Foreslår eit felles forvaltingsorgan for høgare utdanning

Fleire einingar i universitets- og høgskulesektoren kan bli slått saman til eitt stort forvaltingsorgan for høgare utdanning. Det foreslår Gjedrem-utvalet som la fram tilrådingane sine i ettermiddag.

MEIR EFFEKTIVITET: Gjedrem-utvalet tilrår eit nytt forvaltingsorgan for høgare utdanning. Utvalsleiar Svein Gjedrem trur det kan gi mindre styring i smått og meir styring i stort. Til høgre sit kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som hadde tinga rapporten frå Gjerdrem-utvalet.

Foto: Ola Sæther/Uniforum

Det nye forvaltingsorganet skal også overta forvaltingsoppgåver og etatsstyringa av universitet og høgskular frå Kunnskapsdepartementet, om det går slik som utvalsleiar Svein

Dette er Gjedrem-utvalet:

Utvalet blei sett ned i april 2015. Mandatet var  å få vurdert organiseringa av oppgåvene i sektoren og arbeidsdelinga mellom departementet og underliggjande organ og verksemder.

Medlemar:

Svein Gjedrem, sentralbanksjef og leiar for Noregs Banks hovudstyre i perioden 1999-2010. Departementsråd i Finansdepartementet i perioden 1996-1998 og 2011-2015.

Sven Ole Fagernæs, regjeringsadvokat i perioden 1994-2015. Har også vore konstituert departementsråd i Justis- og politidepartementet.

Gjedrem og utvalsmedlem Svein Ole Fagernæs vil ha det. Då Svein Gjerdrem overrekte rapporten til kunnskapsminister Torbjørn Rød Isaksen i dag, peika han på at det finst mellom 40 og 45 mindre einingar med forvaltingsoppgåver innanfor høgare utdanning utanom universiteta, høgskulane og fylkesmennene.

Små organ får felles forvalting

– For meg er det unaturleg at organ som Meteorologisk institutt og Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) skal liggja under Kunnskapsdepartementet, sa Svein Gjedrem. Først og fremst vil det vera mindre organ som til dømes Artsdatabanken, BIBSYS, CRistin, F-SAT, Nasjonalt senter for realfagsrekruttering og Noregsuniversitetet som skal leggjast under eit felles forvaltingsorgan. Dessutan skal det altså ta seg av etatsstyringa av universiteta og høgskulane. Eit felles kjenneteikn for desse organa er at dei både har administrative og forvaltingsmessige oppgåver. Eit organ som Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) bør samtidig reindyrkast som eit kvalitetsorgan, ifylgje utvalet.

Ei anna tilråding er at IKT-senteret blir ein del av Utdanningsdirektoratet. Samtidig bør talet på nasjonale senter for grunnopplæring reduserast. I tillegg vil Gjedrem-utvalet flytta etatstyringa av Statped frå Utdanningsdirektoratet til Kunnskapsdepartementet. Eit anna organ som no kan stå framfor ei endring, er Senter for internasjonalisering av utdanning.

– KD skal bli fagleg sekretariat for statsråden

– Me meiner departementet må reindyrkast som fagleg sekretariat for statsråden. Derfor bør forvaltingsoppgåver, tenesteproduksjon og tilsyn leggjast til underliggjande verksemder, sa Svein Gjedrem. Bakgrunnen for vurderinga er at utvalet meiner departementet har for mange små underliggjande einingar med uklar arbeidsfordeling og det er for mange forvaltingsoppgåver i departementet. Utvalet ynsker mindre bruk av aksjeselskap og styre i sektoren. – Det bør berre vera styre for desse mindre organa, dersom det blir gjort ei god grunngjeving av behovet, meinte Gjedrem.

Innanfor forskingssektoren har ikkje Gjedrem-utvalet kome med forslag til endringar.

–Det viktigaste no blir at det blir mindre styring i smått og meir styring i stort, understreka Svein Gjedrem.

– Ikkje alle tilrådingane blir gjennomførte

–Det som er absolutt sikkert er at ikkje alle tilrådinga til utvalet blir gjennomførte, sa Torbjørn Røe Isaksen då han tok imot rapporten.  Me har heller ikkje tatt stilling til nokre av dei konkrete forslaga enno. Frå vår side var grunnen til at me sette ned dette utvalet at me ville finna ut korleis ressursane våre kan utnyttast betre,  understreka Røe Isaksen.

– Ser ikkje fordelane

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er ikkje svært entusiastisk for tilrådingane til Gjerdrem-utvalet.

– Ettersom eg forstår vil dette seia at det blir eit administrativt mellomledd mellom Kunnskapsdepartementet og universitet, høgskular og fagskular. Endringane som blir føreslegne er jo ganske så gjennomgripande og eg kan ikkje straks sjå kva synergiar  og fordelar ei slik omorganisering vil gi, synest Ole Petter Ottersen, men han vil gjerne sjå nærare på dette.

– Kan mista direkte kontakt med den politisk leiinga

 Han fryktar at nærkontakten med den politiske leiinga kan bli dårlegare.

– Endringane kan lett føra til at me mistar den direkte kontakten med den politisk leiinga i vårt eige departement. Det at me har ein slik direkte kontakt er bra for alle partar og er noko dei utanlandske kollegane våre misunner oss, slår han fast.  Ottersen er difor glad for at forslaga berre er forslag og ikkje ein endeleg konklusjon.   

–Så eg er glad for at statsråden var tydeleg på at dette er eit utgangspunkt for diskusjon og ikkje ein fasit. Eg ser fram til ein inngåande diskusjon om desse forslaga og går utifrå at universitet og høgskular bli inviterte i denne diskusjonen, saman med UHR (Universitets- og høgskulerådet/red.merknad)  og alle dei andre institusjonane som kan bli omfatta.

– I for stor grad prega av behovet for styring

–Så vil eg føya til at utgreiinga  i for stor grad er prega av Kunnskapsdepartementets behov for styring og i for liten grad av behova til sektoren.  Ei rekkje av dei tiltaka som blir omtalte hadde sitt utspring i  behova til universiteta, som  så utvikla seg og vaks til nasjonale løysingar, slik som til dømes Felles Studentsystem (FS),  og som har resultert i gode løysingar for heile sektoren. Det har vore vellykka på grunn av nærleiken til brukarane og sektoren sin vilje til å samarbeida og dela på løysingar nasjonalt, meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Rapporten til Gjedrem-utvalet skal no sendast ut på høyring.

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. jan. 2016 15:58 - Sist endra 18. jan. 2016 16:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere