han på.

No har Dag Michalsen blitt leiar for forskingsprosjektet «Offentlighet og ytringsfrihet i Norden, 1815–1900». Det er ein del av den tverrfakultære satsinga UiO har på Norden.

– Korleis vil du klara å kombinera denne forskinga med vervet som dekan?

– Det var svært flott å få det prosjektet. Men det går nok å kombinera det prosjektet med vervet som dekan.

– Skal utvikla juss som profesjonsstudium

No lovar han også ei endå større satsing på å utvikla jusstudiet i samband med UiOs utdanningsår 2016. – Me har gjort eit strategisk val om at me skal halda fram med å utvikla juss som eit profesjonsstudium. Difor vil me ikkje innføra 3+2-modellen, med bachelorgrad, fylgd av masterstudium. Dei som kjem inn på jusstudiet, skal ta eit fullstendig jusstudium, slik at dei fullt og heilt kan kalla seg juristar etter avslutta studium.

– Så det vil ikkje bli mogleg å koma inn på andre studium på UiO, og så hoppa over på jusstudiet?

– Nei, og det ville dessutan ha vore urettferdig overfor dei som har kome inn på profesjonsstudiet på svært strenge vilkår. Høgskulane kan halda fram med å tilby bachelor i juss, men arbeidsmarknaden etterspør folk med profesjonsstudium i jus. Og me skal halda fram med å tilby juristar til arbeidsgjevarar både i rettsvesenet, det private og i det offentlege garanterer Dag Michalsen. – Ei viktig oppgåve for oss blir å halda fram med å styrkja arbeidet med å gjera læringsmiljøet på juss endå betre, legg han til. 

– Fungerer fint med konsensus om dekankandidat

Dag Michalsen vedgår at han har hatt det fint som jussprofessor. – Men eg følte at eg kunne gjera noko meir for Det juridiske fakultetet. Difor sa eg ja då førespurnaden kom, om eg ikkje kunne tenkja meg å overta vervet som dekan. Sjølve valet skjer gjennom ein valkomité som er sett saman av forskarar frå heile fakultetet. Difor har det aldri vore tradisjon på Det juridiske fakultetet for å ha dekanval mellom fleire kandidatar. Personleg ville eg ikkje hatt noko imot det, men til no har systemet med å koma fram til konsensus om ein kandidat til dekanvervet, fungert fint, tykkjer han.

Jussdekan Dag Michalsen får også tid til å lesa andre bøker enn Noregs lover. – Eg er nyleg ferdig med diktsamlinga «Lover» av Øyvind Rimbereid. Den er veldig flott. Dessutan høyrer eg på klassisk musikk innimellom lesinga av bøker om juss og samfunn.

 

 

 

Emneord: Juss, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere