Noreg på niandeplass over land med flest nobelprisvinnarar

Noreg er på niandeplass over dei nasjonane som har fått flest vitskaplege nobelprisar sidan år 2000. Lista blir toppa av USA, viser eit oversyn frå Times Higher Education.

DRAR NOREG OPP: Ekteparet Maj-Britt og Edvard Moser fekk tildelt Nobelprisen i medisin i 2014. Saman med vinnaren av Nobels minnepris i økonomi i 2004, Finn E. Kydland, fører dei Noreg til niandeplass over land med flest nobelprisvinnarar sidan år 2000. (Arkivfoto)

Foto: Kristoffer Furberg i Universitetsavisa

Det er truleg Nobelprisen i medisin til ekteparet Maj-Britt og Edvard Moser frå NTNU i fjor og Nobels minnemedalje i økonomi til Finn E. Kydland frå Noregs handelshøgskule  i

Universitet med flest nobelprisvinnarar sidan år 2000:

1.Stanford-universitetet, USA

2.Columbia-universitet, USA

3.Berkeley-universitetet, USA

4.Princeton-universitetet, USA

4. Chicago-universitetet, USA

6.Howard Hughes Medical Institute, USA

7.Santa Barbara-universitetet, USA

8.Massachusetts Institute of Technology, USA

8.Technion-Israel Institute of Technology

10.Max Planck Society

2004 som har ført til at Noreg er på niandeplass over dei landa som har fått flest nobelprisar sidan 2000.

Lista blir toppa av USA, tett fylgd av Storbritannia, Japan og Tyskland. Noreg slår mellom andre både Kina og Italia, går det fram av oversynet som Times Higher Education har laga og publisert denne veka.

Sju nobelprisvinnarar frå Stanford

Hovudmålet med lista er å visa kva universitet i verda som har fått flest nobelprisvinnar sidan år 2000.  Stanford-universitetet i USA toppar rangeringa med sju nobelprisvinnarar.

På andre- og tredjeplass fylgjer Columbia-universitetet og Berkeley-universitetet.  Dei einaste ikkje-amerikanske universiteta på ti-på-topp-lista er Technion-instituttet i Israel og Max Planck Society-instituttet i Tyskland på høvesvis delt åttandeplass og tiandeplass.

Ingen britiske universitet er altså med på denne eksklusive lista, sjølv om Storbritannia er på andreplass over dei mestvinnande landa.

Land med flest nobelprisvinnarar sidan år 2000:

1.USA, 71

2.Storbritannia, 12

3.Japan, 13

4.Tyskland, 7

5.Israel, 5

6,Frankrike, 4

6.Russland, 5

8.Australia, 3

9.Noreg, 3

10.Belgia, 2

10.Kina, 2

10.Italia, 2

Times Higher Education gir ulik verdi til dei vitskaplege nobelprisane etter kor mange vinnarar det er for kvar pris. Difor ligg til dømes Japan bak Storbritannia, sjølv om landet har fleire vinnarar. Det same er tilfellet med Russland som har fem, medan Frankrike har fire. Vinnarar av Nobels litteraturpris og Nobels fredspris er ikkje tatt med på denne lista.

 Heller ikkje Harvard-universitetet er mellom dei ti universiteta som har flest nobelprisvinnarar. Men det plasserer seg på ein respektabel 11.plass.

71 nobelprisvinnarar kjem frå USA

Til saman er det delt ut 146 nobelprisar sidan år 2000. 71 av prisane er gått til USA.  I 2006 gjekk alle dei vitskaplege nobelprisane til

 USA.  Vinnarane av Nobels fredspris og Nobels litteraturpris er altså ikkje inkluderte i denne analysen.

Viser fram eliteklassen

Phil Baty er redaktør for universitetsrangeringar hos Times Higher Education.  Han synest den nye lista gir ein god illustrasjon av kva universitet som satsar på å vera i teten i forskinga.

– Oversynet gir eit raskt bilete over universiteta som spelar i eliteklassen, og som derfor trekkjer til seg og kan ta vare på dei aller beste forskarane i verda. Det er også desse universiteta som er villige til å gi sine vitskaplege tilsette både den fridomen og den støtta som skal til for at dei skal kunna utnytta alle evnene sine for fullt.  Det er ikkje overraskande at USA dominerer denne lista, uttaler han i ei pressemelding frå Times Higher Education.

Austasiatiske universitet har store utfordringar

Etter hans oppfatning er det mest uventa at dei austasiatiske universiteta ikkje gjer det betre, trass i den oppturen dei har hatt på rangeringa over verdas beste universitet.  Han trur også at han veit grunnen til det.

 – Dei har framleis store utfordringar når det gjeld å gi næring til kreativiteten, fridomen og den originale tenkinga som kan føra til grensesprengande vitskaplege oppdagingar, meiner han.

Åtvarar Storbritannia mot kutt

Phil Baty åtvarar også Storbritannia mot å kutta meir i forskingsbudsjetta og å vera oppteken av kortsiktige mål.

– Kan det vera grunnen til at britiske forskarar ikkje har nok armslag til å tenkja stort? spør han.

Rangeringa over verdas beste universitet blir publisert av Times Higher Education i månadsskiftet september/oktober, går det fram av meldinga frå det britiske forskingsmagasinet.

Les meir:

Stanford top university for producing Nobel laureates

 

(Kjelder: Times Higher Education, Wikipedia, Uniforum)

 

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning, Internasjonalisering, Priser Av Martin Toft
Publisert 6. aug. 2015 18:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere