– Glad for at det gjekk bra med vektaren

–  Det mest alvorlege er at det blei skote på ein vektar. Heldigvis er han ikkje alvorleg skadd, og det er me svært glade for, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.

STENGDE NEDRE BLINDERN: Politiet stengde av Nedre Blindern medan dei undersøkte den bombeliknande gjenstanden. Klokka 12.00 var gjenstaden destruert og faren over på Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Det var klokka tre i natt politiet fekk melding om at det blei skote på ein vektar like ved Fysikkbygningen på Nedre Blindern. Då politiet kom til staden, fann dei også ein bombeliknande gjenstand i nærleiken av bygningen.

Dermed blei heile Nedre Blindern, og seinare også Blinder T-banestasjon og Helga Engs hus sperra av. UiO bad folk og studentar som har arbeidsplass eller studieplass i desse bygningane om ikkje å koma.  Dei som var på jobb, måtte dra heim igjen.

Rundt klokka 12 i formiddag kunngjorde politiet at dei hadde uskadeleggjort den bombeliknande gjenstanden. Den var heilt lik ei bomba, men den mangla sprengstoff.

– Den bombeliknande gjenstanden ser ut som ei bombe, og formålet er å skremma folk, sa stabssjef Johan Fredriksen på Oslo politidistrikts pressekonferanse på Grønland politistasjon tidlegare i ettermiddag.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ser svært alvorleg på det som skjedde på Universitetet i Oslo i dag.

– Det mest alvorlege er at det blei skote på ein vektar. Heldigvis er han ikkje alvorleg skadd, og det er me svært glade for, seier ho til Uniforum.

Beredskapsgruppa sat saman

Funnet av ein bombeliknande gjenstand  utanfor Fysikkbygningen var også ein tøff beskjed å få.

– Heile beredskapsgruppa ved UiO har sete saman i dag medan politiet hadde sperra av Nedre Blindern og Blindern T-banestasjon. Frå første stund hadde med eit nært samarbeid med leiinga for Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

– Me gav tidleg melding til dei som arbeidde i dei avsperra bygningane at dei ikkje trengte å koma på jobb i dag. I tillegg bad med dei som var komne på jobb om å dra heim igjen. Etter at også området rundt Helga Engs hus blei sperra av, bad me også både studentar og tilsette i den bygningen om å evakuera,  fortel ho.

Bjørneboe seier seg lei for at det gjekk ut  over dei som var i ferd med å ta ein eksamen.

– Me hadde ikkje noko anna val, og dei får høve til å ta den eksamenen seinare, understrekar ho.

– Nøgde

– Korleis er du nøgd med samarbeidet med politiet i denne krisesituasjonen?

– Både UiO-leiinga og politiet er gjensidig nøgde med måten samarbeidet har gått føre seg på.

– Nokre av dei tilsette etterlyser meir informasjon om det som har skjedd frå UiO-leiinga. Kva svarar du på det?

– Under ei slik hending vil det alltid vera sånn at folk føler at dei ikkje får nok informasjon. Det vil me sjølvsagt ta lærdom av. Det er viktig at me først får eit oversyn over situasjonen før me kan gå ut med rett informasjon som er stadfesta av politiet, understrekar Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Politiet har no fjerna alle sperringane på Nedre Blindern, og alle bygningane i området er no opna igjen. opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

No etterlyser politiet personar som kan ha sett noko som kan vera interessant for politiet i den vidare etterforskinga. Dei som meiner dei har viktig informasjon kan ringja til politiets tipstelefon 22 66 96 00.

(Oppdatert kl. 15.41)

Av Martin Toft
Publisert 5. aug. 2015 14:44 - Sist endra 5. aug. 2015 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere