Rettar forskarblikket mot Russland, Kina og Sør-Afrika

Fem toppforskingsmiljø frå UiO skal samarbeida med forskarar frå mellom anna Russland, Kina, Sør-Afrika og USA med pengar frå Forskingsrådet. – Det er eit fantastisk høve til å vidareutvikla vårt internasjonale nettverk, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth.

SAMARBEID MED KINA OG RUSSLAND: – For oss er dette viktig, for det er med på å byggja opp senteret vårt sitt renommé som verdsleiande på pestforsking, seier Nils Christian Stenseth. Senteret hans har fått 4,5 millionar til å vidareutvikla det internasjonale nettverket i forsking på pestbakteriar.

Foto: Ola Sæther

Alle dei fem toppforskingsmiljøa har fått økonomisk støtte frå forskingsprogrammet Internasjonal partnarskap for framifrå utdanning og forsking (Intpart). Det blei danna av

Desse forskingsmiljøa ved UiO har fått pengar frå forskingsprogrammet INTPART 2015:

Institutt for klinisk medisin, Ole A. Andreassen, for samarbeid med USA

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing), Elizabeth Lanza, for samarbeid med Sør-Afrika

Institutt for biovitskap, Nils Chr. Stenseth, for samarbeid med Kina og Russland

Institutt for informatikk, Sundeep Sahay, for samarbeid med India

Fysisk institutt, Anders Malthe-Sørenssen, for samarbeid med USA

Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU) våren 2015. Nitten forskingsmiljø frå heile landet fekk tildelt dei 70 millionar kronene som låg i potten.

– Døropnar

Fem av forskingsmiljøa høyrer altså til ved Universitetet i Oslo. Eitt av dei er Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES), som blir leidd av biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. Han er svært nøgd med at senteret får tildelt rundt 4,5 millionar kroner over tre år for å kunna driva med oppbygging av eit nettverk av forskarar frå Russland og Kina.

– Reint økonomisk har ikkje dette bidraget så mykje å seia for eit senter med eit årsbudsjett på 150 millionar kroner. Derimot har det mykje å seia som døropnar og som eit fint tiltak for å trekkja endå fleire yngre forskarar frå Kina og Russland til forskargruppa vår, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

Forskar på pestbakteriar

Senteret han leier har dei siste åra skapt stor merksemd internasjonalt for oppdaginga av korleis Svartedauden kom til Europa. Funna deira viste at pestbakteriane i Europa alle har sitt opphav mellom blant anna ørkenrotter i Kazakhstan og Kina. Når klimaforholda har vore gode i desse områda, har det oppstått pest i Europa i gjennomsnitt 10 til 15 år seinare. Pestbakteriane blei førde vidare til hamnebyar i Europa med handelsskip eller handelsruter langs landevegen.

– No får me pengar til å halda fram med å utvida samarbeidet med forskarar ved Det kinesiske vitskapsakademiet (CAS) i Beijing og få med oss Det militære vitskapsakademiet. Dei to kinesiske forskingsinstitusjonane har ikkje samarbeidt før, så det er det me som har vore drivkrafta for å få til, fortel Stenseth til Uniforum.

I forskingsnettverket vil senteret også gi plass til forskarar frå Aserbajdsjan og Georgia. – Dei er også viktige for forskinga vår på korleis

Fakta:

Internasjonal partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART)

Oppretta våren 2015 av Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SiU)

Nitten forskingsmiljø i heile landet har fått tildelt 70 millionar kroner over tre år for å samarbeida med forskarar i Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika (BRIKS), i tillegg til USA, Japan og Canada.

Fem forskingsmiljø frå UiO har fått tildelt pengar frå dette forskingsprogrammet.

pestbakteriane oppstår og spreier seg til andre delar av verda, fortel han.

Skal gi ph.d.-utdanning

I samarbeidet ligg det også ein utdanningsdel.

– Me skal utdanna ph.d.-studentar og integrera dei i forskinga. Dei studentane som kjem frå Kina og Russland, vil bli registrerte ved UiO som hospitantar, og på den måten kan dei også få eit fagleg utbyte av dette prosjektet. Difor håpar me at me kan få status som Marie Curie Training Site, understrekar han.

For Nils Chr. Stenseth og forskarfellane hans er det viktig å ha med Kina i dette samarbeidet.

– Dei har i lang tid drive med forsking på pestbakteriar. Når me får med oss Kina i dette nettverket, dekkjer pestforskinga vår eit område frå Stillehavet i aust til Europa i vest. For oss er dette viktig, for det er med på å byggja opp senteret vårt sitt renommé som verdsleiande på pestforsking. Difor blir det også attraktivt for både yngre forskarar og etablerte forskarar å samarbeida med oss. Forskinga vår viser at for å finna svaret på kvifor pesten kom til Europa, må me vita endå meir om kva som skjedde i Sentral-Asia. Difor må me ta prøvar frå massegraver både i Asia og Europa. Det arbeidet set me i gang no gjennom mellom anna dette forskarnettverket, fortel han.

Fleirspråksenter får utvida samarbeidet med Sør-Afrika

Medan Nils Chr. Stenseth og Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) er dei einaste av toppforskarane som har fått pengar til å etablera eit nettverk med forskarar i Russland og Kina, er Elizabeth Lanza og Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) det einaste forskingsmiljøet som har fått pengar for å samarbeida med Sør-Afrika.

UTVIDAR: Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) utvidar nettverket i Sør-Afrika. – Samarbeid med toppmiljøa i landet vil bidra til mykje spennande forsking og forskarutdanning på fagfeltet, seier senterleiar Elizabeth Lanza. (Foto: Ola Sæther)

– Dessutan er me det einaste toppforskingssenteret frå humaniora som har fått pengar frå dette forskingsprogrammet. Det er me sjølvsagt svært stolte over, seier senterleiar Elizabeth Lanza.  

MultiLing har allereie samarbeid med tre av dei fire institusjonane i søknaden; University of the Western Cape, University of Cape Town og University of the Witvatersrand. University of Stellenbosch er den nye partnaren. I mars skal det nye nettverket offisielt starta opp med eit eige arrangement nettopp ved Stellenbosch-universitetet.

– Målet vårt er å utvikla framifrå fagmiljø innanfor fleirspråklegheit både i Sør-Afrika og hos oss på Universitetet i Oslo, med særleg kopling mellom forsking og forskarutdanning. Sør-Afrika har 11 offisielle språk, og det er interessant å sjå korleis landet og folket klarer å forvalta desse språka, seier Elizabeth Lanza til Uniforum.

I Noreg er Senter for fleirspråklegheit kjent for å forska på fleirspråklegheit som eit individuelt og eit sosialt fenomen. Forskarane ser på korleis barn, unge og vaksne lærer seg og brukar fleire språk. Dei undersøkjer også korleis den fleirspråklege kunnskapen og bruken utviklar seg gjennom livet og korleis samfunnet forvaltar fleirspråklegheit.

Skal forska på det fleirspråklege

I Sør-Afrika vil MultiLing arbeida nært med forskarar og studentar frå dei fire universiteta Stellenbosch, University of the Western Cape, University of Cape Town og University of the Witvatersrand.

– Samarbeid med toppmiljøa i landet vil bidra til mykje spennande forsking og forskarutdanning på fagfeltet. Midlane skal gå til å dekkja sommarkurs og utvekslingsopphald. Me satsar også på administrativt samarbeid og erfaringsutveksling mellom UiO og dei sørafrikanske institusjonane, seier ho.

Til saman søkte forskingssenteret om 4,5 millionar kroner fordelte over tre år.

– For oss er desse pengane viktige for å kunna få bygt opp eit nettverk saman med språkforskarar frå Sør-Afrika. Planen vår er at me også vil etablera eit engelskspråkleg mastertilbod i fleirspråklegheit i samarbeid med Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Glade for støtta

Forskingssenteret MultiLing skal leia samarbeidet frå Universitetet i Oslo.

– No begynner arbeidet med å leggja opp ein plan for det vidare arbeidet med dette nettverket. Me er svært glade for at me har fått denne økonomiske støtta frå Forskingsrådet og SiU. Og difor er me svært takksame for den hjelpa me fekk med søknadsarbeidet frå Seksjon for forsking, utdanningsstøtte og internasjonalisering ved UiO, seier senterleiar Elizabeth Lanza.

Regjeringa har styrkt dette forskingsprogrammet med 13 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2016. Det er administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet glad for.

– Me er svært nøgde med resultata av den første utlysinga og at Kunnskapsdepartementet ser verdien av å styrkja ordninga ytterlegare, som føreslått i statsbudsjettet for 2016, seier Arvid Hallén i ein kommentar på nettsidene til Forskingsrådet.

Neste år vert det ny utlysing, og søknadsfristen blir i mai, går det fram av nettsidene til Forskingsrådet.

 

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Sør-Afrika, Russland, Kina, Forskning Av Martin Toft
Publisert 11. nov. 2015 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere